Årets lokallag 2025 er kåra!
Årets lokallag 2025 er Ungdomslaget Fram Rogne!

Noregs Ungdomslag er stolte av vår organisasjonsstruktur som er tufta på frivillig arbeid i lokalmiljøa. Det er ein føresetnad at vi er styrt nedanfrå og opp, med frivillige i lokallag, fylkeslag og eit nasjonalt styre som gir føringar til dei tilsette på kontoret.
Styret i Noregs Ungdomslag oppretta prisen for å heidre og løfte fram det makelause arbeidet lokallaga våre legg ned kvar einaste dag for å skape levande og inkluderande lokalsamfunn. Lokallaga sit på kunnskap og erfaring innan aktivitet og kulturformidling som ikkje kan erstattast. Prisen er ei viktig anerkjenning av den innsatsen og det engasjementet som lokallaga våre viser, år etter år.
I år er det fjerde gangen årets lokallag vert kåra.
Juryen si grunngjeving for årets lokallag 2025
Styret i Noregs Ungdomslag har i år nominert fem sterke kandidatar til prisen Årets lokallag: Nybrott Ungdomslag, UL Fram, Fjærland Ungdomslag, Nidelv ungdomslag og Hallinglaget i Oslo.
Bakgrunnen for prisen er ønskje om å heidre og synleggjere det viktige arbeidet lokallaga gjer kvar dag for å skape levande lokalsamfunn, inkluderande møteplassar og gode fritidstilbod over heile landet. Med prisen følgjer diplom og ein pengepremie.
Juryen vil først framheve at alle dei nominerte laga viser strålande engasjement og stor breidde i aktivitetane sine. Dei bidreg kvar på sin måte til å skape fellesskap på tvers av generasjonar, gjennom alt frå teater, dans, restaurering av lagshus og kulturformidling til kursverksemd, sosiale møteplassar og nyskapande arrangement. Fleire av laga kombinerer tradisjon og nyskaping på ein måte som styrkjer både lokal identitet og rekruttering til rørsla.
Nybrott Ungdomslag viser ein særleg sterk ståpåvilje gjennom arbeidet med å restaurere eit ungdomshus mange hadde gitt opp, og har slik gjenreist ein sentral møteplass i bygda.
UL Fram utmerker seg med eit omfattande og kvalitativt sterkt teaterarbeid, og eit breitt tilbod som når mange.
Fjærland Ungdomslag har skapt stort engasjement gjennom kreative tiltak og imponerande innsamlingsarbeid, samstundes som dei samlar bygda gjennom tradisjonsrike arrangement.
Nidelv ungdomslag viser ein imponerande breidde i aktivitetar og evne til å inkludere alle aldersgrupper, medan Hallinglaget i Oslo kombinerer lange tradisjonar med god rekruttering og fornying av folkedansen.
Juryen hadde ein grundig og engasjert diskusjon i arbeidet med å kåre ein vinnar. Det er eit høgt nivå på alle dei nominerte, og skilnadene er små.
Kåring av årets lokallag
Eitt lag peikar seg likevel ut gjennom ein særleg sterk kombinasjon av kontinuitet, kvalitet og inkluderande aktivitetar. Laget har over tid bygd opp eit imponerande kulturtilbod, med særleg tyngde innan teaterarbeid for barn og unge, og har skapt ein arena der deltakarane får utvikle seg både sosialt og kunstnarleg.
Juryen vil særleg framheve det langsiktige arbeidet med å byggje eit inkluderande fellesskap, der alle skal kjenne at dei høyrer til. Samstundes har laget eit breitt spekter av aktivitetar og arrangement som samlar lokalsamfunnet, og eit ungdomshus som fungerer som eit levande og viktig kulturhus i bygda.
På bakgrunn av dette er juryen si vurdering:
Årets lokallag er UL Fram!

Gratulera så mykje!

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Dette skjedde på Landsmøtet i 2026
Oslo, 18,-19. april - Seminar, kurs, debatt, dans og 86 røysteføre delegatar i salen: her er eit lite samandrag av kva som skjedde på landsmøtet til Noregs Ungdomslag.
19. april 2026


Fråsegner frå Landsmøtet 2026
Landsmøtet 2026 vedtok tre nye fråsegn. Les dei her!
19. april 2026


Kven Veit? 2026: Endeleg resultat
Siste tevlingsrunde med Kven Veit? 2026 er gjennomført og alle deltakarlag har sendt inn sine resultat. Under festmiddagen på Landsmøtet 2026 vart den endelege pallplasseringa kunngjort.
19. april 2026
