Kongens fortenestemedalje til Ann Helen Lundekvam
Laurdag 11. januar blei ein stor dag for Ann Helen Lundekvam. Under bunadfesten til Sogn og Fjordane Ungdomslag fekk ho tildelt Kongens fortenestemedalje for sitt langvarige arbeid med å ta vare på draktskikken i Sunnfjord.

Bunadfesten blei halden i Borgja på Ålhus for å feire at norsk bunadbruk no er skrive inn på UNESCO si representative liste over immateriell kulturarv. Rundt hundre menneske var samla for å sjå danseframsyning, høyre musikk, talar og ete rømmegraut. I tillegg heldt Hege-Therese Nilsen frå Norges Husflidslag eit humoristisk innlegg om bunadar, «Med skråblikk på rette saumar», der publikum fekk vise fram sine eigne bunadar.
Generalsekretær i Noregs Ungdomslag, Magni Hjertenes Flyum, var til stades for å snakke om kvifor bunadbruken i Noreg har komen på UNESCO si representative liste over immateriell kulturarv. Ho var sjølv til stades i Paraguay 5. desember i fjor, då innskrivinga skjedde.

Ann Helen Lundekvam var invitert for å fortelje om sitt arbeid med å rekonstruere mannsbunaden frå Sunnfjord. Men det ho ikkje visste, var at både ordførar Jenny Følling og andre kommunetopp-politikarar hadde ein stor overrasking til henne.
– Eg har med ei helsing frå kongen, sa ordføraren frå talarstolen. - Hans majestet Kong Harald har tildelt Ann Lundekvam kongens fortenestemedalje.
Lundekvam vart tydeleg rørt og overraska då ho gjekk opp på scena for å ta imot medaljen. Ho hadde ikkje ana kva som var i vente, sjølv om slektningar hadde reist langt for å vere til stades.

Leiar i Sogn og Fjordane Ungdomslag, Hildegunn Risnes Gjelsvik, meinte medaljen var svært fortent:
– Dette viser kor viktig bunadbruken er, ikkje berre lokalt, men nasjonalt og internasjonalt. Ann Lundekvam sitt arbeid har vore viktig, sa Gjelsvik.
Gjennom snart femti år har Lundekvam dokumentert og rekonstruert gamle draktskikkar frå Sunnfjord, både kvinne- og mannsbunadar. Ho har halde kurs og gjeve opplæring for å sikre at kunnskapen lever vidare.
I samarbeid med Sunnfjord Museum, Midtre Sunnfjord husflidslag og Norsk institutt for bunad og folkedrakt, har ho rekonstruert bunadar som ligg svært tett opp mot dei originale draktene frå Sunnfjord frå perioden 1800-1850. Arbeidet Lundekvam hadde lagt ned fekk rosande omtale frå Bunad- og folkedraktrådet og vart omtalt som eit uvanleg stort og omfattande arbeid med høg kvalitet og handverkspresisjon.
Lundekvam har brukt mykje tid på dette arbeidet som frivillig, driven av lidenskap for bunadtradisjonar. Ordførar Følling rosa henne for innsatsen:
– Du har aldri telt timar, berre ny kunnskap. Og du har delt denne kunnskapen med andre. Mange bunadar har blitt til med di hjelp, inkludert min eigen bunadsjakke!

Ann Helen Lundekvam sitt arbeid har ført til både lokal og nasjonal interesse for bunad- og draktspørsmål. Ho har vore ein autoritet i spørsmål om materiale, teknikkar og tradisjon, og arbeidet ho har lagt ned gjennom fleire tiår har vore med på å få den norske bunadbruken inn på UNESCO-lista med eit solid og veldokumentert kunnskapsgrunnlag.
Difor har Hans Majestet Kong Harald V tildelt henne Kongens fortenestemedalje.
Ann Helen Lundekvam, fødd i 1943, er gift, har tre barn og fem barnebarn, og bur på gard på Lundegrend i Gaular. Ho er framleis aktiv i bunadsarbeidet, og held innlegg og føredrag, og inspirerer stadig nye generasjonar til å ta vare på bunadtradisjonane.
Noregs Ungdomslag gratulerer Ann Helen Lundekvam med den velfortente utmerkinga!

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Stem på Årets lokallag 2025
Prisen for Årets lokallag i Noregs Ungdomslag vert delt ut for fjerde gong under landsmøte i Oslo 18-19. april 2026. I år er fem lag er plukka ut etter nominasjonsrunden, og fram til 13. april kan du stemme på det laget du meiner fortener å bli kåra til Årets lokallag!
27. mars 2026


Fleirtal for momskompensasjon for organisasjonseigde kulturbygg
Det er no fleirtal på Stortinget for å innføre momskompensasjon til organisasjonseigde kulturbygg. Etter mange år med politisk arbeid ligg det no an til eit historisk gjennombrot for frivillig eigde kulturarenaer over heile landet.
26. mars 2026


Søk gjesteinstruktør for hausten 2026
Skal de arrangere kurs i løpet av hausten og vil ha besøk av ein instruktør? Søk innan 1.mai på gjesteinstruktørordninga vår for kurs gjennomført mellom 1.august og 31.desember 2026.
25. mars 2026
