Tilskotsordningar
Som medlem i NU har laget dykkar moglegheit til å søke om økonomisk støtte til prosjekt.
Gjennom støtteordningar som Frifond og andre midlar, kan du få økonomisk støtte for å setja i gang det du brenn for. Kanskje det er eit kulturelt arrangement, eit kurs, eit samfunnsprosjekt, eller ei anna idé som styrkjer ditt lokalsamfunn?
Nokre av tilskotsordningane er avgrensa til fylke eller vern- og vedlikehald av bygg. Andre ordningar er retta mot ulike former for aktivitetar.
Er du usikker om ordninga er for laget ditt?
Mange av tilskotsordningane tenker du kanskje ikkje er noko for laget eller huset ditt? Sjå etter ein gong til!
Dei fleste tilskotsordningane har arkiv eller inspirasjonssidar med gode døme på prosjekt. Det kan lønne seg å undersøke kva andre lag har fått støtte til.
Det er lov å kopiere idear og tilpasse dei ditt lag!
Filtrer
Relevante ressursar

Korleis søke tilskot?
Kva bør du tenke på når du skal søke om tilskot til aktivitetar eller prosjekt i laget ditt?

Momskompensasjon
Har laget driftskostnadar? Alle lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag kan sende søknad om momskompensasjon. Dette er støtte til frivillige organisasjonar som har hatt meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.















