Levande kulturarv
§ 1 Føremål
Noregs Ungdomslag skal gjennom folkelege kulturaktivitetar skape engasjement og levande lokalmiljø.
Arbeidet med levande kulturarv har vore kjernen i Noregs Ungdomslag heilt sidan stiftinga av organisasjonen. Våre lokallag er med på å ta vare på kunnskapen om ulike folkelege tradisjonar, som dans, amatørteater, tradisjonshandverk, rituale og arrangement.
Gjennom folkelege kulturaktivitetar jobbar våre lag og medlemmar, både bevisst og ubevisst, med å ta vare på den levande tradisjonskulturen.

Kva er levande kulturarv?
Levande kulturarv, også kalla immateriell kulturarv, er levande tradisjonar og tradisjonell kunnskap som blir overført frå ein generasjon til den neste.
At kulturarven er levande betyr at den blir praktisert i dag og er ein aktiv del av tradisjonen i ei gruppe, eit område eller eit land. Kunnskapen om den levande kulturarven blir lært vekk gjennom bruk og utføring av kulturarven. Ofte er det dei eldre generasjonane som lærer vekk til dei yngre. Eksempel på levande kulturarv er handverk, musikk, dans, mattradisjonar, rituale og munnlege forteljingar.
Les gjerne meir på Kulturdirektoratet sine sider eller finn eksempel på denne sida om immateriell kulturarv. Der kan du også sende inn ditt eige eksempel.


NU og Unesco
UNESCO er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. I 2022 vart Noregs Ungdomslag akkreditert som ekspertorganisasjon (Non-Governmental Organisation - NGO) i UNESCO.
Dei godkjende ekspertorganisasjonane har ei rådgjevande rolle i arbeidet med å ta vare på kulturarven. Vedtak om godkjenning av Noregs Ungdomslag som ekspertorganisasjon, vart gjort av generalforsamlinga i UNESCO-komiteen for vern av immateriell kulturarv i juli 2022.
NU er ein del av eit nettverk av norske NGO'ar. Det er til saman åtte akkrediterte ekspertorganisasjonar i Noreg og NU har allereie eit godt samarbeid med fleire av dei. Informasjon om dei norske ekspertorganisasjonane kan du finne på UNESCO sine nettsider.

Les meir om levande kulturarv i Noregs Ungdomslag
Samarbeidspartnarar

Besøk nettsiden til ICH NGO Forum
Noregs Ungdomslag er del av det internasjonale nettverket ICHNGO-Forum. Det er eit nettverk for ikkje-statlege organisasjonar (NGO) som er akkreditert av UNESCO og som arbeidar for å ivareta immateriell kulturarv.

Besøk nettsiden til UNESCO
FNs organ for kultur- og utdanningssamarbeid. Noregs Ungdomslag er akkreditert som ekspertorganisasjon innan UNESCOs konvensjon for vern av immateriell kulturarv.

Besøk nettsiden til FN-sambandet
FN-sambandet blei stifta i 1946, og er ein norsk organisasjon med føremål å informere om FN og FNs arbeid. Noregs Ungdomslag er medlemsorganisasjon i FN-sambandet.

Fleire fagfelt

Folkedans
Folkedansen samlar menneske på tvers av generasjonar og held levande dansetradisjonar som er forma gjennom hundreår med fest, leik og fellesskap.

Bunad og handverk
Gjennom bunad- og handverksaktivitet tek vi vare på kunnskap, teknikkar og uttrykk som knyter oss til historia vår og gir tradisjonane nytt liv i vår eiga tid.

Ungdomshus
Ungdomshusa våre er levande møteplassar for frivillig kulturarbeid, fellesskap og lokal aktivitet.

Teater
Teater skaper rom for kreativitet, meistring og fellesskap gjennom amatørscenekunst.






