Fagseminar på Folkelarm: Innhaldslister i musikkfaget - korleis ta dei i bruk?
Bli med på seminar under Folkelarm i Oslo, fredag 20. november 2026.
- Intimscenen, Riksscena, Schous Kulturbryggeri Trondheimsveien 2T, Oslo

Korleis kan vi gjere det enklast mogleg for musikklærarar å ta i bruk eit større mangfald av musikktradisjonar i undervisninga? Og kva treng læraren av kunnskap, ressursar og praktiske verktøy for at ei innhaldsliste faktisk skal bli brukt?
Det er utarbeidd innhaldslister som skal bidra til større breidde og representasjon i musikkfaget. Men vegen frå ei liste over musikk, tradisjonar og uttrykk til faktisk undervisning i klasserommet kan vere lang. Skal listene fungere som gode verktøy, må dei vere tilgjengelege, relevante og enkle å omsetje til praksis – også for lærarar som ikkje allereie har spesialkompetanse på dei ulike musikktradisjonane.
Under årets Folkelarm inviterer vi derfor til eit praksisnært fagseminar om korleis innhaldslistene kan takast i bruk i musikkfaget.
Vi spør mellom anna:
- Kva meiner feltet om innhaldslistene slik dei ser ut i dag?
- Kva treng ein musikklærar for å kunne gå direkte frå innhaldslista til undervisning?
- Trengst det lyd- og filmeksempel, bakgrunnstekstar, undervisningsopplegg, notar, øvingar eller forslag til aktivitetar?
- Korleis kan ressursane organiserast slik at terskelen for å bruke dei blir så låg som mogleg?
- Korleis sikrar vi samstundes fagleg kvalitet og god representasjon av tradisjonane og miljøa materialet byggjer på?
Vi ønskjer å samle erfaringar og konkrete innspel frå lærarar, musikarar, tradisjonsberarar, forskarar og andre fagpersonar: Kva må på plass for at innhaldslistene skal bli eit verktøy som faktisk gjer det lettare å bruke folkemusikken og folkedansen som ein inkluderande arena i skulekvardagen?
Seminaret finn stad:
Fredag 20. november
Kl. 15.30 - 16.50
Intimscenen, Riksscena, Schous Kulturbryggeri Trondheimsveien 2T, Oslo
Arrangementet er eit samarbeid mellom FolkOrg, Noregs Ungdomslag og Norsk senter for folkemusikk og folkedans.
Fleire arrangement
Sjå alleFolkedanslaget Sølja
Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus høsten 2026
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Kvar måndag
- Medlemskontingent. Åpent for nye dansere.
Folkedanslaget Sølja
Grunnkurs i gammeldans og folkedans høsten 2026
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Kvar måndag
- Voksne: 400 kr, Ungdom/student: 300 kr for hele kurset - 10 ganger (betales ved frammøte med Vipps eller kontant).