Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 8. oktoberLes meir og meld deg på her

Frivilligdrivne kulturbygg samla organisasjonar til fagsamling

På Nynorskens hus i Oslo samla 22 deltakarar frå ulike organisasjonar seg måndag 2. juni til fagsamling om frivilligdrivne kulturbygg. Samlinga løfta fram kor viktige desse husa er som møteplassar for kultur, fellesskap og frivilligheit, og hadde som mål å dele røynsler, løfte felles utfordringar og drøfte korleis organisasjonane saman kan påverke det vidare arbeidet med rammevilkår.

Biletet viser fire mennesker i ein panelsamtale

Programmet baud mellom anna på ein politisk samtale om vegen vidare etter vedtaket om momskompensasjon, presentasjonar om bedehus, ungdomshus, og nabolaghus, og gruppearbeid om korleis dei frivilligdrivne bygga kan bli sikra i den komande kulturarenastrategien. Etter panelsamtalen fekk deltakarane òg ei kort omvising i teatersalen og historia til huset og BUL Oslo, ved Marie Nicolaisen.

Sofie Furu frå SoCentral fortalte om nabolaghus. Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug

I samtalane gjennom dagen vart det peika på behovet for meir føreseielege og heilskaplege støtteordningar for eigarar av frivilligdrivne kulturbygg. Fleire løfta fram at det frivillige eigarskapet må takast vare på, og at husa ikkje berre er arenaer for aktivitet, men òg ein viktig sosial infrastruktur i lokalsamfunna. Det vart understreka at slike hus kan motverke einsemd og utanforskap, samle generasjonar og styrkje den lokale tilhøyrsla. Gruppearbeidet synte stort engasjement, og gav mange innspel til det vidare politiske arbeidet.

Panelsamtale under hussamlinga. F.v.: Ole Hermann Sveian frå Senterpartiet, Karen Sofie Sørensen frå Kulturrom og Christoffer Knagenhjelm frå Noregs Ungdomslag. Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug

Arbeidet med kulturarenastrategien blir no særleg viktig for dei frivilligdrivne kulturbygga. Stortinget har vedteke å be regjeringa greie ut ein særskild andel for frivillige lag innanfor den desentraliserte ordninga for tilskot til kulturbygg, eller på annan måte sørgje for at fleire midlar kjem fram til dei frivillige laga. I same saka har Stortinget òg bede regjeringa vurdere ei eiga momskompensasjonsordning for organisasjonseigde kulturbygg for kostnader knytte til oppgradering, modernisering, energieffektivisering og universell utforming.

For Noregs Ungdomslag er dette arbeidet ein del av eit langsiktig engasjement for å styrkje dei frivilligdrivne kulturbygga som berebjelkar i lokalsamfunna. Gjennom samlinga på Nynorskens hus samla vi erfaringar, løfta felles utfordringar og tok med seg innspel som kan brukast vidare i arbeidet for betre rammevilkår for husa.

Samarbeid på tvers av organisasjonar er avgjerande for å sikre at desse husa får leve vidare, blir teke vare på og fylgde opp. Det blir fleire samlingar i 2026 der frivillig- og organisasjonsdrivne hus står på agendaen:

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag

Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.

7. oktober 2026

Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Ny rapport: Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026