Hopp til hovedinnhold

Bli med på NU-helga 2025!Påmeldingen stenger midnatt torsdag 9. oktoberNU-helga 2025

Tilskotsordning

Frifond

Har lokallaget fem eller fleire medlemmar under 26 år, og eit aktivitetstilbod til desse? Då kan de søke Frifond!

Frifond er ei stønadsordning oppretta av Stortinget, for å betre rammevilkåra for kulturarbeid for barn og unge, og ein av medlemsfordelane med å vere lokllag i Noregs Ungdomslag.

Rapportering på tilskot motteke i 2024

Det er no tid for å rapportere på midlar de fikk utbetalt i 2024. Desse midlane skal vere brukt i perioden 31.10.2024-31.10.2025.

Frist: 30. november.

Korleis rapportere?

I år skal de sende inn Frifond-rapport på e-post. Fyll inn, signer og send rapportskjemaet til post@ungdomslag med emnefelt «Frifondrapport tilskot 2024 NAMN PÅ LAGET». I år testar vi ut nytt rapportskjema, og håper det gjer det lettare for alle å sende inn i Frifond-rapport. Er det noko de treng hjelp med, så er det berre å ta kontakt med NU-kontoret.

Rapportskjemaet kan de laste ned her:

Last ned det filformatet de sjølv ønsker og fyll ut. Hugs at rapporten må vere signert av styreleiar/kasserar for å bli godkjend.

Her skal de føre inn eit enkelt rekneskap som viser at Frifond‑midlane er brukte i samsvar med retningslinjene til Noregs Ungdomslag.

Merk at rapport må vere levert og godkjend før de kan få innvilga Frifond-midlar i 2025.

Søk Frifond 2025

Lokallaget kan søke om aktivitetstilskot eller oppstartstilskot til barne- og ungdomsaktivitet i laget gjennom Frifond. I tillegg kan lokallag søke prosjekttilskot til teateraktivitet for same målgruppe.

Oppstartstilskotet

er eit fast beløp på 4 000 kr. Dette er til nye lag, eller til lag som har færre enn fem medlemmer under 26 år, og som ønsker å starte opp aktivitetar for denne aldersgruppa.

Aktivitetstilskot

Har laget minimum fem medlemmar under 26 år, og aktivitetstilbod til denne aldersgruppa, kan laget søke aktivitetstilskot. Tilskotet har eit grunnbeløp på 4 000 kr og eit variabelt beløp per medlem. I 2024 var dette beløpet 367 kroner per medlem. Så eit lag som søkte Frifond med ti medlemmer under 26 år fekk 4 000 + 3 670 (3367 x10) = 7 670 kroner ekstra til å bruke til barne- og ungdomsaktivitet i laget.

Prosjekttilskot

Laga kan og søke om prosjekttilskot til teaterprosjekt for barn og unge i laget. Med teaterprosjektet blir det meint framsyningar, kurs, turnear og større arrangement. 1/3 av deltakarane i prosjektet må vere under 26 år. Den totale potten til teaterprosjekt er 200 000 kroner. Alle godkjente søknadar får tildeling, summen blir fordelt likt på laga som har søkt prosjekttilskot.

Merk: Tilskotet skal gå til aktivitet for barn og unge under 26 år, og det må gå fram av rekneskapen at tilskotet faktisk er brukt til aktivitet for born og unge.

Retningslinjene for tildelinga av midlar vert vedtatt av styret i NU. Lokallaga må difor lese gjennom retningslinjene før ein sender søknad, for å fange opp eventuelle endringar.

For å søke Frifond må laget ha:

  • levert årsrapport til Noregs Ungdomslag for 2024
  • oppdatert medlemsliste og betalt kontingent til Noregs Ungdomslag sentralt i 2025
  • rapportert på eventuelle mottekne Frifond-midlar for 2024

For å kunne ta imot aktivitetstilskot må laget ha betalt kontingent for minimum 5 medlemmar under 26 år.

Lokallagskontingenten må minimum vere 50,- kroner, og ved familiemedlemskap må kontingenten minst vere 100,- kroner.

Retningslinjene for Frifond 2025 til nedlasting, finn du her.

Søknadsfrist 30. november. Søknadsskjema finn de her.

Tidligare tildelingar

Fleire tilskotsordningar

tilskot, søknad, midlar, prosjekt, barn, ungdom, aktivitetar
  • Teater
  • Folkedans
  • Levande kulturarv
  • 1. april 2023
  • 1. oktober 2023
  • 1. august 2023
  • 1. desember 2023
  • 10 000 - 500 000

Sparebanken Vest

Sparebanken Vest har fleire ulike støtteordningar, med ulike tema og nedslagsfelt

tilskot, søknad, midlar, prosjekt, barn, ungdom, aktivitetar
  • Teater
  • Folkedans
  • Bunad og handverk
  • 28. august 2023
  • 1. mars 2023
  • 20 000 – 50 000

Fond for lyd og bilde

Godgjørelse til rettighetshavere for kopiering til privat bruk som skjer frå videogram og fonogram, og for å fremme produksjon og formidling av innspelingar i lyd og/eller bilete.

  • Ungdomshus
  • 5. desember 2023
  • 50 000 - 1 000 000

ARENA - tilskuddsordning for bygg og infrastruktur

Ordninga skal medverke til at det profesjonelle prosjektbaserte kunst- og kulturfeltet i heile landet innan biletkunst, scenekunst, musikk, litteratur, tverrkunstneriske uttrykk og det frie kulturvernet har tilrettelagt, berekraftig og hensiktsmessig infrastruktur for produksjon, formidling og faglag utvikling.