Hopp til hovedinnhold

Hugs Frifond•fristen er 30. novemberLes meir her

Nyheiter
Frå Bondeungdomslaget i Bodø

Folkedansen heidra under Folkelarm 2026

Det vart ein minnerik kveld for folkedansen då Folkelarmprisane 2026 vart delt ut på Riksscena i Oslo laurdag 21. november. Siri Strige, Anette Johansen og Birgitte Rørvik Bruun fekk prisen Årets dans, medan dansar og koreograf Sigurd Johan Heide vart kåra til den høgthengande prisen Årets artist. Alle fire med solid tilknyting til Noregs Ungdomslag gjennom sitt viktige arbeid med folkedansen.

Sigurd Johan Heide tek i mot prisen "Årets artist" av sjølvaste kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery

Folkelarm gjekk av stabelen 19.-22. november 2026 på Riksscena i Oslo, der fleire av årets Folkelarmprisar gjekk til dansarar med solide danseføtter i Noregs Ungdomslag.

Årets dans - heidra for arbeidet med den nordnorske folkedansen

Siri Strige, Anette Johansen og Birgitte Rørvik Bruun fekk prisen “Årets dans” for sitt mangeårige arbeid med den nordnorske folkedansen.

Gjennom formidling, opplæring og engasjement for lokale dansetradisjonar har dei lagt ned eit viktig arbeid for folkedansen i Nord-Noreg og i Noregs Ungdomslag.

Alle tre har mellom anna vore involverte i Noregs Ungdomslag sitt arbeid med Folkepedia, der dei har vore pedagogar i produksjon av dansefilmar med ungdom frå Ungdomsringen Salten, BUL Bodø og Tårstad Leikarring.

Prisen er ei viktig anerkjenning av det langsiktige folkedansarbeidet som blir gjort rundt om i landet, og av eldsjelene som legg til rette for at nye generasjonar får lære og ta del i dei lokale dansetradisjonane.

Prisvinnarane trakk mellom anna fram kor viktige møteplassane i Noregs Ungdomslag har vore for deira arbeid med folkedansen.

- Dette var ikkje akkurat venta, men tusen takk for at de har sett oss. Dette er ein stor motivasjon for arbeidet vidare, vi blir ikkje å slutte med det første, takka dei frå scena.

2026 er fyrste året der prisen “Årets dans” vert delt ut.

Siri, Anette og Birgitte med prisen "Årets dans" 2026
Foto: FolkOrg/Thor Hauknes

Årets artist - til folkedansar Sigurd Johan Heide

Dansar, koreograf og kunstnarleg leiar for dansekompaniet Kartellet, Sigurd Johan Heide, fekk den gjævaste prisen under årets Folkelarm, “Årets artist” (tidl. “Årets folkemusikar”).

Med røt i den nordnorske dansetradisjonen har Heide gjennom mange år arbeidd med å utvikle folkedansen som scenisk uttrykk, samstundes som han har eit stort engasjement for den sosiale folkedansen.

“Årets artist er ein kunstnar som har bidrege til å endre måten vi ser folkedans på. Han har gjort avstanden mellom tradisjon og samtid mindre, og vist at folkedans kan romme heile mennesket. Han har ei tydeleg rolle som inspirator, lagbyggjar og ambassadør for folkedansen”, heiter det mellom anna i jurygrunngjevinga.

Prisen vart delt ut av kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

I takketala trakk Heide fram både slekt og vener og Noregs Ungdomslag som har inspirert oppgjennom.

- Det er bestadig eit vi, og det er alle desse via eg vil takke. Kunst er noko vi gjer i lag, takka Heide.

Heile Folkelarmprisen vart avslutta med Nordlandspols og langedans som snodde seg gjennom heile publikumsmassa i storsalen på Riksscena.

Heide har ved fleire høve samarbeidd med Noregs Ungdomslag. Han står mellom anna bak koreografien til dansefilmen «Eg ser på deg» (2021) i høve Noregs Ungdomslag sitt 125-årsjubileum. Han er i 2026 ein av dei profesjonelle dansekunstnarane som er knytte til pilotprosjektet «Folkedans der vi bur», der profesjonelle dansekunstnarar samarbeider med lokallag i NU om å skape meir folkedansaktivitet for barn og unge.

Sigurd Johan Heide med prisen Årets artist 2026
Foto: FolkOrg/Thor Hauknes
Prisen for Årets artist til Sigurd Johan Heide
Foto: FolkOrg/Thor Hauknes

Ung prisutdelar frå lokallag i Noregs Ungdomslag

Til å dele ut prisen for “Årets produksjon for barn og unge” var det 13 år gamle Tio Hernes Paasche-Aasen frå BULder og Brak (BUL Oslo) som fekk den store æra.

“Det er viktig at vi som er barn og ungdom også får oppleve bra folkemusikk og folkedans. At det vert laga konsertar og forestillingar som passar for oss, som både er morosame, spennande og kanskje litt overraskande. I år vert det delt ut ein pris for “Årets produksjon for barn og unge” for fyrste gong. Det var jammen på tide”, sa Paasche-Aasen til eit applauderande publikum.

Prisen gjekk til “Tvillinglyrene” med folkedansar Silje Onstad Hålien og folkesongar Martin Steinum Brun.

Tio deler ut pris for beste produksjon for barn og unge
Foto: FolkOrg/Thor Hauknes
Tio deler ut pris
Foto: FolkOrg/Thor Hauknes

Årets unge artist frå Hjartdal

Folkesongar Magnhild Garnås Haugen frå Hjartdal vart utnemnd til “Årets unge artist” etter finalen i mentorprogrammet “IntroFolk”. Ho imponerte juryen med den særeigne stemma si, ei sterk scenisk utstråling og evna til å ta publikum med på ei musikalsk reise.

Garnås er nestleiar i BLS Ung og tidlegare medlem i Barneleikarringen Tusseleiken.

Ung prisvinnar
Foto: FolkOrg/Thor Hauknes

Eit Folkelarm med meir fokus på folkedansen

Folkedansen var også representert hjå programleiarane under Folkelarmprisen, her med Synnøve Brøndbo Plassen som trallar til ein dansande medprogramleiar Torkjell Lunde Børsheim (folkedansar frå Granvin Ungdomslag).

Synnøve og Torkjell var programleiarar
Foto: FolkOrg/Thor Hauknes

Det dukka plutseleg opp eit danseinnslag under Naaljos Ljom sitt musikalske innslag, her med dansarane Rannveig Øygardslia og Nikolaj Bo Fischer Nielsen (Hallinglaget i Oslo).

Dansarar på prisutdeling
Foto: FolkOrg/Thor Hauknes

Det var også fleire forestillingar med folkedans i fokus under årets Folkelarm. Døgeniktenes Decennium med Ådne Geicke Kolbjørnshus og Vetle Springgard.

An dran drin drekt med Kartellet v/ Tone Ingvaldsen, Sigurd Johan Heide og Jo Einar Tobias Sterten Jansen.

dans
Foto: FolkOrg/Andreas Reksten

Nattsvermere med Mamelukk og Naaljos Ljom. Ei interaktiv forestilling der publikum rett som det var vart dratt med inn i langedans, stordans, pardans og formasjonar som minna om ulike turdansar.

Nattsvermere
Foto: FolkOrg/Thor Hauknes

Sundagen var det ein eigen FolklarmUNG-dag for heile familien. Mellom anna var det folkedansklubb for born og unge på programmet med Tone Ingvaldsen (BUL Bodø), Jo Einar Jansen og Dina Konradsen (BUL Tromsø).

folkedansklubb for born
Foto: FolkOrg/Thor Hauknes

Gjennom heile helga var det mykje godt dansespel på kveldstid, og yrande fulle dansegolv med mykje unge og engasjerte dansarar på golvet.

dansespel
Foto: FolkOrg/Thor Hauknes - SKROT spelar til dans, vinnar av Folkelarmprisen i kategorien "Dansespel".

Fredagskvelden var det laga ein storkonsert som vart filma av NRK TV. Denne kan du sjå på TV våren 2027. Her deltok folkedansarane Anbjørg Myhra Bergwitz og Audun Grüner-Hegge frå Leikarringen i BUL Oslo.

Dansarar
Foto: FolkOrg/Andreas Reksten

Ei viktig anerkjenning av folkedansen

Det er særs gledeleg at folkedansen har fått ein så tydeleg plass under årets prisutdeling. Med eigne prisar som løftar fram ulike delar av folkedansfeltet, og med ein folkedansar som Årets artist, blir breidda og mangfaldet i folkedansen synleggjord, seier folkedansrådgjevar Solveig Brekke Hauknes.

Dei to prisane viser kor viktig både det lokale, frivillige arbeidet og det profesjonelle, kunstnarlege arbeidet er for utviklinga av folkedansen i Noreg. Desse miljøa er viktige for kvarandre, og saman legg dei grunnlaget for vidareføring, rekruttering og utvikling av dansetradisjonane våre, legg generalsekretær Magni Flyum til.

Noregs Ungdomslag er ein av støttespelarane til Folkelarmprisen, som blir arrangert av FolkOrg.

Vi sender ein ekstra gratulasjon til Siri, Anette, Birgitte og Sigurd med velfortente prisar, og takkar for det viktige arbeidet dei gjer for folkedansen og Noregs Ungdomslag!

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Lokallag

Fyrets laiv 2026 - Glim

Kultur- og teaterverkstedet Fyret i Sandnessjøen arrangerte 11. oktober sin årlige laiv, denne gangen en fantasy-laiv om det tenkte landet Glim. Det var en firetimers laiv som foregikk i Vakkerdalen ved foten av fjellrekken De syv søstre. Det deltok rundt 90 elever og foreldre.

29. oktober 2026

Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag

Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.

7. oktober 2026

Folkedansen heidra under Folkelarmprisen | Noregs Ungdomslag