Takk for denne gong, Sommarleiren!
Sommarleiren 2025 fann stad på Sunnmøre folkehøgskule i Ulsteinvik frå 29.juni til 3.juli. Drygt 30 ungdommar frå fleire kantar av landet har hatt fine dagar med kurs, leik og moro på leir.

For første gong har Sommarleiren funne stad i Ulsteinvik og sjølv om vêret ikkje heilt innfridde denne forsommaren, har ein gjeng ungdommar hatt fine dagar på Sunnmøre.
Kurs i teater, spel og dans
Med dyktige instruktørar i Asbjørn Hagen, Britt Elise Skram, Svein Are Sirirud Vatnehol og Åsmund Arnesen Farstad, har ungdommane, som brukte store delar av dagane under leir på kurs, lært mykje nytt. Dei har vore innom eit breitt spekter av kurs og kan reise heim med litt meir kunnskap om både musikaldans, korleis skrive teaterstykke, springdans frå Nordre Sunnmøre, slåttetradisjon frå Møre og Romsdal og korleis framføre ein monolog, for å nemne noko.
Instruktørane har lært vekk og rettleiia interesserte, dog litt trøytte, deltakarar i tre heile dagar med kurs.
Improkappleik, dans og hekleløp
Etter middag har det vore sosiale aktivitetar kvar kveld. Desse har i stor grad vore styrt av deltakarane sjølve. Kvar kveld var det leirkino der dei som trong det kunne slappe av i mjuke sofaar og ete godteri dei hadde vore på den nærmaste butikken for å handle. Dei som ikkje ville sjå film brukte tida på å danse, spele, skravle og kose seg.
Hekleløp er ein Sommarleiroppfinning som såg sitt lys på Sommarleir i Steinkjer i 2012, og har vore eit fast innslag sidan den gongen. I år var det seks deltakarar som kjempa om heider og ære gjennom tre rundar av intens hekling og springing, til stor glede og underhaldning for publikum.
Improkappleiken høyrer også med til dei faste aktivitetane på Sommarleiren. Her skal lag beståande av leirdeltakarar konkurrere mot kvarandre i ulike teaterimprovisasjonsleikar. Eit dommarpanel beståande av instruktørane på leiren kunne etter fire runder og mykje smisking frå deltakarane kåre eit vinnarlag.
Sommarleir i framtida
Siste dag på leir fekk vi besøk av leiar i Noregs Ungdomlag, Tone Mjelde. Ho hadde førebudd nokre spørsmål til ungdommane om framtida til både Noregs Ungdomslag og leiren. Under ein engasjerande nattdebatt som heldt på i over to timar fekk Tone med seg mange gode innspel frå ungdommane til hennar og styret sitt vidare arbeid for organisasjonen og for leiren.
- Det har vore veldig interessant å høyre kva ungdommane sjølve tenkjer og eg har notert meg minst ti saker vi må drøfte i styret, seier Tone muntert.
Utflukt og takk for no
Sommarleiren vart runda av med ein utflukt. Museumsbåten MS Polarstar plukka alle opp i Ulsteinvik og køyrde nordover til Ålesund. Dei som var ute på dekk kunne nyte eit par timar med frisk luft og fin sunnmørsk kystnatur.
Vel framme i Ålesund fann alle vegen til lagshuset til UL Ivar Aasen for litt informasjon og quiz, før turen gjekk opp trappene til Fjellstua på Aksla. Der venta det is og "statuejakt".
Vel tilbake til lagshuset kunne ein samla gjeng ta saman i broderring og ønskje kvarandre takk for no og vel heim.
Kor Sommarleir blir neste år er ikkje heilt klart enda, men vi håpar på å sjå enda fleire teater-, danse- og musikkglade ungdommar då.

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Kvinnekropp i fri natur
Fjærland Ungdomslag er tilbake med ein ny kalender! Den famøse 2025-kalenderen fekk både nasjonal og internasjonal merksemd, og fann vegen inn i stover, kjøkken, kontor og verkstader over heile verda. No er det Fjærlands stolte døtrer som står for tur.
4. oktober 2025


Søk gjesteinstruktør for våren 2026
Skal de arrangere kurs i til dømes teater eller dans og vil ha besøk av ein instruktør? Søk innan 1. november på gjesteinstruktørordninga vår for kurs våren 2026.
16. september 2025


Søk om å bli med på FolkLeiarUng
Søk om å bli med på FolkLeiarUng dans eller musikk. Søknadsfristen er 28. august. Eit prosjekt for folkemusikarar og folkedansarar mellom 15-25 år.
28. august 2025
