Bunaden på UNESCO-lista – stoltheit, utfordringar og vegen vidare
Den 5. desember i 2024 vart bunadbruken i Noreg innskriven på UNESCO si representative liste over menneskeheitas immateriell kulturarv. Innskrivinga er ein stadfesting av den breie og folkelege bruken, det omfattande handverket og den store variasjonen av bunadstradisjonar over heile landet. Men kva no?

På Arendalsuka 2025 presenterte historikar Mette Vårdal rapporten Bunad nå! Status 2025. Rapporten er blant anna basert på ei undersøking gjort av Nordstad for Institutt for bunad og folkedrakt, og er delt i tre delar: Ein historisk gjennomgang, talmateriale og ei drøfting av problemstillingar, som til saman gir eit breitt bilete av dagens situasjon.
Frå kulturkamp til nasjonalsymbol
I dag ser mange på bunaden som eit samlande symbol for Noreg. Men slik har det ikkje alltid vore. På 1920-talet var bunaden eit smalt fenomen, knytt til ein kulturkamp om kva som skulle vere gjeldande i norsk kultur. Først etter andre verdskrig fekk bunaden ein brei, folkeleg status. Likevel kan han opplevast ekskluderande, og det er vi, bunadbrukarane sjølve, som set grenser for kven som er «innanfor», fortel Vårdal.

Bruken er prega av sterke tradisjonar: Bunaden blir gjerne brukt på 17. mai, i bryllaup, dåp og konfirmasjon. Mange meiner han bør vere frå staden ein kjem frå eller der slekta har røter. Konservatisme pregar i stor grad bruken, særleg blant dei som arvar tradisjonar utan å utfordre dei.
Rapporten synte at bunadbrukarar ofte fell i ein av tre kategoriar:
- Den bunadsinteresserte. Desse er engasjerte, kunnskapsrike og mobiliserbare.
- Den jamne bunadbrukaren. Denne gruppa er ofte konservativ og tradisjonsbunden. Kunnskapen er ofte avgrensa til lokal, overført kunnskap. Det i denne gruppa vi finn «bunadspolitiet».
- Den alternative bunadbrukaren. Desse er kreative, nytenkjande og løysingsorienterte, men vanskeleg å organisere.
Når den norske bunadbruken blei innskriven på UNESCO si liste over immateriell kulturarv i fjor, inkludera det alle desse tre kategoriar av ulike brukarar. Og alle tre er like viktige for å halde bunadtradisjonen levande, seier Vårdal.
Festdrakta som inngong til framtidig bunadshandverk
I samtalen om framtida peikte fleire i panelet på at bunadtradisjonen må tole å stå i spennet mellom å vere tradisjonsberar og noko som er i stadig utvikling. Organisasjonane som står bak nominasjonen representera om lag heile spekteret for bunadbruk: For nokon handlar det om å verne historiske bunader med ubroten tradisjon, eller rekonstruerte drakter, noko som krev spisskompetanse i gamle teknikkar. Andre meiner vi må senke terskelen for bruk og læring, og ikkje vere redde for små feil eller for å gjere reparasjonar sjølv.
- Vi må gi rom til nye bunadbrukarar, seier Camilla Rossing, frå Institutt for bunad og folkedrakt, og peikar på bunaden som eit symbol for mange nye innbyggjarar for at no er dei ein del av det norske samfunn.
Dei såg i stor grad individualiseringa av bunaden, altså dei som gjerne vil sy festdrakt av gamle dukar og gardiner, som både ein moglegheit og ein inngang til djupare handverksinteresse:
- Kanskje ender dei vidare på handverkskurs, og nokon kjem til å bli bitt av basillen. Da skal vi stå klare til å ta dei imot, sa Magnhild Peggy Jones, frå Norsk folkedraktforum.
Rossing er einig og viser til at fleire og fleire unge handverksutøvarar ringer instituttet for å hente kunnskap, ofte fordi dei er i gong med å sy seg ein festdrakt. – Dette er ein veg inn, seier ho.
Produksjon under press
Mangelen på fagfolk, læreplassar og økonomisk støtte vart trekt fram som dei største utfordringane i bunadshandverket. - Utdanningsmyndigheitene må ta større ansvar for å sikre tilbod og læreplassar innan små handverkstradisjonar. For å unngå at Noreg berre blir eit land av bunadbrukarar utan produsentar, må staten bidra økonomisk, seier Kjærsti Gangsø, frå Studieforbundet kultur og tradisjon.

Handverkskunnskapen som ligg bak produksjonen av bunaden er kritisk. Dei fleste som tek svennebrev i bunad er vaksne kvinner, ofte utan tilbod om formell utdanning på linje med yngre lærlingar. Frivillige lag og kurs er difor heilt avgjerande for å halde kunnskapen levande. Interessa er for å sy sjølv er likevel aukande, særleg blant unge. Vårdal peikar på at kurs i bunadsøm har hatt jamn vekst sidan 2015.
Rapporten viser at dei fleste bunadsprodusentane i Noreg har ei årsomsetning under ein million kroner, medan eit fåtal store aktørar står for millionomsetning – ofte med produksjon i utlandet. Om lag 45 prosent av bunadene som blir selde i dag, er heilt eller delvis laga utanfor Noreg. Dette trugar ikkje bruken direkte, men set handverkskompetansen i fare.
Særleg dei herrebunadene som liknar ein dress, slik som nokre frå Hallingdal og Telemark, har vore vanskelege å produsere i Noreg til konkurransedyktig pris. Menn får også i mindre grad bunaden sin i gåve, i motsetnad til kvinner som i stor grad får bunaden sin til konfirmasjonen. Derfor blir omsynet til pris også viktigare.
UNESCO-statusen gir ei unik moglegheit til å synleggjere bunaden som både kulturarv og levande sosial praksis. Men framtida vil krevje samspel mellom tradisjon og fornying, og eit sterkt engasjement frå både handverkarar, organisasjonar og brukarar.



Fleire aktualitetar
Sjå alle
Søk gjesteinstruktør for våren 2026
Skal de arrangere kurs i til dømes teater eller dans og vil ha besøk av ein instruktør? Søk innan 1. november på gjesteinstruktørordninga vår for kurs våren 2026.
16. september 2025


Søk om å bli med på FolkLeiarUng
Søk om å bli med på FolkLeiarUng dans eller musikk. Søknadsfristen er 28. august. Eit prosjekt for folkemusikarar og folkedansarar mellom 15-25 år.
28. august 2025


Noregs Ungdomslag med innspel til verdskonferansen for kulturpolitikk
29. september til 1. oktober skal kulturministre frå heile verda samlast på Mondiacult - UNESCOs verdskonferanse for kulturpolitikk, i Barcelona. I forkant av konferansen inviterte Kultur- og likestillingsdepartementet til innspelsmøte 26. august, der representantar frå ulike kulturorganisasjonar fekk komme med sine innspel. Noregs Ungdomslag var representert ved generalsekretær Magni Hjertens Flyum. Innspelet frå Noregs Ungdomslag kan du lese her.
26. august 2025
