Hopp til hovedinnhold

Momskompensasjonfrist: 1. juliLes meir og søk her

Rettleiing

Korleis søke tilskot?

Kva bør du tenke på når du skal søke om tilskot til aktivitetar eller prosjekt i laget ditt?

Renovering av eit ungdomshus

Gode tips før de startar søknadsarbeidet

  • Sjå moglegheiter
  • Ver kreativ
  • Tenk stort!
  • Nyskapande idear
  • Kan de samarbeide med andre lag?
  • Er det noko lokalmiljøet saknar?
  • Kan de starte noko nytt? - nå ei ny målgruppe?
  • Har de ressurspersonar som kan vere med å bidra?

Årsmelding

  • Lag ein god årsmelding - den kan nyttast til så mangt!
  • Del ut til aktuelle personar i kommunen
  • Legg ut på kantina i kommunen
  • Del ut til verksemder
  • Send ut til medlemmer/innbyggjarane
  • Send den til den lokale avisa, godt utgangspunkt til pressemelding, artikkel eller intervjue i lokalavisa eller bygdanytt
  • Heng opp på grendahuset, butikken, på legesenteret, bensinstasjonen...

Om å søke

  • Les retningslinjene/formålet til tilskotsordninga nøye
  • Ring tilskotsgjevar: Presenter dykk og prosjektet!
  • Bruk ord frå tilskotsgjevaren sine vedtekter, omformuler og tilpass til søknaden
  • Ver klar, sikker, trygg på kva de vil gjennomføre
  • Ikkje problematiser. Slik er det. Punktum
  • Du har definisjonsmakta. Ver trygg ”Vi skapar, vi vinn, vi klarar dette, vi fikser dette”
  • Ver positiv! Fortel kva de har fått til /skal få til
  • Løft fram den allmennyttige verdien. Kva er det eigentleg som er viktig med dette prosjektet? Kva er verdien for ditt lokalsamfunn?
  • Fortel om visjonane, kva de ynskjer å oppnå! - Pirr nysgjerrigheita til dei som vurderer
  • Fortel om aktivitetar i laget – skap engasjement til dykkar prosjekt
  • Eit ekstra tips er å ta med berekraftsmål som er relevant for søknaden, både knytt til klima og sosialt.

Eigenfinansiering i budsjettet

I ein søknad om tilskot er det viktig å setje verdien på dugnad som vert utført og synleggjere sponsing og gåver

Dugnad:

1. Varierer frå stifting til stifting, men minst kr 300,- pr. time.

2. Få tilbod frå fagfolk og bruk denne som utgangspunkt for utrekning av dugnadsinnsats i finansieringsplanen

  • Stor del av finansieringa kan vere dugnad!
  • Sponsa produkt, få skriftelg stadfesting på verdi
  • Rabattar på innkjøp, vis verdien i budsjettet
  • Få dei som gjev gåver til å skrive gåvebrev

Fleire rettleiingar

Framsida på magasinet Huset i Bygda Brannsikring
Rettleiing

Husdrift

Huset i Bygda: Brannsikring

Her finn du den digitale utgåva av magasinet Huset i Bygda: Brannsikring.

Rettleiing

Lov for fylkeslaga

Alle fylkeslag må ha eigne lover. NU har utarbeidd eigne mønsterlover som kan nyttast dersom ein skal utarbeide nye eller revidere eksisterande lover. På landsmøtet i 2011 blei det vedteke nye mønsterlover for fylkeslag, og desse blei noko justert på landsmøtet i 2012 og 2016.