- Bunad og handverk
Bunadskurs: sy skjorta di sjølv
Noregs Ungdomslag inviterer ungdom under 26 år til kurs der du kan lære å sy di heilt eiga bunadsskjorte. Kurset er ein del av eit større prosjekt der målet er at fleire unge skal få betre kjennskap til bunadssaum og grunnleggande handverksteknikkar.
Kurset går over fire kveldar og to helgedagar.
Kurset finn stad i Oslo.
- Kulturvernets Hus, Øvre Slottsgate 2B, Oslo
- 1500,-. (2000,- for ikkje-medlemmar)

Om kurset:
Dette kurset strekker seg over fire onsdagar og ei helg i april. På kurset skal du lære korleis du tek mål, klipper opp og syr saman stoff til ei bunadsskjorte. Mønsteret tek utgangspunkt i ei stakkeskjorte frå Hallingdal og vi brukar kvalitetsstoff av 100% bomull kjøpt på Heimen Husfliden.
Du vil bruke både handsaum og maskinsaum for å ende opp med ei heilt ny bunadsskjorte som du sjølvsagt skal få ta med deg heim og bruke slik du ønskjer.
Målgruppe:
Ungdom under 26 år som ønskjer å lære korleis sy si eiga
bunadsskjorte. Det er ein føredel med litt kjennskap til symaskinsaum på førehand, men ikkje eit krav.
Kurset er støtta av Sparebankstiftelsen DnB og Studieforbundet kultur og tradisjon.
Viktige datoar
Kursøkter er desse datoane og tidene:
1: onsdag 14.oktober kl.18-21
2: onsdag 21.oktober kl.18-21
3: laurdag 31.oktober kl.10-16
4: sundag 1.november kl.10-16
5: onsdag 4.november kl.18-21
6: onsdag 11.november kl.18-21
Merk: Det er forventa at du skal delta alle gongene.

Om kurshaldaren
Instruktør på kurset er Barbro Tronhuus Storlien.
Barbro har svennebrev som buntmakar og bunadstilverkar og jobbar i dag med formidling av handverkstradisjonar i tillegg til at ho syr og broderer bunadar. Ho er ein erfaren kurshaldar innan brodering og bunadssaum, og har vore i prøvenemnd for bunadtilverkarafaget i 20 år.
Barbro har ein eigen blogg der ho delar sine tankar om bunad, broderi og livet elles.


Praktisk informasjon
Kurslokale:
Kulturvernets Hus
Øvre Slottsgate 2B, 0157 Oslo
Prisar og betaling:
Kurspris medlem i Noregs Ungdomslag: 1500,-
Kurspris ikkje-medlem: 2000,-
Prisen inkluderer
- Fire kveldar med kurs
- To dagar med kurs
- Lunsj dei to dagane med kurs
- Materiale til bunadsskjorte som du får ta med heim
Det er mogleg å betale med kort, Vipps eller faktura, både som privatperson eller som lag/bedrift.
OBS: Dersom du ynskjer å bli medlem i NU kan du ta direkte kontakt med oss før du fullfører påmeldinga (post@ungdomslag.no (mailto:post@ungdomslag.no)).
Reise og mat:
Kvar enkelt organiserer og dekker eiga reise og mat utover lunsj.
Vi anbefaler å søke lokal- eller fylkeslag om støtte til å dekke kostnader med kurs, reise og overnatting.
Påmelding:
Påmelding til instruktørkurset skjer via Checkin. Kurset har eit begrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist for påmelding er 25.september kl.23.59.
MERK: Eventuell avlysing må skje innan ordinær påmeldingsfrist. Deltakaravgift for ev. avlysing etter fristen vert ikkje returnert.
Spørsmål ang. kurset kan rettast til rita@ungdomslag.no
Fleire arrangement
Sjå alle- Folkedans
Eidsiva Fylkeslag
Sommerdans
Revyveien 2, 1718 Greåker, Norway
- 150 kr
- Folkedans,
- Teater,
- Bunad og handverk
Sommarleir 2026
Sunnmøre folkehøgskule, Ulsteinvik
- Folkedans,
- Levande kulturarv
BARNLEK 2026
Raseborg, Finland
- 250 Euro (ordinær)