Hussamling på Gol
Arrangør: Gol Ul
Har du eit ungdomshus, grendahus, bygdahuseller bedehus du vil gi nytt liv?
Eller kanskje du berre vil hente inspirasjon, dele erfaringar og møte andre som står på for å halde husa i bygdene levande?
- Vonheim ungdomshus, Gol
- Gratis

Huset i Bygda inviterer til den aller første hussamlinga på Austlandet – på Gol i Hallingdal. Me byr på gode samtalar, nyttig kunnskap og inspirasjon til vidare arbeid med huset ditt.
Stad: Vonheim Ungdomshus (Gol Ungdomslag), Hemsedalsvegen 21
Tid: Onsdag 3. juni kl. 19.00–21.00
Huset i Bygda – no på austlandet!
Huset i Bygda har i snart 20 år vore i drift i Sogn og Fjordane, i tillegg til å ha hatt prosjektperiodar i Hordaland, Møre og Romsdal og Trøndelag. No i 2026 startar me opp på austlandet, og ønskjer difor å invitere til denne første av mange samlingar på denne sida av langfjella.
På samlinga vil du få informasjon om kva Huset i Bygda er, korleis me jobbar, og kva konkret me kan hjelpe dykk med. I tillegg blir det eit fagleg foredrag om brannvern og korleis du held huset trygt og og sikkert for brukarane.
Dette blir både praktisk, inspirerande og nyttig – og sjølvsagt ein triveleg møteplass for alle som brenn for dei levande husa våre!
Program
- Presentasjon av Huset i Bygda – nasjonalt og på austlandet
- Presentasjon av Vonheim ungdomshus
- Drift av bygg; brannvern
- Kulturarenastrategi og politisk arbeid
- Kvifor kartlegge, og korleis hjelpe til?
Vi håpar mange tek turen – dette blir ein unik sjanse til å hente inspirasjon, dele erfaringar og bygge nettverk på tvers av bygdene i Hardanger.
Påmelding
Meld deg på til torbjorn@ungdomslag.no (mob. 95 96 94 75) innan 31. mai.
Vel møtt til ein triveleg og lærerik kveld på Vonheim!
Fleire arrangement
Sjå alleFolkedanslaget Sølja
Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus høsten 2026
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Kvar måndag
- Medlemskontingent. Åpent for nye dansere.
Rom for kultur – Kulturarenakonferansen 2026
Sentralen, Øvre Slottsgate 3, Oslo
- 1450
Folkedanslaget Sølja
Grunnkurs i gammeldans og folkedans høsten 2026
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Kvar måndag
- Voksne: 400 kr, Ungdom/student: 300 kr for hele kurset - 10 ganger (betales ved frammøte med Vipps eller kontant).