Folkedans der vi bur
Noregs Ungdomslag har fått tilskot frå Sparebankstiftelsen DNB til å gjennomføre pilotprosjektet Folkedans der vi bur. Føremålet med prosjektet er å auke eller vekke til live ei folkedansinteresse i lokalmiljøa og skape enda meir engasjement i ungdomshusa.

Hovudmålet med pilotprosjektet er å få til meir folkedansaktivitet for barn og unge. Gjennom prosjektet kan lokallaga få eit skreddarsydd opplegg som kan hjelpe dei med å skape ny aktivitet, utvide eksisterande aktivitet eller tenkje nytt om korleis engasjere yngre gjennom dans.
Piloten involverer i første omgang utvalde lokallag i det geografiske nedslagsfeltet til stiftinga, men vi håpar at prosjektet vil føre til ei utviding etter kvart.
Prosjektet har ei stram tidsline med eit mål om å ha gjennomført alt av arrangement og aktivitet innan november 2026. Før sommaren vil ein vite kva lag som får vere med.
Profesjonelle med på laget
Vi er så heldige å ha fått knytt til oss Silje Onstad Hålien og Sigurd Johan Heide som profesjonelle dansarar, koreografar og pedagogar til prosjektet. Desse to vil i samarbeid med lokallaga planlegge og gjennomføre lokale prosjekt.
Både Silje og Sigurd har lang og brei erfaring som dansarar, koreografar og pedagogar. Dei er også begge kunstnarlege leiarar for kvart sitt dansekompani. Silje for Mamelukk Dansekompani og Sigurd for Kartellet. Begge har mykje erfaring med å skape danseaktivitet i samarbeid med både profesjonelle og amatørar, og har god kjennskap til folkedansmiljøet i Noreg.

Samskaping med lokalmiljøa
Ein føresetnad i prosjektet er eit aktivt samarbeid mellom ressurspersonar i lokallaget og dei profesjonelle aktørane. Lokallaget må sjølve finne ut kva ønske og behov dei har. Saman med Silje og Sigurd skal ressurspersonar i lokallaget samarbeide om å skreddersy eit opplegg for sitt lokalmiljø. Aktivitetane i prosjektet kan variere frå plass til plass, men både kurs, work-shops, framsyningar og dansefestar er noko vi ser føre oss at kan skje.
Det er viktig at lokallaget får eigarskap til prosjektet slik at det ikkje blir ei enkelthending, men blir eit opplegg som kan stimulere til auka rekruttering og meir danseaktivitet også framover. Samarbeidet med Silje og Sigurd kan t.d. danne startskotet for den vidare aktiviteten i laget.
Vi ønskjer at prosjektet kan vere med på å styrke tradisjonane i dei lokalmiljøa som blir med i piloten. Difor er det også ein føresetnad at dei lokale dansetradisjonane blir løfta inn i prosjektet. Då er ein avhengig av å ha med seg lokale ressurspersonar med kjennskap til denne.
Fyll ungdomshusa med dans!
Eit anna mål med pilotprosjektet er å skape meir aktivitet i ungdomshusa. Mange stader er ungdomshuset hjartet i bygda og der det skjer, medan andre stader står huset mykje tomt. Det finst mykje potensiale i dei husa våre lag har. Det er ikkje eit krav om å ha eige hus for å vere med i prosjektet, men det er nødvendig at ein har tilgang til eigna lokale for gjennomføring av danseaktiviteten. Har laget eit ungdomshus som ein greier å fylle med fleire folk og meir dans, så er det eit stort pluss.
Søk om å få vere med
Sparebankstiftelsen DNB løyver tilskot til prosjekt og arrangement i eit avgrensa geografisk nedslagsfelt. Dette er Østfold, Akershus, Oslo, Oppland, Buskerud, Vestfold og Telemark, samt Ringsaker kommune.
I dette pilotprosjektet er det difor lokal- eller fylkeslag i desse områda som kan søkje om å få vere med. I starten av juni vil dei lokallaga som blir valt ut til å vere med få beskjed, og ein vil starte planlegginga av dei lokale prosjekta. Piloten har kapasitet til om lag fem lokallag eller lokale prosjekt. Det er mogleg for fleire lokallag å samarbeide om å vere med.
Søknadsfrist 31.mai.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Reisebrev: Nordring 2026
01.-05. april 2026 var Julia Vinogradova (Nordland Ungdomslag), Jenny Gunleikskås (Gjerpen Fr. Ungdomslag), Johanne Granli (Lom spel- og dansarlag), Yasmin Alonzo Ullestad (BUL Oslo) og Hallvard Blok (BUL Sarpsborg) på Nordring i Höllviken i Sverige.
12. juni 2026


Frivilligdrivne kulturbygg samla organisasjonar til fagsamling
På Nynorskens hus i Oslo samla 22 deltakarar frå ulike organisasjonar seg måndag 2. juni til fagsamling om frivilligdrivne kulturbygg. Samlinga løfta fram kor viktige desse husa er som møteplassar for kultur, fellesskap og frivilligheit, og hadde som mål å dele røynsler, løfte felles utfordringar og drøfte korleis organisasjonane saman kan påverke det vidare arbeidet med rammevilkår.
2. juni 2026


Måndagsdans på ungdomshuset
Vi har veldig lyst å starte opp igjen med måndagsdans for vaksne til hausten.
26. mai 2026

