Hopp til hovedinnhold
Nyttig for laga

Noregs Ungdomslag med innspel til verdskonferansen for kulturpolitikk

29. september til 1. oktober skal kulturministre frå heile verda samlast på Mondiacult - UNESCOs verdskonferanse for kulturpolitikk, i Barcelona. I forkant av konferansen inviterte Kultur- og likestillingsdepartementet til innspelsmøte 26. august, der representantar frå ulike kulturorganisasjonar fekk komme med sine innspel. Noregs Ungdomslag var representert ved generalsekretær Magni Hjertens Flyum. Innspelet frå Noregs Ungdomslag kan du lese her.

Biletet viser generalsekretæren i NU, Magni Hjertes Flyum, foran ein bakgrunn med NU-pila

LEVANDE LOKALKULTUR ER GRUNNLAGET FOR BÆREKRAFTIGE LOKALSAMFUNN

Innspel til verdskonferansen for kulturpolitikk 26.8.2025. (Du kan lese meir om verdskonferansen her.)

Noregs Ungdomslag er ein frivillig organisasjon med røter tilbake til 1890-talet. Vi arbeider for levande lokalkultur og immateriell kulturarv i heile landet. Som ein av åtte akkrediterte NGOar i Noreg, har vi fått internasjonal anerkjenning for vår breie kunnskap om og kompetanse på levande kulturarv.

For oss er kultur ikkje berre pynt eller underhaldning – det er sjølve grunnlaget for berekraftige lokalsamfunn. Når vi dansar, spelar teater, driv små kulturhus og ungdomsklubbar, eller arrangerer jonsokfeiring eller smalehovelag, så byggjer vi identitet, fellesskap og læring på tvers av generasjonar. Dette er verdiar som ikkje kan målast berre i kroner, men som gir kraft til å skape berekraftige samfunn.

Noregs Ungdomslag legger eit frilynt menneskesyn til grunn og er oppteken av å skape møtestader på tvers av generasjonar og bakgrunn. Føremålet til NU er at vi gjennom folkelege kulturaktivitetar skal skape engasjement og levande lokalmiljø. Det er kjensla av fellesskap og viljen til å engasjere seg i eige lokalsamfunn som er med på å skape levande bygder. Kulturen må halde fram med å vere eit sterkt/solid middel for å nå eit mål om å skape fellesskap

I vårt langtidsprogram har vi peikt ut tre av FNs berekraftsmål som særleg viktige for oss:

• Mindre ulikskap

• Berekraftige byar og lokalsamfunn

• Samarbeid for å nå måla

Vi ser kvar dag at kultur kan bidra til alle tre. Lokale kulturhus og ungdomshus er møteplassar som reduserer ulikskap. Desse fellesskapa gir folk ei stemme og ei kjensle av å høyre til. Og frivilligheita – som vi representerer – er ein motor for samarbeid, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Difor vil vi peike på nokre behov framover:

Kulturen si rolle må få ein tydelegare plass i berekraftpolitikken, både nasjonalt og globalt.

Rammevilkåra for frivillige organisasjonar og organisasjonseigde eigde kulturhus må styrkast.

Den levande kulturarven overlever ikkje av seg sjølv. Den må haldast levande. For å greie det må det vere ei bevisst satsing på opplæring og vidareføring av den handborne kunnskapen. Gjennom tradisjonsoverføring, kurs og opplæring får nye generasjonar kompetanse og eigarskap.

Kultur er ikkje noko vi kan setje på toppen når alt anna er på plass – det er sjølve fundamentet. Utan kultur ingen identitet, utan identitet ingen fellesskap, og utan fellesskap – ingen berekraft.

Takk for ordet og god tur!