Årets lokallag
Kvart år deler Noregs Ungdomslag ut prisen Årets lokallag. Prisen vart delt ut fryste gong i 2023.
Bakgrunn for oppretting av prisen er styret sitt ønskje om å heidre og framsnakke arbeidet lokallaga våre gjer kvar dag for å skape gode lokalsamfunn. Med prisen følgjer diplom og ein pengepremie på 10 000 kroner.
Juryen vil framheve at dei nominerte laga, gjennom gode og variererte aktivitetar, bidreg til å skape gode fritidstilbod og ikkje minst samhald og inkluderande møteplassar uavhengig av alder. Fleire av laga deltek òg aktivt i fylkeslaga.
På den måten håper vi òg at dei nominerte laga kan tene som inspirasjon for andre lag.
