Image

Arbeidsplan for perioden 2017-2018

Styrke den lokale aktiviteten

Den lokale aktiviteten er grunnmuren for Noregs Ungdomslag. Ei styrking av denne aktiviteten vil styrke Noregs Ungdomslag som ein nasjonal kulturorganisasjon.

Mål for perioden 2017-2018:
  • Etablere instruktørkursa som eitt attraktiv opplæringstilbod, slik at laga får fleire og meir skolerte instruktørar.
  • Gjesteinstruktørordninga skal vere kjent for fleire lokallag, slik at dei kan få instruktørar heim til laget.
  • Folkepedia skal vere etablert som ein ressurs for den lokale aktiviteten.
  • Huset i Bygda skal utvidast med prosjektleiarstillingar i fleire fylke.
  • NU kulturformidling og Huset i Bygda skal vere etablert som ein nasjonal ressursbank for lag med eigne hus.

Styrke nettverket mellom ungdomslaga på lokalt, regionalt, nasjonalt og nordisk nivå

Ungdomslaga sitt arbeid tek utgangspunkt i lokalmiljøet sitt særpreg og behov. Laga må oppleve eit fellesskap på tvers av geografiske og faglege linjer, slik at samhøyrigheita i organisasjonen blir styrka. Fleire stader fungerer ikkje fylkeslaga optimalt som eit samarbeidsorgan for laga, og dette er ei utfordring som lokallaga må ta tak i.

Mål for perioden 2017-2018:
  • Alle lokallaga skal ha fått tilbod om besøk frå sentralleddet og fylkeslaget.
  • Bruke besøksrunden som eit verktøy for å avklare laga sine behov for dei fylkeslaga som ikkje fungerer optimalt.
  • Bruke besøksrunden som eit verktøy for å auke samarbeidet og informasjonsutvekslinga mellom lokallaga, og mellom lokallaga og fylkeslaget
  • Sommarleiren skal vere den viktigaste sentrale tilskipinga og skal prioriterast høgt i arbeidsperioden. Sommarleiren skal vere ein attraktiv møtestad for ungdomsmedlemmene, og nærme seg ei langsiktig målsetjing om 220 deltakarar i 2020.
  • Nordlek skal vere ein attraktiv møtestad for folkedansgrupper og -lag.

Auke opplæringsaktiviteten 


Ungdomslaga har lange tradisjonar for opplæring innanfor folkelege kulturtradisjonar og organisasjonsdemokrati. Samtidig går studiestatistikken for ungdomslaga nedover. Opplæringsaktiviteten må̊ bli styrka, slik at aktiviteten lokalt også̊ kan auke.

Mål for perioden 2017-2018:
  • Gjesteinstruktørordninga skal profesjonaliserast og profilerast, og knyte til seg fleire instruktørar.
  • Gjennomføre fire instruktørkurs på dans og teater kvart år. Instruktørkursa skal treffe både dei som er nye og dei som treng vidareutdanning. Kurs for barneinstruktørar skal prioriterast dersom det er behov for det.

Styrke demokratiarenaene 


Dårleg oppmøte på årsmøta på fylkes- og sentralplan medfører at vedtak som blir fatta ikkje er representative, og NU blir i realiteten ein organisasjon som er styrt av få. Medlemsdemokratiet må aukast, slik at organisasjonane med dette kan kalle seg medlemsstyrt.

Mål for perioden 2017-2018:
  • Landsmøtet skal få auka oppslutnad frå lokallaga.
  • Landsrådet skal utviklast som ein møtearena for fylkeslaga og sentralleddet.
  • Alle fylkeslag skal gjennomføre årsmøte kvart år, med auka oppslutnad frå lokallaga.

Sikre ungdomslaga som formidlarar av immateriell kulturarv 


Ungdomslaga har ei viktig oppgåve i å formidle og utvikle den immaterielle kulturarven i landet. Tradisjonane spesielt innanfor folkedans og amatørteaterarbeid er lange i ungdomslaga, og det er viktig at desse tradisjonane kan leve vidare med ungdomslaga sitt ideologiske utgangspunkt.

Mål for perioden 2017-2018:
  • NU skal vere ein tydeleg interessepolitisk aktør i samarbeidsorgan og overfor styresmaktene, for å fremje ungdomslaga sin kulturfaglege posisjon.
  • NU skal gjennom arbeidet sitt synleggjere det nynorske skriftspråket, dialektane og det språkleg mangfaldet som ein del av den immaterielle kulturarven.
  • NU skal vere den leiande folkedansorganisasjonen i Noreg.
  • Amatørteaterarbeidet skal ha ein synleg posisjon i NU.
  • NU skal vere ein tydeleg aktør i samarbeidsfora for bunadsspørsmål, for å sikre gode opplærings- og møtearenaer innanfor fagfeltet.
 

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign