Nettmøte: momskompensasjon
Alle lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag kan sende søknad om momskompensasjon. Dette er støtte til frivillige organisasjonar som har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Det er viktig at laga får refundert så mykje som mogeleg. Difor valte styret i Noregs Ungdomslag å gå over frå forenkla til dokumentert modell. I forenkla modell fekk laga kompensert 8% av dei samla utgiftene ein hadde. I dokumentert modell får laget kompensert alle momsutgiftene.
- Digitalt

2023 var det fyrste året vi gjennomførte momskompenasasjon med dokumentert modell. Overgangen frå forenkla til dokumentert modell ga laga dobbelt så mykje tilbake i momskompenasasjon som med forenkla modell.
Det tek litt tid å fylle ut søknaden og vi er klar over at dette vil skape ein del meirarbeid i søknadsprosessen, men då vi ser at det gagnar laga våre meir håper vi at de ser at det er verd bryet.
Vi har sett opp tre nettmøte med informasjon og rettleiing:
- Torsdag 5. juni kl. 18:00
- Tysdag 10. juni kl. 12:00
- Tysdag 24. juni kl. 20:00
Avhenging av mengden spørsmål varar møtet i om lag ein time.
I tillegg kan laga ta kontakt på post@ungdomslag.no for å få hjelp til å vurdere transaksjonar og avkorting. Vi er og tilgjengeleg på telefon.
Du kan lese meir om momskompenasjon her.
Nettmøte finn stad på den digitale møteplassen Teams og krev påmelding. Møtelenke blir sendt ut til påmeldte deltakarar på møtedagen.
Fleire arrangement
Sjå alle- Levande kulturarv
Kven Veit? 2026
- Teater
Instruktørkurs: Barneteater
Cornerteateret, Kong Christian Frederiks plass 4, 5006 Bergen
- 600 (+500 for ikkje-medlemmar)
Folkedanslaget Sølja
Søljas tjuendedagsball 2026
Husegutua 1, 2334 Romedal, Norway
- 750 kr