Image

Instruktørkurs med fordjuping i turdans 13.-14.januar 2018

Påmeldingsfrist onsdag 20.desember kl. 23:00 via deltager.no.

I samarbeid med Eidsiva fylkeslag, BLS og SAFFA skipar Noregs Ungdomslag til eit nasjonalt instruktørkurs med fordjuping i turdans i Skjetten helga 13.-14.januar 2018.

Instruktørkurset går over 12 timar laurdag og sundag og skjer parallelt med SAFFA-kurset. Meir om SAFFA sitt kurstilbod kan du lese her: www.saffa.no.

Om kurset:
På dette instruktørkurset står turdans som dansefamilie i sentrum. I løpet av kurset skal me dukke ned i det varierte steg- og rytmemønsteret som dansane har og setje dei ulike turdansgruppene i ein stilhistorisk samanheng. I tillegg vil ein få lære metodar for å læra bort og leia turdans, samt få verktøy til å arbeide vidare med turdansar ein finn i turdansboka.
Alle kursdeltakarane skal få høve til å instruere ein dans og få tilbakemeldingar på dette. På den måten vil me få eit stort og representativt repertoar å arbeide med.

Om instruktøren:
Instruktør på kurset er Tor Stallvik. Tor er ein særs erfaren instruktør som har hatt mange dansekurs og eit fleirtal instruktørkurs opp gjennom åra. Han er ein av dei med aller mest kompetanse kring dansefamilien turdans og han var mellom anna med på å setje i stand Turdansboka. Tor er ein reflektert instruktør som me alle har mykje å lære av.
Musikar på kurset er felespelar Tonje Lien Barkenæs.

Målgruppe:
Kurset er for deg som har dansa ein del eller mykje og vil bli eller allereie er instruktør. Det er ein fordel om du har noko erfaring med turdans frå før, men ikkje eit krav. Det kan vera lurt å gjera seg litt kjend med boka ”Norske folkedansar – Turdansar” i forkant av kurset.

Kurstider:
Laurdag 09:00-17:00
Sundag 10:00-15:00
(Med atterhald om endringar).
Kurslokale:
Quality Hotel Olavsgaard, Hvamstubben 11, 2013 Skjetten.

Prisar:
Kun kurs 1000,-
Kurs med middag laurdag 1100,-
Kurs med overnatting i enkeltrom fre-sun 3300,-
Kurs med overnatting i enkeltrom laur-sun 2200,-
Kurs med overnatting i dobbeltrom fre-sun 2400,-
Kurs med overnatting i dobbeltrom laur-sun 1800,-
Lønsj og kaffi/frukt begge dagar er inkludert i kursprisen.
Ved bestilling av overnatting er i tillegg til kurs og lunsj også middag og overnatting inkludert.

OBS: prisane over gjeld for medlemer i Noregs Ungdomslag. Ikkje-medlemer betaler eit påslag på 500,-. Dersom du ynskjer å bli medlem i NU kan du ta direkte kontakt på solveig@ungdomslag.no før du fullfører påmeldinga.


Påmelding:
Påmelding til instruktørkurset skjer via www.deltager.no/instruktorkurs_turdans. Kurset har eit begrensa antal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist er onsdag 20.desember kl. 23:00.

Spørsmål ang. kurset kan rettast til solveig@ungdomslag.no.


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign