Hopp til hovedinnhold

Landsmøte 2026praktisk informasjonLes meir her

Nyheiter

Velkommen til landsmøte 2026!

Landsmøte 2026 i Noregs Ungdomslag vart opna med musikk, poesi og latter – før styreleiar Tone Mjelde ønskte velkomen i eit jubileumsår prega av både stoltheit, alvor og framtidstru.

Tone Mjelde på talarstolen under Landsmøtet 2026

Med vakre feletonar frå Julia Vinogradova og Sigrid Vågan Aunsmo, las Terje Svindeth utdrag frå diktet “Fram peiker pila”, som vart skriven til Noregs Ungdomslag i samband med 75-årsjubileet for 55 år sidan. Ein passande åpning i eit jubileumsår.

Biletet viser ei kvinne, styreleiar Tone Mjelde på scena under Landsmøtet 2026
Styreleiar Tone Mjelde starta Landsmøtet med ein mini-teaterframsyning skriven for anledninga. (Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug)

Styreleiar Tone Mjelde viste teatermusklar då ho kom springande inn med trillekoffert og prøvde å få hjelp av ein automatisert KI‑hjelpar på høgtalar (spelt bak sceneteppet av Ida Maria Dyvik) til både innsjekk og taleførebuing. Det er ikkje lett med bot’ar som blandar saman Natur og Ungdom, Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag – eller Natur og Ungdomsmållag, som det enda med. Heldigvis ordna det seg, og styreleiaren kunne ønskje salen velkomen med årets opningstale:

Velkommen til landsmøte 2026!

Kjære landsmøte!

Dette: Å samle NU-flokken til ei helg med menneskemøte, dans, underhaldning, viktige vedtak og kaffiprat er årets høgdepunkt for meg. Det er kjekt å stå her og sjå utover ei forsamling med nåken av dei viktigaste i organisasjonen vår; tillitvalgte i lokal og fylkeslag. De kjem frå små og store lag. Frå hus som det er lys i kvar veke, men og frå lag som står midt i å finne vegen vidare.

Desse dagane skal me bli klokare, endå meir samansveisa, me skal diskutere og peike ut retninga for organisasjonen vår. Og me skal feire, feire oss sjølv og organisasjonen vår som er 130 år i år.

Det siste året har me arrangert kurs, møteplassar og festivalar. Me har arbeida med rekruttering og inkludering. Me har løfta bunad og folkedans, me samle teaterfeltet og me har arbeida for at kulturarven vår skal leva vidare i levande fellesskap. Me har vore på høyringar, skrive søknader som blekket har spruta med resultat på heile to millionar ekstra gjennom auka løyve i statsbudsjettet og midlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Men det viktigaste av alt, gjer de der ute. For det er de som heldt liv i møteplassar over heile landet. Utallige gongar har døra inn til ungdomshuset eller i lokale dykkar blitt låst opp dette året, og i huset i bygda har små og store fått delteke i eit fellesskap.

Men å ha ansvar for huset i bygda kan vere tyngande. Vedlikehaldsetterslepet på organisasjonseigde kulturbygg er enormt og det er stort behov for investeringar. Difor er det med stor glede at det er klart at det er fleirtal på Stortinget for å innføre momskompensasjon til organisasjonseigde kulturbygg. Etter mange år med politisk arbeid ligg det no an til eit historisk gjennombrot for frivillig eigde kulturarenaer over heile landet.

Noreg ungdomslag har arbeidd for dette i over tjue år. For vår organisasjon er dette difor eit viktig gjennombrot. Det er ikkje slutten på arbeidet, men gjev eit heilt nytt utgangspunkt for vidare politisk arbeid. Det er ikkje lenger eit spørsmål om ordninga skal kome men korleis ho skal vere utforma og kor raskt ho kan settast i verk. Me skal vere utruleg stolte over dette!

Me lever i ei tid der mykje er utrygt. Det er ikkje mange år sidan eg ikkje kunne forestille meg den verdssituasjonen me lever i i dag. Krig og beredskap er ein del av kvardagen i Europa. Demokratiet er under press, ikkje berre langt borte, men nærare enn me likar å tru. Polariseringa veks, og fellesskap kan ikkje lenger kan takast for gitt.

Noregs ungdomslag er ein organisasjon der menneske møtes på tvers av alder, bakgrunn og meiningar. Me lærer å samarbeide. Me kjenner på meistring. Me dannar eigne meiningar og får vere med å bestemme. Det er demokrati i praktisk.

I ei verd der mykje dreg folk frå kvarandre, må me vere dei som samlar. I ei tid der det er lett å bli overvelda og passiv, må me vere dei som går fremst. I ei verd der mange kjenner seg åleine, må me vere dei som seier «velkommen inn».

Det er ikkje berre enkelt. Det krev mykje å halde eit lag i gang. Det krev folk, tid, energi. Mange kjenner på slitasje på både folk og hus. Derfor er denne helga, hovuda og hjartene dykkar viktig. Kva treng laga våre no? Kva må me gjere annleis? Korleis kan me gjere det lettare å vere frivillig? Korleis gjere at endå fleire kjenner på fellesskap og meistring?

Så når me no opnar dette landsmøtet, så håpar eg me tek med oss tre ting inn i arbeidet:

At me er stolte av det me har fått til. At me er ærlege om det som er krevjande. Og at me tør å tenkje stort om kva Noregs Ungdomslag kan vere i framtida.

Det det du gjer og det me gjer i fellesskap betyr noko. For lokalsamfunna våre, for kultur, folk og for demokratiet vårt.

Med det vil eg ønskje dykk alle eit godt landsmøte. Eg gler meg!

Tone Mjelde talar til landsmøtesalen
Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug