Hopp til hovedinnhold

Teater

Heilt frå starten har teaterverksemd hatt ein viktig plass i ungdomslaga og har det framleis i dag. Mellom 80 og 90 teatergrupper i NU har i dag teateraktivitet med øving, framsyning og kurs rundt om i landet.

Mange av lokallaga i NU har eigne ungdomshus som er ein viktig arena for teaterarbeidet. Både øvingar, framsyningar og premierefestar finn stad på ungdomshusa rundt om.

Det meste av teaterarbeidet i NU i dag finn stad i lokallaga. Det sentrale teaterarbeidet dreier seg om å skape nasjonale møtestader, tilby kurs og opplæring, samt samarbeide med andre teaterorganisasjonar nasjonalt og internasjonalt om ulike arrangement og prosjekt. I tillegg jobbar NU sentralt for å få så gode rammevilkår som mogleg for våre lag.

Fire barn og ungdom utkledd som geiter i framsyninga "Rockeulven" hos Bagabu UL.Fire barn og ungdom utkledd som geiter i framsyninga "Rockeulven" hos Bagabu UL.

Teaterarbeidet i NU

NU har over 150 års erfaring med amatørteaterarbeid.

Teater i NU er viktig både som arena for kulturelle og kunstnarlege uttrykk og politiske ytringar. Låge tersklar for å kunne delta, gode moglegheiter for læring og utvikling og høge krav til kvalitet i teatertilbodet er viktige rettesnorer for teaterarbeidet. (utdrag frå fagpolitisk plattform - lenke?)

I 2019 vedtok styret ein strategi for det sentrale teaterarbeidet i NU. Saman med landsmøtevedtekne langtidsprogram (lenke?) og arbeidsprogram (lenke?) peikar desse ut kva prioritering teaterarbeidet i organisasjonen skal ha.

Tre komiske menn i uniformskostyme står på scene. Tre komiske menn i uniformskostyme står på scene.
2011_Gol UL har framsyning av "Operasjon Lakafant" under Norsk Amatørteaterfestival i 2011._Daniel Heggelid Rugaas/NU
Ungdom på Sommarleir spelar ut ei dramatisk sverd-scene. Ungdom på Sommarleir spelar ut ei dramatisk sverd-scene.
2022_Sverd-drama i tiaragjengen etter utflukt til Nidarosdomen. Sommarleiren 2022._Magni Hjertenes Flyum/NU

Kurs og opplæring

Har laget behov for å få ein instruktør til å halde kurs i skodespelarteknikk, teatersminke eller revy kan gjesteinstruktørordninga vere aktuell.

På Sommarleiren kvart år kan ungdom i alderen 13-26 år vere med på ulike teaterfaglege kurs. Dei siste åra har vi hatt kurs i korleis skrive sketsjar, musikal, skodespelarteknikk og impro, for å nemne noko. Du kan lese meir om sommarleiren her.

Vi tilbyr også nasjonale helgekurs i teater med ulike tema for ulike målgrupper.

Samarbeidspartnarar

  • Logo Det Norske TeatretLogo Det Norske Teatret

    Besøk nettsiden til Det Norske Teatret

    Det Norske Teatret er eit av Noregs største teatre, og speler på nynorsk. Noregs Ungdomslag er ein av dei største luteigarane, saman med ei lang rekke av lokallaga våre. Teatret har eit målpolitisk råd som skal gje råd om målbruken ved teatret og andre kulturpolitiske emne som rådet sjølv tek opp. Noregs Ungdomslag peikar ut éin av tre medlemmar i valnemnda for Det Norske Teatret.

  • Logo Studieforbundet kultur og tradisjonLogo Studieforbundet kultur og tradisjon

    Besøk nettsiden til Studieforbundet kultur og tradisjon

    Studieforbundet kultur og tradisjon er eit studieforbund for frivillige organisasjonar som driv opplæring i folkeleg kultur som husflid, handverk, folkedans, teater, kystkultur og lokalhistorie, med meir. Noregs Ungdomslag var ein av stiftarane av studieforbundet.

  • Logo KulturalliansenLogo Kulturalliansen

    Besøk nettsiden til Kulturalliansen

    Kulturalliansen er ein paraplyorganisasjon for kulturfrivilligheita, og arbeider for å samle, auke og utvikle kunnskapen om det frivillige kulturlivet og formidle kunnskapen vidare. Noregs Ungdomslag var med å stifta Kulturalliansen i 2016.

  • Logo Den mangfaldige scenenLogo Den mangfaldige scenen

    Besøk nettsiden til Den mangfaldige scenen

    Den mangfaldige scenen (DMS) er eit barne og ungdomsteater der unge mellom 6 og 26 år får uttrykke seg, lære og skape teater. Teatret tar utgangspunkt i den store og varierte kulturelle rikdommen som unge har med seg, og gi kvar enkelt høve til å ta i bruk og utvikle sine skapande evner i samarbeid med kunstnarar. Vi får fram nye uttrykk i møte mellom dei unge sine interesser og kulturarvar. Teatret vil vere ein plattform for framtidige kunstnarar. DMS er eigd av Noregs Ungdomslag, BUL Oslo og Det Norske Teatret.

  • Logo som består av namn på organisasjonen. Dramas.Logo som består av namn på organisasjonen. Dramas.

    Besøk nettsiden til Dramas

    Dramas er ei teneste for amatørteatergrupper og skolar/kulturskolar i Noreg. Dei formidlar manus til lesing, behandlar søknadar om speleløyve og betaler ut royalties til dei som sit med rettane til manusa.

Relevante ressursar

Sjå alle
Renovering av eit ungdomshusRenovering av eit ungdomshus
Rettleiing

Økonomi

Korleis søke tilskot?

Kva bør du tenke på når du skal søke om tilskot til aktivitetar eller prosjekt i laget ditt?

tilskot, søknad, midlar, prosjekt, barn, ungdom, aktivitetartilskot, søknad, midlar, prosjekt, barn, ungdom, aktivitetar
  • Teater
  • Folkedans
  • Bunad og handverk
  • 28. august 2023
  • 1. mars 2023
  • 20 000 – 50 000

Fond for lyd og bilde

Godgjørelse til rettighetshavere for kopiering til privat bruk som skjer frå videogram og fonogram, og for å fremme produksjon og formidling av innspelingar i lyd og/eller bilete.

To personar tar imot betaling på dansefest, mange dansarar i bakgrunnTo personar tar imot betaling på dansefest, mange dansarar i bakgrunn
Rettleiing

Å drive lokallag

Det finst ikkje noko standardoppskrift på korleis ein kan og bør drive eit ungdomslag. Det viktigaste er at medlemmane alltid har siste ordet. Det er medlemmane som gjennom årsmøtet vedtek arbeidsprogram og budsjett, godkjenner årsmeldingar og rekneskap, fastset kva politiske standpunkt ungdomslaget skal ta, og som vel kven som skal styre laget.

Mal

Lov for lokallaget

Mønsterlovene er sist revidert på landsmøtet i Noregs Ungdomslag i 2012 og 2016.

Fleire fagfelt