Søk om å bli med på FolkLeiarUng
Søk om å bli med på FolkLeiarUng dans eller musikk. Søknadsfristen er 28. august. Eit prosjekt for folkemusikarar og folkedansarar mellom 15-25 år.

FolkLeiarUng er no inne i sitt femte prosjektår. Deltakarane får gjennom to helger i skuleåret inspirasjon og kunnskap om rolla som pedagog og danseleiar/musikalsk leiar. Målet med prosjektet er å gje unge folkedansarar og folkemusikarar ein møteplass der dei kan få kunnskap om og utvikle seg som pedagog og leiar. Deltakarane søker om å delta for eitt år om gongen.
Søknadsfristen for prosjektåret 2025/2026 er 28.august!
Kva inneber FolkLeiarUng for deg som deltakar?
Som deltakar i dette prosjektet vil du bli kjent med folkemusikarar og –dansarar frå alle kantar av landet. Du vil bli ein del av eit miljø for unge leiarar og pedagogar innan folkemusikk og folkedans, og ikkje minst får du oppfølging gjennom året av våre gode instruktørar. På samlingshelgene vil det vere fokus på fordjuping i eiga sjanger, formidling, erfaringsdeling, pedagogiske tips og triks, og samdans og samspel! Nokre døme på tema som deltakarane får lære meir om: Korleis lære bort ein slått eller dans? Kva er viktig å ta omsyn til når ein skal planlegge øvingar? Korleis lærer ein bort til born som er nybyrjarar, kontra vaksne som har spelt eller dansa lenge? Korleis leier du ein gjeng som spelar/dansar heilt ulikt og med ulike forkunnskapar? Korleis skapar du som pedagog eit trygt og inspirerande miljø?
Samlingane vil halde eit høgt nivå, der deltakarane får stor fridom til å utforske rolla som pedagog og leiar. Vi søker deltakarar som er nysgjerrige på å lære meir om rolla som leiar og pedagog, og som ønsker å ta med erfaringane frå dette prosjektet vidare inn i noverande og framtidige spel- og danselag.
Er du ikkje tilknytt eit særskild spelemannslag eller dansarlag? Kontakt FolkOrg eller Noregs Ungdomslag, så hjelper vi deg med å finne eit nærliggande lag.
Vi ønsker eit mangfald av instrument blant folkemusikkdeltakarane. Alt frå fele og hardingfele til toradar og trekkspel, langeleik, vokal, bass og gitar og så vidare.
Kva inneber FolkLeiarUng for laga?
Prosjektet er meint å vere eit bidrag til laga i form av å gi dei eldre ungdommane eit tilbod som kan auke motivasjonen til å halde fram med spelinga og dansinga i laga. Såleis er dette ein sjeldan sjanse for danse- og spelemannslag som ynskjer å gje dei eldste ungdommane sine eit inspirerande og utviklande tilbod.
Instruktørane og kontaktperson i FolkOrg/Noregs Ungdomslag kjem til å vere i kontakt med både deltakarane og laga i forkant av og mellom samlingane. På den måten blir laga informerte om kva deltakarane har jobba med, og korleis dei best kan følgje opp medlemmane sine fram til neste samling.
Deltakaravgift
Laga betaler 500 kr per deltakar frå sitt lag. Summen gjeld for heile skuleåret og inkluderer to kurshelger med overnatting og mat for deltakarane, samt oppfølging av laga og deltakarane mellom samlingane. Vi oppmodar også laga å dekke reiseutgifter til sine medlemmar.
Søknad
Deltakar som ynskjer å vere med fyller ut søknadsskjemaet nedst på denne sida. Søknaden gjeld for eit år om gongen og etterspør informasjon frå både deltakar og lag. Det er plass til opptil 20 deltakarar i prosjektet. Søkjarane vil få svar i laupet av september.
Deltakarar som har vore med på FolkLeiarUng tidlegare, får berre plass om det er ledige plassar på prosjektet.
Søknadsfrist: 28. august
Samlingshelgene blir 24. - 26. oktober på Voss under Osafestivalen, og 20. - 22. mars i Oslo. Alle som ynskjer å delta må sende inn søknad innan fristen via skjema på denne sida.
Samarbeid med FolkOrg
Vi i Noregs Ungdomslag (NU) er i lag med FolkOrg med som samarbeidspartnar på folkedans i prosjektet. Både FolkOrg og NU jobbar for å styrke og formidle folkedansen sin plass i samfunnet, og vonar dette prosjektet vil løfte fram unge folkedansspirer som vil utvikle seg som dansepedagog og -instruktør.
Kontakt
Har du spørsmål om prosjektet eller om søknaden? Ta kontakt med oss:
- Rita Sirirud Vatnehol, Noregs Ungdomslag: rita@ungdomslag.no/47849923
- Solveig Brekke Hauknes, Noregs Ungdomslag: solveig@ungdomslag.no/47398764
- Live Visdal, FolkOrg: live@folkorg.no/97415515

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Noregs Ungdomslag med innspel til verdskonferansen for kulturpolitikk
29. september til 1. oktober skal kulturministre frå heile verda samlast på Mondiacult - UNESCOs verdskonferanse for kulturpolitikk, i Barcelona. I forkant av konferansen inviterte Kultur- og likestillingsdepartementet til innspelsmøte 26. august, der representantar frå ulike kulturorganisasjonar fekk komme med sine innspel. Noregs Ungdomslag var representert ved generalsekretær Magni Hjertens Flyum. Innspelet frå Noregs Ungdomslag kan du lese her.
26. august 2025


Bunaden på UNESCO-lista – stoltheit, utfordringar og vegen vidare
Den 5. desember i 2024 vart bunadbruken i Noreg innskriven på UNESCO si representative liste over menneskeheitas immateriell kulturarv. Innskrivinga er ein stadfesting av den breie og folkelege bruken, det omfattande handverket og den store variasjonen av bunadstradisjonar over heile landet. Men kva no?
12. august 2025


Nynorskens framtid under lupa på Arendalsuka
Korleis står det til med nynorsken i dag, og korleis vil språkmangfaldet i Noreg sjå ut i framtida? Det var hovudspørsmålet då Nynorsk forum samla forskarar, politikarar og språkfolk til ein språkpolitisk verkstad måndag 11.august, under Arendalsuka 2025. Seinare inviterte Noregs Mållag til debatt om sidemålet, i "Det store Sidemålslaget".
5. august 2025
