Momskompensasjon
Har laget driftskostnadar?
Alle lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag kan sende søknad om momskompensasjon. Dette er støtte til frivillige organisasjonar som har hatt meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

Det er viktig at laga får refundert så mykje som mogleg. Styret i Noregs Ungdomslag har difor gjort vedtak om at vi frå og med 2023 går over frå forenkla modell til dokumentert modell. I forenkla modell fekk laga kompensert 8% prosent av dei samla utgiftene ein hadde. I dokumentert modell får laget kompensert alle momsutgiftene.
Det tek litt tid å fylle ut søknaden og vi er klare over at det blir ein del meirarbeid i søknadsprosessen, men dei fleste av våre lag vil få utbetalt ein høgare sum etter denne modellen. Søknaden for 2023 var det fyrste året Noregs Ungdomslag hadde søknad med dokumentert modell. Skifte resulterte då i over 7 millionar i momskompensasjon til våre lokallag, kontra nesten 4 millionar med forenkla modell.
Søknadsfrist: 1. juli 2025
Laget vil få tilbakemelding om at søknaden er godkjend når vi har gått igjennom den. Dersom vi oppdagar manglar eller feil tek vi kontakt for å rette opp i dette.
Korleis søke?
Last ned transaksjonslista her.
Søknad om momskompensasjon vert sendt Noregs Ungdomslag innan fristen 1. juli. Send inn transaksjonslista og vedlegg til post@ungdomslag.no med «Søknad momskompensasjon 2025 NAMN PÅ LAGET» i emnefeltet.
Om ikkje anna er presisert vil tilsegn bli sendt til same e-post som vi får søknaden sendt frå. Noregs Ungdomslag vil etter dette kontrollere søknadane og sende felles søknad til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Utbetaling vert i siste halvdel av desember, etter vi har fått svar frå Lotteri- og stiftelsestilsynet.
For å kunne søke om momskompensasjon må laget sørge for at nokre formalitetar er i orden:
- Årsrapport med årsmelding for 2024 skal vere levert til Noregs Ungdomslag
- Kontingent til Noregs Ungdomslag må vere betalt innan utbetaling
- Laget må vere registrert i Frivillighetsregisteret
- Laget må ha valt revisor
Kva skal med i søknadsskjema?
Vedlegg som må med for alle som søker:
- Transaksjonsliste som viser faktiske meirverdiavgiftskostnadar for 2024 (Merk at transaksjonslista har nokre forandringar i år)
- Protokoll frå årsmøte gjennomført i 2025
- Godkjent rekneskap for 2024
- Signert revisjonsberetning
Transaksjonsliste
Søknaden om momskompensasjon tek utgangspunkt i faktiske meirverdiavgiftskostnadar (MVA) organisasjonen har hatt i 2024.
Transaksjonslista skal innehalde ei oppstilling over alle rekneskapsbilag med MVA for sist år og spesifisere meirverdiavgiftene. Det er ein del kostnadar som organisasjonane ikkje får kompensert (t.d. nybygg), og dei skal ikkje vere med i oppstillinga. Søknadsbeløpet er dei samla meirverdikostnadane etter at avgrensingane er gjort. Desse vert oppsummert i den fyrste arkfana i transaskjonslista.
Det er ei arkfane for transaksjonar med kvar av dei tre momsprosentane, 25%, 15% eller 12%. Sorter transaksjonslista slik at dei kjem i rett arkfane.
På billaget i rekneskapen finn ein både brutto sum og kor mykje moms som er betalt. Før dette inn på rett fane med bilagsnummer og kva det gjeld. Totalsummen for kvar momsgruppe blir automatisk summert og ført inn i arkfana som heiter «Oppsummering».
Kva skal ikkje med?
Momskompensasjonsordninga gjeld frivillig arbeid og har nokre avgrensingar.
Laga i Noregs Ungdomslag driv frivillig arbeid og det er hovudsakleg kostnadar til nybygg, påbygg eller ombygging av bygg, anlegg eller anna fast eigedom som ikkje skal med. De kan lese meir om avgrensingane på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.
Avkorting for dei laga som driv med utleige:
Dei laga som driv med kommersiell utleige til aktivitet utanfor eige lag (t.d. bryllaup) må gjere avkorting i driftskostnadane. For dei transaksjonane som gjeld drift av huset har ein ikkje rett til momskompensasjon for dei dagane huset er leigd ut. Dette er t.d. straum, vedlikehald, vasking m.m.
For å gjere det lettare å gjere eit overslag på kor mykje av driftskostnadane som skal avkortast har vi laga ei ekstra fane i transaksjonslista. Fyll inn kor stor del av huset som vert leigd ut, og tal dagar med utleige. Då får de ein «avkortingsprosent» som kan brukast i transaksjonslista.
Set inn %-verdien for avkorting i kolonna for "%-vis andel utan rett til kompensasjon" for kvart bilag
Hugs å fylle inn detaljane om laget i oppsummeringsfana. ´
Andre vedlegg
I tillegg til transaksjonslista må laget sende inn protokoll frå årsmøtet, godkjent reknskap og signert revisjonsberetning. Dersom valt revisor har signert på rekneskapet er det godt nok.
Utfylt transaksjonsliste og vedlegg vert sendt til post@ungdomslag med «Søknad momskompensasjon 2025 NAMN PÅ LAGET» i emnefeltet innan fristen 1. juli.
Les meir på Lotteri- og stiftingstilsynet sine nettsider.
Nettmøte
Vi har sett opp tre nettmøte med informasjon og rettleiing for deg som skal søke momskompensasjon:
- Torsdag 5. juni kl. 18:00
- Tysdag 10. juni kl. 12:00
- Tysdag 24. juni kl. 20:00
Nettmøte krev påmelding. Les meir her.
Fleire rettleiingar

Økonomi
Korleis søke tilskot?
Kva bør du tenke på når du skal søke om tilskot til aktivitetar eller prosjekt i laget ditt?

Lov for fylkeslaga
Alle fylkeslag må ha eigne lover. NU har utarbeidd eigne mønsterlover som kan nyttast dersom ein skal utarbeide nye eller revidere eksisterande lover. På landsmøtet i 2011 blei det vedteke nye mønsterlover for fylkeslag, og desse blei noko justert på landsmøtet i 2012 og 2016.
