Image

NORDLEK 2018 i Falun

Sommarleir for ungdom 
I forkant av sjølve Nordlek-stemnet vert det arrangert ein nordisk sommarleir for ungdom mellom 13-25 år. Leiren finn stad på same område som Nordlek-stemnet skal vera i tidsrommet laurdag 7.juli til måndag 9.juli. 

Nordlek-stemnet 
Når den nordiske sommarleiren er godt i gang er det klart for sjølve Nordlek-stemnet. Det heile byrjar tysdag 10.juli og så går det slag i slag fram til sundag 15.juli. Det aller meste av programmet vil vera på Lugnet, eit stort område med alle fasilitetar tilrettelagt for dans, spel og sosialisering. Her har det mellom anna vore arrangert ski-VM og mange andre store tilskipingar. 
NORDLEK 2018 har tema polskor, noko me kjem til å få merke i løpet av veka med mellom anna polskakurs kvar dag. 

Program 
Det er planlagt eit rikhaldig program for veka i Falun. Som vanleg vert det mange ulike workshops, fridans, nordisk bal, dansetevling, stemnetog, utflukter, familieaktivitetar og mykje meir. 
Nytt av året er at det vil vera ekstra vekt på musikken rundt stemnet. Fleire grupper og spelemannslag har allereie meldt at dei kjem, og det er framleis ope for andre grupper å melde seg.

Overnatting og reise 
Det kan vera lurt å allereie no tenke på reise og overnatting til Falun då det fort vert fylt opp. Ein kan bu på klasserom, camping, vandrarheim eller hotell. Det er også gode kollektivforbindelser til Falun med tog og buss. 

Påmelding til både Nordisk sommarleir og NORDLEK 2018 publiserast på www.nordlek2018.se i starten av 2018. 

Ønskjer du å bidra som friviljug på stemna er registreringa for dette allereie opna på same nettstad. 

Meir informasjon om NORDLEK 2018 og Nordisk Sommarleir vert kontinuerlig lagt ut på den offisielle nettstaden: www.nordlek2018.se, så følg med der. 

Generelle spørsmål om NORDLEK 2018 kan rettast til Ulf Svensson:

e-post: ulf.h.svensson@folkdansringen.se 
telefon: +46 703300138

 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign