Hopp til hovedinnhold

Tilskotsordning

Momskompensasjon

Har laget driftskostnadar?

Alle lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag kan sende søknad om momskompensasjon. Dette er støtte til frivillige organisasjonar som har hatt meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

Søknadsfrist:
Kvart år 1. juli

Det er viktig at laga får refundert så mykje som mogleg. Styret i Noregs Ungdomslag har difor gjort vedtak om at vi frå og med 2023 går over frå forenkla modell til dokumentert modell. I forenkla modell fekk laga kompensert 8% prosent av dei samla utgiftene ein hadde. I dokumentert modell får laget kompensert alle momsutgiftene.

Det tek litt tid å fylle ut søknaden og vi er klare over at det blir ein del meirarbeid i søknadsprosessen, men dei fleste av våre lag vil få utbetalt ein høgare sum etter denne modellen. Søknaden for 2023 var det fyrste året Noregs Ungdomslag hadde søknad med dokumentert modell. Skifte resulterte då i over 7 millionar i momskompensasjon til våre lokallag, kontra nesten 4 millionar då vi søkte med forenkla modell.

Du finn meir informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon her.

Fleire tilskotsordningar

tilskot, søknad, midlar, prosjekt, barn, ungdom, aktivitetar

Fond for lyd og bilde

Godgjørelse til rettighetshavere for kopiering til privat bruk som skjer frå videogram og fonogram, og for å fremme produksjon og formidling av innspelingar i lyd og/eller bilete.

ARENA - tilskuddsordning for bygg og infrastruktur

Ordninga skal medverke til at det profesjonelle prosjektbaserte kunst- og kulturfeltet i heile landet innan biletkunst, scenekunst, musikk, litteratur, tverrkunstneriske uttrykk og det frie kulturvernet har tilrettelagt, berekraftig og hensiktsmessig infrastruktur for produksjon, formidling og faglag utvikling.

Momskompensasjon | Noregs Ungdomslag