Fråsegner frå Landsmøtet 2026
Landsmøtet 2026 vedtok tre nye fråsegn. Les dei her!

Frå vurdering til handling
Landsmøtet i Noregs Ungdomslag ønskjer Stortinget sitt vedtak om betre rammevilkår for organisasjonseigde kulturbygg velkome.
Vedtaket er eit viktig gjennombrot og ei tydeleg anerkjenning av den rolla frivillig eigde kulturbygg spelar som møteplassar for kultur, fellesskap og lokal aktivitet over heile landet. Ungdomshus, grendehus og forsamlingslokale er ryggrada i mykje av det frivillige kulturlivet, og ein berebjelke i kulturens infrastruktur.
Samtidig er landsmøtet tydeleg på at vedtaket ikkje er nok i seg sjølv.
Når Stortinget ber regjeringa vurdere ei eiga momskompensasjonsordning og greie ut ein særskild andel for frivillige lag i kulturbyggordninga, er dette berre første steg. Frivilligheita har ikkje råd til fleire år med nye vurderingar og utgreiingar medan husa våre forfell, straumrekningane aukar og naudsynte oppgraderingar blir utsette.
No må regjeringa gå frå vurdering til handling.
Landsmøtet krev at regjeringa allereie i neste statsbudsjett legg fram konkrete tiltak som:
- etablerer ei eiga momskompensasjonsordning for organisasjonseigde kulturbygg
- sikrar øyremerkte midlar til frivillige lag innanfor den desentraliserte ordninga for kulturbygg
- gir betre støtte til modernisering, energieffektivisering og universell utforming
- styrkjer små og mellomstore lag si evne til å halde bygga i drift
Arbeidet med kulturarenastrategien fram mot 2027 må nyttast til å byggje ein langsiktig politikk for frivillig eigde kulturarenaer, men strategiarbeidet kan ikkje bli ei orsaking for å utsetje naudsynte grep.
Me treng ikkje fleire utgreiingar. Me treng handling. No.

Samfunnsutbytet er ei investering i levande lokalsamfunn
Landsmøtet til Noregs Ungdomslag vil verne sparebankmodellen og sikre at overskotet frå grunnfonda kjem fellesskapet til gode. Landsmøtet er uroa over utviklinga der ein stadig mindre del av overskotet frå den eigarlause samfunnskapitalen i sparebankane går til frivillig sektor, kultur og lokalsamfunn, og heller blir gitt som kundeutbyte. Dette utfordrar sjølve grunnideen i sparebanktradisjonen: at verdiar bygde opp gjennom generasjonar skal gå tilbake til fellesskapet.
Sparebankane har i over 200 år vore meir enn reine finansinstitusjonar. Dei har vakse fram som lokale verksemder med eit tydeleg samfunnsoppdrag: å tene lokalsamfunna dei er ein del av. Ein viktig del av dette oppdraget er den eigarlause samfunnskapitalen, òg kalla grunnfondet. Dette er verdiar som er bygde opp gjennom generasjonar, utan private eigarar med krav på avkastning. Overskotet frå denne kapitalen har tradisjonelt blitt nytta til gode føremål i lokalsamfunna.
For frivillige lag, ungdomshus, kor, korps og idrettslag over heile landet har desse midlane vore avgjerande. Dei har gjort det mogleg å halde oppe aktivitetar for barn og unge, skape levande bygder og styrkje fellesskap og tilhøyrsle.
I ei tid der mange lokalsamfunn opplever press, fråflytting og stramme offentlege rammer, er desse midlane ein viktig del av den sosiale infrastrukturen i Noreg. Dei gjer heilt konkrete ting mogleg: øvingar, arrangement, drift av ungdomshus, grendehus og andre samlingsstader.
Landsmøtet i Noregs Ungdomslag meiner dette er eit viktig prinsipielt spørsmål. Dette handlar ikkje om å vere mot at bankkundar får gode vilkår. Det handlar om å verne ein særnorsk modell som i generasjonar har bidrege til levande lokalsamfunn, frivillig aktivitet og sosial infrastruktur over heile landet.
Når ein stadig større del av overskotet frå grunnfondet går til kundeutbyte, blir mindre att til fellesskapet. Det svekkjer frivillig sektor, lokale møteplassar og kulturaktivitetar i heile landet.
Landsmøtet meiner difor at den eigarlause samfunnskapitalen må vernast, og at overskotet frå grunnfonda framleis i hovudsak skal kome frivillig sektor, kultur og lokalsamfunn til gode.
Landsmøtet i Noregs Ungdomslag ber styresmaktene legge til rette for eit regelverk som
- vernar den eigarlause samfunnskapitalen i sparebankane
- sikrar at overskotet primært kjem lokalsamfunn og frivillig sektor til gode
- tek vare på den norske samfunnsbyggjande sparebanktradisjonen
Å verne sparebankmodellen er å styrkje lokalsamfunna. Det er ei investering i deltaking, kultur, fellesskap og framtidig samfunnsrobustheit.

Behovet for fysiske møteplassar i ei digital tid
Vi lever i ei tid der stadig fleire delar av kvardagslivet vert digitalisert. Handel, tenester og sosiale relasjonar flyttar seg i aukande grad over på skjerm og plattformar. Denne utviklinga har mange fordelar, men ho har òg ei tydeleg bakside: ei aukande kjensle av framandgjering og svekka tilknyting til lokalsamfunn og medmenneske.
Frivillige lag og organisasjonar utgjer saman med lokale forsamlings- og kulturhus, heilt sentrale arenaer for fellesskap, deltaking og identitetsbygging. Dette er stader der menneske møtest ansikt til ansikt, der ein lærer å samarbeide, utviklar tillit og kjenner seg som del av noko større enn seg sjølv. Slike møteplassar fungerer som ei nødvendig motvekt til ei utvikling der stadig meir av samhandlinga vert filtrert gjennom digital teknologi.
Erfaringane frå koronapandemien understrekar dette med all tydelegheit. Nedstenginga av samfunnet førte til at born og unge mista tilgang til dei viktigaste sosiale arenaene sine. Forsking viser at digital kontakt ikkje kunne erstatte fysiske møte og at mange ungdomar opplevde det sosiale tapet som det mest smertefulle ved pandemien. Tapet av dagleg kontakt med jamaldringar gjekk utover både tilhøyrsle, identitetsutvikling og psykisk helse.
Dette er ei viktig lærdom: Menneskelege relasjonar krev nærvær. Dei kan ikkje fullt ut digitaliserast.
Samtidig er 2026 peikt ut som eit beredskapsår. Her må vi løfte blikket og erkjenne at beredskap ikkje berre handlar om materiell, infrastruktur og kriseplanar. Det handlar òg om samfunnsrobustheit, om tillit, samhald og psykososial balanse. Eit samfunn med sterke møteplassar, aktive frivillige miljø og levande kulturarenaer står betre rusta til å handtere kriser.
Frivilligheita og dei lokale møteplassane er difor ein del av den nasjonale beredskapen.
I ei tid der både handel og kvardagsliv vert meir digitalisert, må det vere eit politisk mål å styrkje dei fysiske arenaene for fellesskap. Dette krev langsiktig satsing på frivillige organisasjonar, trygge møteplassar for born og unge, og gode rammevilkår for kulturhus og lokale samlingsstadar.

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Dette skjedde på Landsmøtet i 2026
Oslo, 18,-19. april - Seminar, kurs, debatt, dans og 86 røysteføre delegatar i salen: her er eit lite samandrag av kva som skjedde på landsmøtet til Noregs Ungdomslag.
19. april 2026


Kven Veit? 2026: Endeleg resultat
Siste tevlingsrunde med Kven Veit? 2026 er gjennomført og alle deltakarlag har sendt inn sine resultat. Under festmiddagen på Landsmøtet 2026 vart den endelege pallplasseringa kunngjort.
19. april 2026


Årets lokallag 2025 er kåra!
Årets lokallag 2025 er Ungdomslaget Fram Rogne!
19. april 2026
