Hopp til hovedinnhold

Momskompensasjonfrist: 1. juliLes meir og søk her

Sjekk bunaden

Om du tek fram bunaden på Hulda Garborg sin bursdag 22. februar har du god tid til å få alt på stell før bunadssesongen.

...men ikkje ver redd om det ikkje er 22. februar. På denne sida har vi samla tips og råd frå ledande bunadsekspertar frå heile landet, så du kan får den hjelpa du treng. Den er tilgjengeleg heile året.

Startdato for å byrje å sjå over bunaden er satt til 22.februar. Dette er ikkje tilfeldig, da dette er fødselsdagen til bunadens mor, Hulda Garborg. Dette er en god tid på året å ta fram bunaden og sjå over om den er rein og fin. Gå over alle delane til bunaden – skjorte, sko, hovudplagg, sjal og anna tilbehøyr.

Prøv bunaden din på for å sjå at han passar. Hugs at bunaden skal passe deg – ikkje motsett. Mange har fått bunaden sin til konfirmasjon, og det er heilt naturleg at vi må gjere justeringar på eit plagg vi har hatt sidan vi var 14 år.

Vi håper at denne sida kan vere til hjelp, og at de går eit stressfritt bunadsår i møte.

I tillegg vil vi leggje ut informasjon om komande bunadsrelaterte arrangement.

Hulda Garborg
Portrett av Hulda Garborg

Nyheitssakar

Sjå alle
Kjærsti, Magnhild Peggy og Camilla i panel under Arendalsuka 2025.

Bunaden på UNESCO-lista – stoltheit, utfordringar og vegen vidare

Den 5. desember i 2024 vart bunadbruken i Noreg innskriven på UNESCO si representative liste over menneskeheitas immateriell kulturarv. Innskrivinga er ein stadfesting av den breie og folkelege bruken, det omfattande handverket og den store variasjonen av bunadstradisjonar over heile landet. Men kva no?

12. august 2025

Eit knippe bunadkledde damer, omringa av kvinner frå ulike deler av verda, i sine folkedrakter

Bunadbruk er no på UNESCO-lista!

Den 5. desember 2024 vart bunadbruken i Noreg innskriven på UNESCO si representative liste over immateriell kulturarv. Omringa av eit fargerikt fellesskap med representantar frå alle kantar av verda, fekk bunaden skine i sentrum av det heile då det i dag vart offentleggjort på UNESCO sitt 19. internasjonale møte for konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven. Tusen takk til alle som har bidratt med innspel, fagkunnskap, erfaring og engasjement!

9. desember 2024

Biletet viser generalsekretæren i NU, Magni Hjertes Flyum, foran ein bakgrunn med NU-pila

Noregs Ungdomslag med innspel til verdskonferansen for kulturpolitikk

29. september til 1. oktober skal kulturministre frå heile verda samlast på Mondiacult - UNESCOs verdskonferanse for kulturpolitikk, i Barcelona. I forkant av konferansen inviterte Kultur- og likestillingsdepartementet til innspelsmøte 26. august, der representantar frå ulike kulturorganisasjonar fekk komme med sine innspel. Noregs Ungdomslag var representert ved generalsekretær Magni Hjertens Flyum. Innspelet frå Noregs Ungdomslag kan du lese her.

26. august 2025

Fra venstre: Mette Vårdal og Iver Flyum Bjørlo

Tradisjon møter trend – ei kjelde til konflikt?

Den allmenne bunadbrukarens ønskje om å pimpe opp bunaden sin, samt mangel på utdanningstilbod, var nokre av utfordringane som vart diskutert under panelsamtalen om bunadbruk i Noreg, under Arendalsveka i år.

23. august 2024

Fylkeslag
Biletet viser tre kvinner i bunad. Ann Helen Lundekvam til høgre, mottek Kongens fortenestemedalje av ordførar Jenny Følling, som står i midten. Leiar av Sogn og Fjordane ungdomslag Hildegunn Risnes Gjelsvik står lengst til venstre med blomster

Kongens fortenestemedalje til Ann Helen Lundekvam

Laurdag 11. januar blei ein stor dag for Ann Helen Lundekvam. Under bunadfesten til Sogn og Fjordane Ungdomslag fekk ho tildelt Kongens fortenestemedalje for sitt langvarige arbeid med å ta vare på draktskikken i Sunnfjord. 

16. januar 2025

Lene Storhaug og Målfrid Grimstvedt studerar ei bunadstrøye frå Rogaland medan ein kameramann filmar over skuldra deira.

Sjekk bunaden, på bunadskafé

51 bunadsentusiastar samla seg til bunadskafé i Fuglesalen på Stavanger Museumtorsdag 22. februar. Tema for kvelden var «Sjekk bunaden», der alle vart invitert til å komme med det dei måtte lure på av både stort og smått. Unge og gamle samle seg denne kvelden, og både NRK Rogaland og Norge i dag tok turen til dei stemningsfulle lokala til Stavanger Museum.

28. februar 2024

Detaljbilete Vest Agder bunad
Foto: Noregs Ungdomslag, Anne Marte Førr

Kva er eigentleg ein bunad?

Lurer du på kva ein bunad eigentleg er? Kjem du stadig over diskusjonar om akkurat dette temaet? Her får du nokre svar.

Redd for "bunadspolitiet"?

Det er mange uskrivne reglar når det kjem til bunadsbruken, og desse reglane er like mange som det er bunadar i landet. Men har vi eigentleg noko med korleis andre folk vel å kle seg?

jente med hardangerbunad, paraply, solbriller og veske

Hulda Garborg

Hulda Garborg vart fødd 22. februar 1862. Hennar namn er uløyseleg knytt til bunadshistoria i Noreg.

Hulda Garborg

Klara Semb

Klara Semb vart fødd 17.oktober 1884. Ho tok opp arven etter Hulda Garborg, og har vore kjempeviktig for bunadsarbeidet i Noreg.

Er bunaden rein? Er bunaden heil? Er bunden passe? Er sølvet pussa?