Lagsnytt 9. mai 2025
Fredag 9. mai sende Noregs Ungdomslag ut nyheitsbrevet Lagsnytt med viktig informasjon om sommarleiren 2025, gjesteinstruktørordninga, vedtak frå landsmøtet og tips til bunadsvedlikehald før 17. mai.

Lagsnytt blir sendt til alle som er registerte tillitsvalte i lokal- og fylkeslag.
I nyheitsbrevet finn du informasjon om blant anna Sommarleir, som skjer på Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik frå 29. juni til 3. juli. Leiren er open for ungdom mellom 13 og 26 år, med kurs i teater, folkedans og folkemusikk, i tillegg til sosiale aktivitetar og utflukt. Påmeldingsfrist 1. juni.
Her finn du og informasjon om gjesteinstruktørordninga for hausten 2025. Lokallag kan søkje om å få tilsendt instruktørar innan teater, folkedans eller musikk. Søknadsfristen er 1. juni.
Vidare kan du lese om alt det spennande som skjedde under landsmøte.
For dei som ønskjer å halde bunaden i god stand til 17. mai, gir vi og nokra tips for dette gjennom prosjektet sjekkbunaden.no.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag
Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.
7. oktober 2026


Minnepris 2026 til ung hardingfeleutøvar frå Kvam
Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2026 er tildelt Guro Bell Berge frå Kvam i Hardanger.
6. oktober 2026


Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026

