Bunadbruk er no på UNESCO-lista!
Den 5. desember 2024 vart bunadbruken i Noreg innskriven på UNESCO si representative liste over immateriell kulturarv. Omringa av eit fargerikt fellesskap med representantar frå alle kantar av verda, fekk bunaden skine i sentrum av det heile då det i dag vart offentleggjort på UNESCO sitt 19. internasjonale møte for konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven. Tusen takk til alle som har bidratt med innspel, fagkunnskap, erfaring og engasjement!

Det er med stoltheit, rørsle og glede vi kan fortelje at «Bunadbruk i Noreg, tradisjonshandverk og sosial praksis» er innskriven på UNESCOs representative liste over immateriell kulturarv. Omringa av eit fargerikt fellesskap med representantar frå alle kantar av verda, fekk bunaden skine i sentrum av det heile då det torsdag 5. desember vart offentleggjort på UNESCO sitt 19. internasjonale møte for konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven.
Applaus, gratulasjonar, beundring og respekt for handverk og variasjon fann stad i ein sal full av personar som verdsett levande kulturarv like høgt som oss sjølve. Dette melder våre representantar i Asunción, som sidan laurdag har vore på plass i Paraguay, der møtet har funne stad.
To representantar frå kvar organisasjon bak nominasjonen var til stades for å representere Noreg. Solveig Torgersen Grinder og Agnete Sivertsen fra Norges Husflidslag, Magni Hjertenes Flyum og Rita Sirirud Vatnehol frå Noregs Ungdomslag, Torunn Elise Kveen og Linda Aaboen fra Studieforbundet kultur og tradisjon, Camilla Rossing og Solveig Strand frå Norsk institutt for bunad og folkedrakt, og Målfrid Grimstvedt fra Norsk Folkedraktforum. Inga-Lill Sundseth, Hildegunn Bjørgen og Torbjørn Urfjell deltok frå Kulturdirektoratet.

Arbeidet med søknaden «Bunadbruk i Noreg, tradisjonshandverk og sosial praksis» starta i 2017. Da blei det inngått ein intensjonsavtale mellom Noregs Ungdomslag (NU), Norges Husflidslag (NH), Norsk Folkedraktforum (NFF), Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) og Studieforbundet kultur og tradisjon (SKT).
Sidan den gong har arbeidet med å få bunadbruken i Noreg inn på UNESCO-lista vore ein stor del av alle dei fem organisasjonane sin kvardag. Prosjektet har vore tema på fylkesårsmøte, årsmøte og landsmøte. Det har blitt utarbeida foldere, flygarar, brosjyrar og undervisningsmateriell. Vi har invitert til innspelsmøter, diskusjonsgrupper, og spørjeundersøkingar, og har prata med bunadbrukarar og handverkarar over heile landet. Vi har vore til stades under Arendalsuka fleire år på rad, og jobba standhaftig med å sette fokus på bunadstradisjonen.

Vegen til innskriving er lang, og ein søknad må gå igjennom fleire steg. Den må blant anna godkjennast av statsparten, UNESCOs sekretariat og Evaluation Body, før den endelege komiteen avgjerd om den blir godkjend.
UNESCO-kommisjonen har fem kriteria som søknaden må dekkje:
- Munnlege tradisjonar og uttrykk
- Utøvande kunst
- Sosiale skikkar, ritual og høgtid
- Kunnskap og praksis som gjeldt naturen og universet
- Tradisjonelt handverk.
Den allmenne bunadbruken i Noreg fyller alle disse kriteria, ifølge kommisjonen. Det er munnlege tradisjonar ved overleveringa av kunnskapen rundt både handverk og bruk frå tradisjon til tradisjon. Å lage ein bunad krev gode naturmateriale som ull, bomull og lin. Det er tradisjonelt handverk på høgt nivå, ivareteken av eldsjeler som sørger for å halde kunnskapen i hevd. Vi bruker dessutan bunaden på ein heilt særeigen måte i Noreg. Den blir brukt på fest, til høgtid, under overgangsritual, i folkedansringar, og under slottsmiddager.

Ein bunad er ikkje berre eit plagg, men eit symbol. Den skapar kontakt og dialog, og kan brukast av alle. Det finnes knapt eit meir kontaktskapande plagg i Noreg, og det er nettopp denne kombinasjonen av mangfald, tradisjon, kreativitet og tilhøyrsle som gjer at UNESCO no har skreve den norske bunadtradisjonen inn på den representative lista.
I Noreg har over 70% kvinner, og rundt 20% menn, ein eller fleire bunader. For mange er bunaden ein måte å knytte seg til der familien kjem ifrå. Andre vel ein bunad frå den staden dei føler mest tilknyting til. Nokon har ein bunad som har gått i arv gjennom generasjonar. For innvandrarar som kjem til Noreg, er det å skaffe seg ein bunad ein symboltung og vakker måte å kjenne tilhøyrsle i sitt nye heimland på. Bunaden er både integritet og integrering. Det er tilhøyrsle og nostalgi. Og det er ein direkte kontakt mellom fortid og notid.

Dei færraste av oss syr bunaden vår sjølv. Vi er avhengig av tradisjonsberarane, som sørger for at kunnskapen om handverket bak, ikkje forsvinn. Og vi er avhengig av at aktive og erfarne bunadbrukarar, vidarefører kunnskapen om korleis ein bruker bunaden.
Det er no det verkelege arbeidet byrjar – vi i organisasjonane bak «Bunadbruken i Norge, tradisjonshandverk og sosial praksis» skal arbeide videre for at tradisjonshandverket bak bunaden heldt fram. Vi vil fortsette å arbeide for betre vilkår og rammevilkår for bunadstilverkarar, for å oppretthalde framtidig produksjon av bunader i Noreg. Vi skal fortsette å gjere folk merksame på verdien som ligg i kunnskapen om både bruk og handverksteknikkar knytt til bunaden. Og vi skal fortsette å jobbe for å sikre tilgang til god informasjon og arbeide for vidareformidling av kunnskap mellom generasjonar.
No er alle dei som bærer bunaden ein del av UNESCOs immaterielle kulturarv! Så bær bunaden din med glede og stoltheit!
Gratulerer til alle saman!

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Noregs Ungdomslag med innspel til verdskonferansen for kulturpolitikk
29. september til 1. oktober skal kulturministre frå heile verda samlast på Mondiacult - UNESCOs verdskonferanse for kulturpolitikk, i Barcelona. I forkant av konferansen inviterte Kultur- og likestillingsdepartementet til innspelsmøte 26. august, der representantar frå ulike kulturorganisasjonar fekk komme med sine innspel. Noregs Ungdomslag var representert ved generalsekretær Magni Hjertens Flyum. Innspelet frå Noregs Ungdomslag kan du lese her.
26. august 2025


Bunaden på UNESCO-lista – stoltheit, utfordringar og vegen vidare
Den 5. desember i 2024 vart bunadbruken i Noreg innskriven på UNESCO si representative liste over menneskeheitas immateriell kulturarv. Innskrivinga er ein stadfesting av den breie og folkelege bruken, det omfattande handverket og den store variasjonen av bunadstradisjonar over heile landet. Men kva no?
12. august 2025


Nynorskens framtid under lupa på Arendalsuka
Korleis står det til med nynorsken i dag, og korleis vil språkmangfaldet i Noreg sjå ut i framtida? Det var hovudspørsmålet då Nynorsk forum samla forskarar, politikarar og språkfolk til ein språkpolitisk verkstad måndag 11.august, under Arendalsuka 2025. Seinare inviterte Noregs Mållag til debatt om sidemålet, i "Det store Sidemålslaget".
5. august 2025
