Image

Konkurransereglar

I denne landsomfattande kunnskapstevlinga testar vi allmennkunnskapen vår. Kvart år vert det i tillegg valt eit eige tema som deltakarane kan førebu seg spesielt til gjennom eit eige studiemateriell. Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakarlaga på spørsmål som dei får tilsendt frå Noregs Ungdomslag. Det er flest allmenne kunnskapsspørsmål. Det kan og kome spørsmål om Noregs Ungdomslag.


Aldersgrupper

Junior Kven Veit? er for deltakarar under 14 år og Kven Veit? er for deltakarar over 14 år. 



Lokal tevlingsleiar


  • Kvart ungdomslag/skule som er med må ha ein tevlingsleiar som skal ha ansvaret for gjennomføringa av dei tre tevlingsrundane lokalt.
  • Tevlingsleiaren er kontaktperson for laget, og får tilsendt studiemateriell frå Kven Veit-sekretariatet.
  • Tevlingsleiar får tilsendt spørsmåla før kvar tevlingsrunde og skal returnere dommarskjema til Kven Veit-sekretariatet dagen etter at tevlinga er gjennomført lokalt.

Dommar

  • Laget/skulen oppnemner minst 1 konkurransedommar som skal ha tilsyn med at tevlingsrundane vert gjennomførde etter reglane.
  • Dommaren skal passe på at tevlingsleiaren opnar rett konvolutt, med spørsmål.
  • Dommaren skal kontrollere svara frå gruppene mot fasitsvara og føre poengsummen inn på dommarskjema.
  • Det kan vere forskjellige dommar til kvar runde.



Tevlingsgrupper

  • Kvart deltakarlag/skule kan stille med fleire grupper, men gruppene må ha dei same deltakarane gjennom heile tevlinga..
  • Gruppene i Kven Veit? kan ha inntil 5 deltakarar. I Junior Kven Veit? kan ha 7 deltakarar i tevlingsgruppene. 
  • Deltakarlaga i Junior Kven Veit? kan søkje om dispensasjon for alderskravet for inntil 2 deltakarar per tevlingsgruppe. Ingen deltakar kan likevel vere eldre enn 16 år (10. klasse). Søknad må sendast inn før tevlinga startar.


Tevlingsrundane

Tevlingsrundane gjennomførast lokalt av ungdomslaget/skulen i veke 7, 11 og 14 (ikkje ein bestemt dag).

Tevlingsleiaren skal gå gjennom reglane med deltakarane før spørjerundane tek til. Han/ho må og passe på at alle gruppene har nok kladdepapir.
 Kvar gruppe skal få utdelt svarsetlar og eit svarark. Dei skriv gruppenamn- og nummer på kvar setel og svarark. Tevlingsleiaren les spørsmåla i kategorien høgt.

Gruppene får to minutt til å svare, om ikkje anna er nemnt på spørsmålsarket. Straks tida er ute, skal svarsetlane samlast inn og leverast dommarane. Deretter kan ein la gruppene svare munnleg på spørsmåla. Det er ikkje tillate å bruke hjelpemiddel i spørjerundane. Dersom ein ynskjer kan ein gjennomføre tevlinga ved at gruppene skriv svara rett på svararka og at ein leser opp svara når alle kategoriar er gjennomført.

Tevlingsleiaren avgjer om han/ho vil vente med å lese neste spørsmål til dommaren har kunngjort poengtala for svaret, men rutinane bør vere like gjennom heile tevlingsrunden. Når tevlingsrunden er gjennomført leverer kvar gruppe alle sine svar inn på eit svarark som samlar alle svara frå runda. Dommaren må sjekke at svararket stemmer med svarsetlane. Dommaren skal saman med tevlingsleiaren skrive under på dommarskjemaet og gå god for at tevlingsrunden er utført i samsvar med reglane. 



Innsending av svar og poeng

Dommarskjema og svararket (ikkje svarsetlane frå kvar kategori) frå alle gruppene skal sendast samla til Kven Veit-sekretariatet dagen etter kvar runde. Dersom ein ynskjer kan svarark og dommarskjema scannast og sendast på e-post til husetibygda@ungdomslag.no 

 

Protestar

Evt. protestar skal vere skriftlege, og må sendast inn saman med svara.

Resultat etter kvar tevlingsrunde vert presentert på www.ungdomslag.no/kvenveit. Det beste laget i kvar klasse etter tre tevlingsrundar vert kåra som vinnar. 




Tilskot til studiering


Deltakargruppene i Kven veit? kan melde tiltaket inn som opplæringstiltak til Studieforbundet kultur og tradisjon. Studieringen må vere samla i minst 8 timar, og kurset blir godkjent når minst tre av deltakarane over 14 år har 75 prosent frammøte. Alle deltakarane skal stå på frammøtelista. Godkjent studieplan må være med i søknaden.

 



 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign