Ungdomshus
Ungdomshus, grendehus, samfunnshus – kjært barn har mange namn. Men felles for desse frivilligdrivne kulturbygga er at dei ofte er midtpunktet i lokalmiljøet sitt. Dei er den kulturelle infrastrukturen i bygda, og gir rom for engasjement og aktivitet for både unge og vaksne.

Huset i Bygda
Huset i Bygda (HiB) arbeider for å løfte fram og synleggjere alle former for organisasjonseigde kulturbygg som viktige kulturarenaer, og utvikle møtestader og verktøy som kan gjere dei lokale laga til meir kompetente huseigarar. På den måten vil vi skal skape synlegare og sterkare organisasjonseigde kulturbygg i Noreg.
Pågåande prosjekt:
Huset i Bygda Vestland: sidan 2020
Huset i Bygda Austlandet: sidan 2026
Tidlegare prosjekt:
Huset i Bygda Sogn og Fjordane: 2010–2020
Huset i Bygda Hordaland: 2013–2016
Huset i Bygda Møre og Romsdal: 2017–2020
Huset i Bygda Trøndelag: 2021–2024


Arena for nabolagshus
Ungdomshus er nabolagshus, og nabolagshus er nøkkelen til sterke lokalsamfunn. Dei skapar eit robust demokrati – der folk møtast, hjelper kvarandre og bygger tillit.
Arena for nabolagshus er eit prosjekt drifta av SoCentral, med Noregs Ungdomslag som ein aktivt samarbeidspartnar. Prosjektetet, eller kunnskapsarenaen, har som mål å samle, styrke og dele kunnskap om korleis me best kan drifte gode nabolagshus.
Gjennom kunnskapsarenaen kan du:
- Delta i digitale og fysiske samlingar med tema som finansiering, vedlikehald, frivilligheit, beredskap og samarbeid med kommunen
- Få tilgang til verktøykassa med praktiske ressursar og modellar for drift
- 1:1-rådgjeving frå fagpersonar og rettleiarar
Husdatabasen
Gjennom mange år har Huset i Bygda kartlagt nærmare 6000 hus i heile landet. I husdatabasen vår finn du statistikk og innsikt frå desse husa.
Du kan søke på hus, adresse eller kommune. Mange hus er registrert med informasjon om utleigemoglegheiter og aktivitetar i husdatabasen til Huset i Bygda. Er du nyinnflytta, har du idear til aktivitetar, men manglar ein stad å vere, eller kanskje du treng ein stad å halde bryllaup, dåp, konfirmasjon eller selskap, så er dette ein god stad å starte!

Husfolka våre

Christoffer Knagenhjelm

Ida Søderstrøm
Organisasjonsrådgjevar (80%)
Huset i Bygda Vestland, Sogn og Fjordane Ungdomslag

Torbjørn Bergwitz Lauen

Fleire fagfelt

Folkedans
Folkedansen samlar menneske på tvers av generasjonar og held levande dansetradisjonar som er forma gjennom hundreår med fest, leik og fellesskap.

Levande kulturarv
Levande kulturarv er tradisjonar, kunnskap og ferdigheiter som blir haldne i live gjennom bruk og vidareføring.

Bunad og handverk
Gjennom bunad- og handverksaktivitet tek vi vare på kunnskap, teknikkar og uttrykk som knyter oss til historia vår og gir tradisjonane nytt liv i vår eiga tid.

Teater
Teater skaper rom for kreativitet, meistring og fellesskap gjennom amatørscenekunst.