Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 8. oktoberLes meir og meld deg på her

Nyheiter

Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag

Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.

Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

I 2026 fekk Noregs Ungdomslag 4,15 millionar kroner i det endelege statsbudsjettet som blei vedteke før jul. I regjering sitt forslag til statsbudsjett for 2027 er løyving redusert til 3,245 millionar kroner. Ei nedgang på 905 000 kroner, eller 21,8 prosent.

– Me er svært skuffa. I mange år har me arbeidd for å få styrka det nasjonale arbeidet for dei frivilligdrivne kulturbygga. Då me fekk éin million ekstra i fjor, gav det oss endeleg høve til å styrke dette arbeidet. No risikerer me å måtte redusere satsinga, seier Tone Mjelde, leiar i Noregs Ungdomslag.

Gjennom Huset i Bygda tilbyr Noregs Ungdomslag rådgjeving til frivillige som eig og driftar ungdomshus, grendehus, bedehus, samfunnshus og andre lokale kulturbygg. Det blir òg arrangert hussamlingar, fagsamlingar og kompetansetiltak, og dei frivilligdrivne kulturbygga blir kartlagt i Husdatabasen. Noregs Ungdomslag er òg med-driftar av Arena for nabolagshus saman med SoCentral.

Behovet for rådgjeving er stort. Det finst meir enn 5500 organisasjonseigde kulturbygg. Dei er eigd og drivne på dugnad av frivillige som må handtere alt frå økonomi, finansiering og vedlikehald til brannkrav, universell utforming og energieffektivisering.

– Dette er folk som brukar fritida si på halde liv i møteplassane i lokalsamfunnet. Når taket lek, straumrekninga aukar eller huset må bli universelt utforma, treng dei ein stad å få hjelp. Det er nettopp den kapasiteten me har brukt den auka løyvinga til å styrke, seier generalsekretær Magni Hjertenes Flyum.

Kjem samtidig med ny kulturarenastrategi

Kuttet kjem samtidig som regjeringa arbeider med ein ny nasjonal kulturarenastrategi, som hadde innspelsfrist 1. oktober. Noregs Ungdomslag har gjennom Huset i Bygda brukt mykje tid på å samle erfaringar frå feltet og levert innspel til strategien. NU har òg utarbeidd rapporten Tett, trygt og tilgjengeleg basert på 10 år med støtte frå Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane og kva rådgjevingstenesta til Huset i Bygda har betydd for frivilligdrivne kulturbygg i det fylket.

I vår samla Stortinget seg om behovet for å styrke rammevilkåra for dei organisasjonseigde kulturbygga. Eit samla stortinget bad mellom anna regjeringa vurdere ei eiga ordning for momskompensasjon ved oppgradering og modernisering av slike bygg, og greie ut korleis meir støtte kunne gå til frivillige organisasjonar.

– Det er vanskeleg å forstå samanhengen. Eit samla storting har nettopp sagt at rammevilkåra for dei frivilligdrivne kulturbygga må bli styrka. Regjeringa har bedt oss bruke tid og ressursar på å gi innspel til den nye kulturarenastrategien. Så kjem det eit budsjett der me får 905 000 kroner mindre til eit arbeid som heilt konkret styrkar den største gruppa av kulturarenaer i landet, dei meir enn 5500 frivilligdrivne kulturbygga, og dei frivillige som driv dei på dugnad, seier Flyum.

Ei skuffa generalsekretær Magni Hjertnes Flyum
Generalsekretær Magni Hjertenes Flyum er skuffa over regjeringas foreslåtte kutt.

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026