No kan laga søkje om momskompensasjon
No er det opna for å søkje om momskompensasjon for rekneskapsåret 2025, og vi oppmodar alle lag som er medlem i Noregs Ungdomslag til å sende inn ein søknad.
Momskompensasjonsordninga er ei statleg støtteordning som skal kompensere frivillige lag og organisasjonar for meirverdiavgift på varer og tenester. Måler er å styrkje frivillig aktivitet ved at meir av pengane kan gå til aktiviteten i staden for avgifter.

Kven kan søkje?
Alle lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomlag kan søkje om momskompensasjon.
Det er Noregs Ungdomslag som samordnar og sender inn ein felles søknad på vegner av alla laga i organisasjonen: Dette er i tråd med regelverket, der underledd ikkje kan søkje sjølv dersom dei er ein del av ein organisasjon.
Nytt av året
Frå og med søknadsåret 2026 krev vi at laga må ha lasta opp vedtektene sine i Hypersys for å kunne søkje. Bakgrunnen er endringar i forskrifta som tredde i kraft 1. januar 2026, som blant anna stiller klårare krav til frivillig innsats. Frivillig innsats må vere ein viktig del av heile organisasjonen, og vedtektene til laget kan dokumentere denne delen.
Korleis søkjer du?
Det er enkelt å søkje, men det krev at de har god kontroll på rekneskapen:
- Sjekk at alle formaliteter er på plass:
- Årsrapport må vere levert i Hypersys.
- Laget må vere registert i Frivillighetsregisteret
- Laget må ha valt revisor
- Laget må ha lasta opp vedtektene sine i Hypersys.
- Last ned og fyll ut transaksjonslista med oversikt over meirverdiavgift laget hadde i rekneskapsåret 2025
- Samle dei obligatoriske vedlegga som skal med:
- Godkjent rekneskap
- Revisjonsmelding
- Årsmøteprotokoll
- Send transaksjonslista med alle vedlegg til moms@ungdomslag.no innan fristen 1. juli
- Noregs Ungdomslag sentralt går gjennom søknaden og sender ein samla søknad vidare. Er det noko feil eller manglar i søknaden får de tilbakemelding på det med frist for å rette opp.
Søknaden tek utgangspunkt i dei faktiske momsutgiftene laget har hatt.
Kvifor søkje?
Momskompensasjon er ei ordning som gir direkte økonomisk gevinst for aktiviteten laget allereie har. Når de kjøper varer og tenester, til dømes til kurs, framsyning, dansekveldar eller anna lagsaktivitet, betaler de meirverdiavgift. Gjennom denne ordninga kan laget få desse kostandene tilbake.
Med dokumentert modell som Noregs Ungdomslag nyttar får laga refundert faktiske momsutgifter, noko som gjer ordninga særleg gunstig for mange.
For mange lag kan dette utgjere fleire tusen kroner kvart år. Pengane kan brukast fritt, til dømes til:
- meir aktivitet og arrangement
- lågare deltakaravgifter for medlemmar
- utvikling av nye tilbod
I tillegg er det ein fordel for heile organisasjonen at mange lag søkjer. Det synleggjer aktivitetsnivået i Noregs Ungdomslag og bidreg til eit godt grunnlag for framtidige løyvingar.
Har de spørsmål eller treng hjelp med søknaden? Ta kontakt med NU-kontoret, vi hjelper dykk gjerne!

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag
Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.
7. oktober 2026


Minnepris 2026 til ung hardingfeleutøvar frå Kvam
Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2026 er tildelt Guro Bell Berge frå Kvam i Hardanger.
6. oktober 2026


Ny rapport: Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026

