Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 8. oktoberLes meir og meld deg på her

Kven Veit? 2026: Endeleg resultat

Siste tevlingsrunde med Kven Veit? 2026 er gjennomført og alle deltakarlag har sendt inn sine resultat. Under festmiddagen på Landsmøtet 2026 vart den endelege pallplasseringa kunngjort.

Fram mot siste runde var det fleire lag som kniva om dei ulike pallplasseringane, og det låg opp til fleire lag på kvar pall.

Etter siste runde endte likevel pallplasseringane med eit lag på kvar plass:

1. plass (78 poeng)

  • BUL Ervingen Lag A

2. plass (77 poeng)

  • BUL Steinkjer Dansarane

3. plass (76 poeng)

  • Fjærland UL Bøyum Camping
Biletet viser ei kvinne som heldt opp eit diplom og ein blomebukett
BUL Ervingen Lag A stakk av med sigaren til slutt. Diplom og blome vart tekne imot på vegne av laget, av Dagrun Daltveit frå Bergen Ungdomslag Ervingen, forøvrig frå det konkurrerande laget BUL Ervingen Lag B. Foto: Noregs Ungdomslag/Magni Hjertenes Flyum

76 lag konkurrerte i årets Kven Veit? tevling

Her kan du sjå heile poenglista

Noregs Ungdomslag gratulera så mykje, og takkar alle lag for innsatsen i 2026!

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag

Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.

7. oktober 2026

Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Ny rapport: Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Kven Veit? 2026: Endeleg resultat | Noregs Ungdomslag