Hopp til hovedinnhold

Landsmøte 2026praktisk informasjonLes meir her

Arrangement

Dette skjedde Landsmøtet i 2026

Oslo, 18,-19. april - Seminar, kurs, debatt, dans og 86 røysteføre delegatar i salen: her er eit lite samandrag av kva som skjedde på landsmøtet til Noregs Ungdomslag.

Biletet viser alle deltakarane på årets Landsmøte

130-årsjubileum

At Noregs Ungdomslag fyller 130 år i 2026, gjekk som ein raud tråd gjennom heile landsmøtehelga. Møtet vart offisielt opna med eit utdrag frå diktet «Fram peiker pila», skrive av Jan-Magnus Bruheim til 75-årsjubileet for 55 år sidan. Terje Svindseth las diktet, ledsaga av nydelege tonar frå Julia Vinogradova og Sigrid Vågan Aunsmo på hardingfele.

Styreleiar Tone Mjelde opna landsmøtet med ei lita teaterframsyning ho hadde førebudd i all løynd, til stor latter og glede for dei frammøtte, før ho heldt opningstalen for året. Den kan du lese her.

Alle delegatane på landsmøtet fekk utdelt den heilt nye jubileumsboka Samfunnsbygging i 130 år, skriven av Jan Kløvstad og Lene Storhaug. Boka tek for seg historia til Noregs Ungdomslag – frå dei første grasrotrørslene på 1850-talet, via skipinga i 1896 og gjennom heile 1900-talet, og fram til vår eiga tid.

Jakob Bjerkem var invitert til landsmøtet for å halde jubileumsføredraget «Noregs Ungdomslag – kva har vi å vere stolte av?». Bjerkem har vore ein bauta i NU-historia og ein viktig inspirator for mange. Til stor overrasking vart han utnemnd til æresmedlem i Noregs Ungdomslag.

Her kan du lese meir om det.

Jakob Bjerkem på talarstolen under Landsmøtet 2026
Jakob Bjerkem, foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug

Bunadsaum

Fredag 17. april kunne landsmøtedelegatane vere med på ei rekkje seminar og kurs i lokala til Noregs Ungdomslag i Øvre Slottsgate 2B. Eit av tilboda var broderikurs med Barbro Storlien, der deltakarane fekk brodere Hulda-mønster på grillvottar.

Biletet viser ein person som broderer
Det var djup konsentrasjon og god stemning under broderikurset på fredag.
Tre kvinner som viser fram kvar sin heimelaga grillvott med broderi
Fleire fekk gjort ferdig votten sin under Landsmøtet. Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug

Festmiddag og dansefest

Laurdag kveld var det klart for landsmøtefest med middag og dansefest. Under middagen fekk Else Elise Sætre Bullhus ei velfortent oppmerksemd for innsatsen sin i Noregs Ungdomslag, og vart overrakt seks sølvskjeier og blomar.

Kven veit? 2026 vart avgjort denne helga, og vinnarane kunne endeleg offentleggjerast. Førsteplassen gjekk til BUL Ervingen, lag A.Du kan lese meir om det her.

Den kanskje mest gjeve prisen under landsmøtet, Årets lokallag, vart også delt ut. Fem lag var nominerte, og etter at alle stemmene var talde opp, var det Ungdomslaget Fram Rogne som fekk utmerkinga.Dette kan du lese meir om her.

Biletet viser ei kvinne som heldt eit diplom og ein blomebukett
Kari Kolseth frå UL Fram Rogne tok stolt imot prisen på vegne av laget. Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug

Dansefest

Etter middagen spelte Flatlusa opp til dans, og sveitte, glade og bunadkledde ungdomslagsfolk svinga seg til klokka 24. Kvelden vart avrunda med broderring.

biletet viser fleire menneske som dansar
Dansefest på laurdag
Fleire folk med ulike instrumenter
Flatlusa stod for musikken laurdagskvelden
Mange menneske som dansar
Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug

Fråsegn

Sundag var siste møtedag, og tre fråsegner vart vedtekne. Dei kan du lese her.

Val

Tone Mjelde vart gjenvald som leiar i Noregs Ungdomslag. Terje Svindseth gjekk ut av styret etter tretten år med stor og viktig innsats. Han vart samstundes valt inn som vara i valnemnda.

Styret fekk elles eitt nytt styremedlem og ein ny varamedlem. Mats Tveraaen (f. 1995) frå Inn-Trøndelag Ungdomssamlag vart vald inn som nytt styremedlem for ein periode på to år. Eirik Michelsen (f. 1989) frå Telemark Ungdomslag vart vald inn som ny varamedlem for eitt år.

Alt i alt har det vore ei særs vellukka landsmøtehelg. Vi takkar alle som deltok og bidrog med engasjement, gode saker, kloke innspel, sterke meiningar – og ikkje minst latter og dans.

ein gruppe mennesker
Deler av styret under årets Landsmøte