Hopp til hovedinnhold

Momskompensasjonfrist: 1. juliLes meir og søk her

Rettleiing

Å drive lokallag

Det finst ikkje noko standardoppskrift på korleis ein kan og bør drive eit ungdomslag. Det viktigaste er at medlemmane alltid har siste ordet. Det er medlemmane som gjennom årsmøtet vedtek arbeidsprogram og budsjett, godkjenner årsmeldingar og rekneskap, fastset kva politiske standpunkt ungdomslaget skal ta, og som vel kven som skal styre laget.

To personar tar imot betaling på dansefest, mange dansarar i bakgrunn

Kvart ungdomslag har lover eller vedtekter som medlemmane har bestemt, som fortel kva føremålet til laget er og som legg rammene rundt engasjementet og aktiviteten i laget.

Nyttige dokument for deg som er tillitsvald

  • Årsmelding skal leggast fram for årsmøtet i laget. Oppsummerar aktiviteten og engasjementet i laget det føregåande året.
  • Rekneskap frå føregåande år som er godkjent av revisor skal også leggast fram og godkjennast av årsmøtet.
  • Arbeidsprogram eller arbeidsplan blir vedtatt av årsmøtet og fortel kva område og aktivitetar ungdomslaget skal jobbe med det kommande året.
  • Budsjett blir vedtatt av årsmøtet og set økonomiske rammer for aktiviteten og engasjementet i laget det kommande året.
  • Fråsegn (resolusjon/uttale) blir vedtatt av årsmøtet eller styret i laget og tar ofte for seg kva standpunkt laget tar i ei politisk sak.
  • Ungdomslaget har gjerne også andre styringsverktøy som prinsipprogram, langtidsprogram og styringsføresegner.

I laget sit det eit styre som er valt av årsmøtet. Eit vanleg styre er samansett av leiar, nestleiar, kasserar, skrivar, studieleiar og gjerne andre personar som har ansvar for eit spesielt arbeidsfelt. Å bli samde om kva hovudoppgåver kvar enkelt styremedlem skal ha, er eit godt tips for at styret skal fungere godt. Har alle like stort ansvar for kvar einaste oppgåve, blir ofte ingenting gjort.

Årshjulet er eit godt verktøy for eit ungdomslag. Her kan laget skrive inn viktige gjeremål og aktivitetar for åra som kjem.

I januar kallar vi inn til årsmøte, og valnemnda og styret førebur seg på dette. Denne månaden startar kanskje aktiviteten opp i dansegruppa og i ungdomsklubben. I februar blir årsmøtet halde, og første møtet i det nye styret og i nemndene. I mars startar gjerne førebuingane av program til 17. mai. I april og mai er det dugnad i ungdomshuset og så bortetter. Blir alle kjent med årshjulet blir det lettare å planlegge heile året og sjå samanhengane mellom ulike aktivitetar.

Gjennom å ta verv i eit ungdomslag, får du ei unik opplæring i demokrati, leiing og prosjektstyring og får vere med på å skape levande lokalsamfunn.

Bli ein del av Noregs ungdomslag

Som medlem i NU får laget dykkar høve til å delta på kulturelle hendingar og sosiale møtestader. I tillegg gir NU-støtte til sine medlemslag ved å utvikle og oppmode til leiarskap blant ungdom, særleg i landlege og avsidesliggjande område.

Medlemskap gir også tilgang til eit flott nettverk av menneske som er dedikerte til å halde levande lokalkultur i live.

Votering under landsmøtet i 2022
Votering under landsmøtet i 2022. Fotograf: Beate Haugtrø
Vedlikehald av ungdomshus

Søk pengar til prosjektet ditt

Som medlem i NU har laget dykkar moglegheiten til å søke om pengar. Gjennom støtteordningar som Frifond og andre midlar, kan du få finansiell støtte for å setja i gang det du brenn for. Kanskje det er eit kulturelt arrangement, eit kurs, eit samfunnsprosjekt, eller ei anna idé som styrkjer ditt lokalsamfunn.

Aktuelt blant lokallaga

Sjå alle
Lokallag

Torsdagsquiz på Leikanger ungdomshus

Er du klar for kunnskap, konkurranse og godt selskap? Frå september arrangerer Leikanger ungdomslag quiz på ungdomshuset den første torsdagen kvar måndad – alle er velkomne!

29. juni 2026

Tips oss om Årets lokallag

Veit du om eit lag som fortener å bli nominert til Årets lokallag? Send oss gjerne framlegg til kandidatar så tek vi dei med i vurderinga. Det er styret i NU som avgjer kven som kvart år blir med i den endelege avstemminga.

Fleire rettleiingar

svarte dansesko i lær
Rettleiing

Kva slags sko bør eg bruke til folkedans?

Kva slags sko er eigentleg best til folkedans? Nokre sver til tradisjonelle lærsåler, medan andre ikkje vil danse utan moderne gummisåler. Her får du hjelp til å finne skoa som passar best for deg og di dansing.

Framsida på magasinet Huset i Bygda Brannsikring
Rettleiing

Husdrift

Huset i Bygda: Brannsikring

Her finn du den digitale utgåva av magasinet Huset i Bygda: Brannsikring.