Vil ha nasjonalt kompentansesenter i Sogn og Fjordane
-Vi er stolte over å få denne tilliten, seier generalsekretær i Noregs Ungdomslag, Magni Hjertenes Flyum i samband med at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gjev ein million kroner til å etablere Huset i Bygda som eit nasjonalt kompetansetilbod for organisasjonseigde kulturhus.

-Vi har lenge sett at det har blitt gjort ein stor jobb med å ta vare på mange av dei lagseigde husa vi har i dei fleste bygdene i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane ungdomslag har gjort ein formidabel jobb med prosjektet «Huset i bygda», og har fått ei solid forankring både regionalt og nasjonalt. Vi meiner difor at tida er inne for at det blir etablert eit nasjonalt kompetansesenter for dette arbeidet med base i Sogn og Fjordane. Dette vil kunne skape arbeidsplassar og styrke statusen i fagmiljøet her, kunne Yngve Thorsen i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane understreke i samband med at han overrekte ein gåvesjekk på ein millon kroner til Noregs Ungdomslag.
Modell frå «Huset i bygda»
Gåvemidlene er fordelte på 500 000 kroner i 2025, og det same beløpet i 2026. Intensjonen til stiftinga er at kompetansesenteret skal bli bygd på modellen frå «Huset i bygda», og at den kompetansen som allereie er etablert i Sogn og Fjordane, skal komme heile landet til gode. Noko som gleder Noregs Ungdomslag sentralt.
-Dette er eit fantastisk initiativ, og vi er opptatt av å ta vare på fleire av desse lagseigde husa rundt omkring i landet. I følgje oversikta vi har skal det vere snakk om totalt innpå 5500 slike organisasjonseigde hus i heile Norge. Det gjeld alt frå til dømes bygdehus, ungdomshus, bedehus til forskjellige typer forsamlingshus. Det er på tide at desse husa får det livet dei treng, seier Christoffer Knagenhjelm, som er tilsett som kulturrådgjevar i Noregs Ungdomslag og kjenner «Huset i bygda»-prosjektet svært godt.
Politisk arbeid
-Akkurat no jobbar vi med å sikre rammevilkåra for dette arbeidet, og jobbar ikkje minst politisk med å vinne fram med ei forståing for kor viktige desse husa er for svært mange. Vi er i ferd med å etablere eit spleiselag mellom offentlege og ideelle aktørar, og ikkje minst gjennom ein enorm dugnadsinnsats i ungdomslagsrørsla, seier Knagenhjelm og viser til at Vestland fylkeskommune, Riksantikvaren og Oslo Nye Banks Fond er mellom samarbeidspartnerane i samband med etableringa av «Huset i bygda» som eit nasjonalt kompetansesenter for organisasjonseigde kulturbygg, med base i Sogn og Fjordane.
Store summar
-Sparebankstiftinga har i lang tid vore oppteken av å ta vare på desse husa, og har berre i 2025 gjeve 4,5 millionar kroner i rammegåve til Sogn og Fjordane ungdomslag. Dette er økonomisk støtte som vil gå til rehabilitering av desse lagseigde husa. Vi har hatt eit tett samarbeid med ungdomslaget i Sogn og Fjordane i mange år, og set umåteleg stor pris på at det no vert jobba for å få på plass eit nasjonalt senter for dette arbeidet her i Sogn og Fjordane, seier Yngve Thorsen i samband med gåveutdelinga.
Kompetansesenteret har ikkje ei bestemt geografisk plasering, det vil mellom anna vere avhengig av kven som i tilfelle vil bli tilsett.
- Vi er i startgropa no, men kjem til å konkretisere mykje i tida som kjem. Dette er fantastisk spennande, seier Magni Hjertenes Flyum.
Gåvemidlene til etablering av eit nasjonalt kompetansesenter i Sogn og Fjordane er gjev av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Stiftinga forvaltar overskotet i SpareBank 1 Sogn og Fjordane og deler kvart år ut gåvemidler til allmennyttige føremål i Sogn og Fjordane.
Tekst og foto: Stig Roger Eide

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Dansefest
1. juni 2025


Søk om å bli med på FolkLeiarUng
Søk om å bli med på FolkLeiarUng dans eller musikk. Søknadsfristen er 28. august. Eit prosjekt for folkemusikarar og folkedansarar mellom 15-25 år.
27. mai 2025


Lagsnytt 9. mai 2025
Fredag 9. mai sende Noregs Ungdomslag ut nyheitsbrevet Lagsnytt med viktig informasjon om sommarleiren 2025, gjesteinstruktørordninga, vedtak frå landsmøtet og tips til bunadsvedlikehald før 17. mai.
9. mai 2025
