Hopp til hovedinnhold

Send inn Frifond-rapportFrist 6. desemberLes meir her

Arrangement

Tradisjon møter trend ei kjelde til konflikt?

Den allmenne bunadbrukarens ønskje om å pimpe opp bunaden sin, samt mangel på utdanningstilbod, var nokre av utfordringane som vart diskutert under panelsamtalen om bunadbruk i Noreg, under Arendalsveka i år.

Fra venstre: Mette Vårdal og Iver Flyum BjørloFra venstre: Mette Vårdal og Iver Flyum Bjørlo

Frivilligteltet var nesten fullt torsdag 15. august. Fagfolk, politikarar og interesserte hadde samla seg for å sjå panelsamtalen om kva som skjer om den norske bunadbruken blir innskriven på UNESCOs representative liste over menneskeheita si immaterielle kulturarv. Unni Irmelin Kvam, kjent frå Bunadspodden, leia samtalen, og hadde med seg ein bukett med spanande og kunnskapsrike gjester.

I desember vert søknaden vurdert under innskrivingsmøtet i Paraguay. Organisasjonane Norges Husflidslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Studieforbundet kultur og tradisjon, Norsk folkedraktforum og Noregs Ungdomslag har jobba saman i sju år for å få den allmenne norske bunadbruken innskriven på lista. Dei har stått på stand, delt ut informasjonshefter, arrangert innspelsmøter med folk frå heile Noreg.

- Vegen til innskriving er lang. Søknaden må gjennom fleire steg, inkludert godkjenning frå statsparten, UNESCOs sekretariat og Evaluation Body, før den endelege komiteen avgjer om den blir godkjend, fortel Eivind Falk, som har sete i UNESCOs Evaluation Body frå 2016 til 2019. Det er tre moglege utfall: ja til innskriving, nei, eller ein "referral" som betyr at søknaden må omarbeidast og kan prøvast igjen om to år.

Fra venstre: Unni Irmelin Kvam, Eivind Falk og Kornelia MinsaasFra venstre: Unni Irmelin Kvam, Eivind Falk og Kornelia Minsaas
Foto: Torunn Elise Kveen

UNESCO-kommisjonen har fem domene som søknadene må dekkje, og ifølgje Falk treffer den allmenne bunadbruken i Noreg alle saman.

- Det er eit tradisjonelt handverk, men det er også munnlege tradisjonar, ved at ein har historier rundt bunaden som blir overførte frå generasjon til generasjon. Det er utøvande kunst, då den er sterkt knytt til folkedans. Det er den tradisjonelle kunnskapen om naturen og universet, og det er høgtid og fest, seier han.

Ifølge Falk brukar vi også bunaden på ein heilt særeigen måte i Noreg. Vi brukar den til fest, høgtid, folkedans og middag på slottet.

- Men å redusere bunaden til berre eit plagg blir feil, ifølgje Falk. Bunaden skaper kontakt og dialog, og kan brukast av alle. Det finst knapt eit meir kontaktskapande plagg i Noreg, og det er denne kombinasjonen av mangfald, tradisjon, kreativitet og tilhøyrsle som gjer at UNESCO vurderer å skrive den norske bunadbruken inn på den representative lista.

Andelen norske kvinner som eig ein bunad har no stige til 80%, medan andelen menn ligg på litt over 20%. Ei rask handsopprekking i teltet viste at alle i publikum hadde både ein eller fleire bunader. Dei siste ti åra har også interessa for bunad auka monaleg. 

For å synleggjere den immaterielle kulturarven administrerer UNESCO lister og fortegnelser over verdas immaterielle kulturarv. Det er tre ulike lister og fortegnelser, som alle har ulike føremål:  UNESCOs representative liste over menneskja si immaterielle kulturarv (Representative List of the Intangible Cultural Heritage of Humanity) skal bidra til å løfte fram og synleggjere den immaterielle kulturarven. Lista skal også auke medvitet om tydinga av immateriell kulturarv og konvensjonen, samt oppmuntre til dialog og kreativitet.  UNESCOs liste over immateriell kulturarv med umiddelbart behov for vern (List of Intangible Cultural Heritage in Need of Urgent Safeguarding) skal gi oversikt over immateriell kulturarv som står i fare for å forsvinne, og bistå i arbeidet med å sikre vidareføring av sårbar kunnskap og sårbare praksisar gjennom vernetiltak.  UNESCOs fortegnelse over gode vernepraksisar (Programmes, projects and activities for the safeguarding of the Intangible Cultural Heritage) skal gi oversikt over og spreie informasjon om program, prosjekt og aktivitetar som sikrar vidareføring av immateriell kulturarv og som på ein god måte ivaretek konvensjonen sine prinsipp og målsetjingar.  Dei fem domena til UNESCO: - Munnlege tradisjonar og uttrykk - Utøvande kunst - Sosiale skikkar, ritual og festivitetar - Kunnskap og praksis som gjeld naturen og universet - Tradisjonelt handverk  Kjelde: Store norske leksikon: immateriell kulturarvFor å synleggjere den immaterielle kulturarven administrerer UNESCO lister og fortegnelser over verdas immaterielle kulturarv. Det er tre ulike lister og fortegnelser, som alle har ulike føremål:  UNESCOs representative liste over menneskja si immaterielle kulturarv (Representative List of the Intangible Cultural Heritage of Humanity) skal bidra til å løfte fram og synleggjere den immaterielle kulturarven. Lista skal også auke medvitet om tydinga av immateriell kulturarv og konvensjonen, samt oppmuntre til dialog og kreativitet.  UNESCOs liste over immateriell kulturarv med umiddelbart behov for vern (List of Intangible Cultural Heritage in Need of Urgent Safeguarding) skal gi oversikt over immateriell kulturarv som står i fare for å forsvinne, og bistå i arbeidet med å sikre vidareføring av sårbar kunnskap og sårbare praksisar gjennom vernetiltak.  UNESCOs fortegnelse over gode vernepraksisar (Programmes, projects and activities for the safeguarding of the Intangible Cultural Heritage) skal gi oversikt over og spreie informasjon om program, prosjekt og aktivitetar som sikrar vidareføring av immateriell kulturarv og som på ein god måte ivaretek konvensjonen sine prinsipp og målsetjingar.  Dei fem domena til UNESCO: - Munnlege tradisjonar og uttrykk - Utøvande kunst - Sosiale skikkar, ritual og festivitetar - Kunnskap og praksis som gjeld naturen og universet - Tradisjonelt handverk  Kjelde: Store norske leksikon: immateriell kulturarv

Pimpa bunadar: ein konsekvens av levande kulturarv?

Samfunnsdebattant Kornelia Minsaas fortel at blant unge i dag har bunad blitt eit statussymbol. I hovudstaden er det i større grad vanleg å velje bunad utifrå kva ein likar best, som har resultert i at mange veljar beltestakken frå Telemark. Samstundes er det mange som ikkje har bunad, anten fordi ein ikkje har eit forhold til bunad eller fordi ein ikkje har råd.

- Det fører til at mange unge føler seg ekskluderte. Å sy sin eigen fantasistakk har blitt meir og meir populært, som ein konsekvens av dette, seier ho.

- Det er ikkje nok å ha lyst til å sy – vi må kunne sy, seier bunadstilverkar Barbro Tronhuus Storlien. I dag er det fire fylke som ikkje tilbyr Vg2 saum og tekstil i det heile tatt. Dersom Husfliden i Skien ønskjer ein lærling, så får dei ikkje ein lokal lærling frå Telemark. Dette er mindre attraktivt, fordi lærlingen truleg vil flytte etter avslutta læretid, som fører til tap av fagkunnskap, seier ho.

- Det er dei færraste av dei som får seg bunad som har teke saum og tekstil. Vi må passe på at denne kunnskapen, og kvifor det er viktig med handarbeidet og korleis ting blir laga, ikkje berre er noko ein skal lære på ei linje, men vi må lære tidlegare, seier representant frå Unge Venstre, Iver Flyum Bjørlo. Om ikkje får du et kunnskapskille som ikkje er sunt, meiner han.

- Det er i skjeringspunktet mellom dei tradisjonsberande bunadsentusiastane og handverkarane, og dei allmenne bunadbrukarane, at det kan oppstå utfordringar, seier historikar og kulturarbeidar Mette Vårdal. Ho legg til at tradisjonen frå 18- og 1900-talet er i utakt med korleis dei fleste brukar bunaden i dag.

- Korleis skal vi ta imot desse nye bunadbrukarane? Dei siste ti åra har vi sett bunader som «pimpes», og det har kome andre måtar å bruke bunaden på, spør Kvam.

- Det er viktig å hugse på at utfordringa med immateriell kulturarv er at det er ein levande tradisjon. Og levande tradisjonar er alltid i endring. Om ein frys ein levande tradisjon, døyr ho, seier Falk. Dette er både kjernen og utfordringa. Ein kan skrive noko inn på lista, og oppleve at elementet som er skrive inn endrar seg så mykje over tid at tradisjonen ikkje lenger svarar til kriteria, seier han.

- Både trendar og tradisjon endrar seg, men trendar endrar seg i eit høgt tempo, og er kostbart. Tradisjon er berekraftig, og endringane skjer mykje saktare. Spørsmålet er kanskje om vi har ryggrad til å ta den ideologiske kampen med bunadbrukarar som vel festdrakt, eller alternative skjorter? Å bytte ut ei silkeskjorte for kvar sesong er kostbart, seier Vårdal.

- Ungdom under 35 år ikkje har det same forholdet til husflid som den eldre generasjonen, seier Minsaas. Dei er vaksne opp med netthandel og reklame på mobiltelefonen, og er sjeldan ute i butikkane for å kjenne på materiala. Dei får opp influensarar på sosiale medium som har fått sponsa silkeskjorta si av bunadsforhandlarar, og blir påverka av dette. Dette bidreg til å skape forvirring rundt kva ein bunad eigentleg er, meiner ho.

fra venstre: Unni Irmelin Kvam, Eivind Falk, Kornelia Minsaas, Barbro Storlien, Åslaug Sem-Jakobsen, Mette Vårdal og Iver Flyum Bjørlofra venstre: Unni Irmelin Kvam, Eivind Falk, Kornelia Minsaas, Barbro Storlien, Åslaug Sem-Jakobsen, Mette Vårdal og Iver Flyum Bjørlo
Foto: Torunn Elise Kveen

Etter UNESCO? Kva no?

I 2020 vart Nidaros’ restaureringsverkstad skreve inn på UNESCOs liste over gode vernepraksisar. Dette er ein av tre lister som omhandlar den immaterielle kulturarven, i tillegg til den representative lista, og lista over trua immateriell kulturarv. Nidaros’ restaureringsverkstad samarbeidde med fleire land for å sikre handverkstradisjonen som trengst for å ta vare på dei gamle katedralane i Europa.

- Å gå fleire saman er ein fordel, då det fostrar samarbeid og fellesskap på tvers av landegrenser, eller organisasjonar, som er tilfellet i bunadsnominasjonen, seier Falk.

Men er ei innskriving ein garanti for vern?

Tradisjonsmusikken og dansen frå Setesdal vart skrive inn på UNESCOs representative liste i 2019. Anbjørg Lien, som er tilsett i Agder Fylkeskommune for å jobbe med bevaring av kulturen i Setesdal, har uttrykt uro for at Setesdal kulturen er utfordra. Dei slit med å ha kunnskaps- og tradisjonsberarar som kan føre det vidare til yngre generasjonar, og som eit resultat av dette vurderer dei å søke om overføring frå den representative lista til lista over trua immateriell kulturarv.

Det var ei forventing om auka økonomisk støtte etter innskrivinga, seier Åslaug Sem-Jakobsen frå Senterpartiet, som var opposisjonspolitikar på Stortinget då Setesdal vart skrive inn. Å få verdsarvstatus er diverre ikkje ein garanti for plass på statsbudsjettet. Sem-Jakobsen bidrog til at Setesdal fekk ein eingongsløyving på ein million kroner ekstra i 2022, men etter dette falt dei bort frå budsjettet.

Vårdal tek til ordet for at ansvaret først og fremst må ligge hos dei som søkjer om verdsarvstatus. Ein kan ikkje vente på økonomisk støtte frå staten, eller forvente at dei skal ta over ansvaret, meiner ho.

- Om det blir skrive inn 6. desember, så er alle dykk på UNESCOs verdsarvliste! Tenk på det då, folkens! Seier Vårdal.

- Eg har stor tru på at å få bunadbruken på UNESCO-lista vil få mange positive ringverknader, seier Minsaas. Det som er utruleg bra med bunaden er at det er eit allment plagg. Det er veldig trendy, folk vil bruke den, samanlikna med andre typar kulturtradisjonar. Vi må spreie kunnskap om tilverkinga, og kvaliteten, og gjere unge som skal bruke bunaden, klar over materiala, og korleis ein tar vare på desse plagga, seier ho.

Den endelege avgjerda om bunadbruken blir innskriven på UNESCOs liste over representativ immateriell kulturarv kjem truleg 6.desember.

Tekst: Lene Storhaug