Hopp til hovedinnhold

Søk gjesteinstruktør for hausten 2025Frist for å søkje er 1.juniLes meir og søk her

Frifondrapportering

Det er tid for å rapportere på frifond-midlar de mottok i 2023. Rapporten skal bli sendt inn i Hypersys. Under finn de ein guide på korleis de gjer det.

Frist: 6. desember

Tilskotet skulle brukast til aktivitetar for barn og ungdom under 26 år i perioden 01.11.2023 og 31.10.2024.

Laget skal først gi ein kortfatta rapport om kva tilskotet er brukt til og ein rekneskapsrapport. Dette skal bli levert i Hypersys.

Om laget ikkje har brukt opp heile tilskotet, vil vi sende krav om tilbakebetaling av restbeløpet.

Frist for å levere rapport er 06.12.2024. Lag som ikkje har levert rapport innan fristen, vil motta krav om tilbakebetaling av heile tilskotsbeløpet.

Korleis rapportere på Frifondmidlane

Logg deg inn på www.ungdomslag.hypersys.no.

Inne på profilen til laget (Organisasjonen vår -> organisasjonsprofil) er det ein rubrikk som heiter "Økonomi og andre oppgåver". Her ser de kva oppgåver laget har ståande ufullført. Se under overskrifta "Støttesøknad Frifond 2023" og trykk på "Sjå søknaden".

Bilde som viser rubikken Økonomi og oppgåver i Hypersys

Då kjem du inn på søknaden for Frifond 2023.

Bilde frå Hypersys som viser frifondsøknad.

Klikk deg inn på "Hald fram med utfylling av rapport, fyll ut og send inn.

Merk! Til rapporten skal de legge ved ein rekneskapsrapport.

Om rekneskapsrapporten

Dette er ei rekneskapsfil der de skal fylle inn kva kostnadar de har brukt frifond-tilskotet på. Start med å legge inn summen de fekk utbetalt i frifond-tilskot som ei inntekt fyrst, og deretter fyll inn kostnadar de har hatt nedover. Det vi ser etter her er om utgiftane på barne- og ungdomsaktivtet har vore høgare enn frifond-tilskotet.

Det er her viktig at de fyller inn alle felta i rekneskapsrapporten. Bilag, dato, sum, andel i prosent, frå/til og sum. Med andel i prosent meiner vi kor stor prosent av kostnaden er brukt til barne- og ungdomsaktivitet.

Sjå døme på riktig utfylt rekneskapsrapport her.

Last ned rekneskapsfila her.