- Folkedans
Dansekurs: runddansteknikk og Rogalandsmasurka
Arrangør: Rogaland Ungdomslag og Bondeungdomslaget i Stavanger
Helga 17.-19. oktober 2025 er det NU-helg i Stavanger der vi mellom anna inviterer til teaterkurs laurdag kl. 10-16. Kurset foregår i Siddis-stova, i lokala til Bondeungdomslaget i Stavanger.
- Siddis-stova, Rektor Oldens gate 17, Stavanger
- 500 (+ 250,- for ikkje-medlemmar)

Om dansekurset
Årets dansekurs under NU-helga er todelt og passar for deg som ønskjer å utvide repertoaret og lære meir om grunnleggande danseteknikk. Heile kurset vil ha fokus på dansar innan runddansfamilien.
Del 1) Med utgangspunkt i runddansformene vil instruktør Ina Maria Cyrus jobbe med rytme, svikt og balanse, samt det å lytte til musikken når ein dansar. Grunnleggande teknikkar i folkedans er nyttig uavhengig av kva dansar ein ønskjer å danse. Ina er ein erfaren dansar og instruktør.
Del 2) Ingrid Oftedal Gjesdal og Anne Marie Nerby har det siste året jobba med ei revidert nedteikning av masurka frå Rogaland. Dei vil gå gjennom dette arbeidet på kurset og jobbe med dansestil og rytme basert på filmar frå 80-talet.
Som deltakar er du med på begge delane av kurset.
Om instruktørane
Ina Maria Cyrus har instruert både barn, unge og vaksne gjennom lokallag, prosjekt og satsingar. Ina har brei kjennskap til folkedanssjangeren og vil dele villig av sin kunnskap.
Ingrid Oftedal Gjesdal og Anne Marie Nerby er begge aktive folkedansinstruktørar i Rogaland. Dei har begge vore instruktørar for leikarringer i ei årrekkje. Dei har óg teke folkedansstudium på Universitetet i Trondheim.
Musikarar på kurset er Gaute Hadland og Stig Helgeland, begge frå Vibå Spelemannslag.
Målgruppe
Kurset passar både for deg som har dansa ei god stund og for deg som er litt meir ny på dansegolvet
Tidsplan
10:00 Kurs
13:00 Lunsj
14:00 Fortsetjing kurs
16:00 Kurs ferdig
18:00 Middag
19:30 Dansefest
Påmelding opnar om kort tid.
Har du spørsmål om kurset, ta kontakt med kulturrådgjevar Rita Sirirud Vatnehol, rita@ungdomslag.no
Bli med på dansekurs!
Ta turen til Stavanger og lær deg Rogalandsmasurka og grunnleggande danseteknikk!

Kurset får støtte frå
Besøk nettsiden til Studieforbundet kultur og tradisjon
Studieforbundet kultur og tradisjon er eit studieforbund for frivillige organisasjonar som driv opplæring i folkeleg kultur som husflid, handverk, folkedans, teater, kystkultur og lokalhistorie, med meir. Noregs Ungdomslag var ein av stiftarane av studieforbundet.
Fleire arrangement
Sjå alleLista Ungdomslag
Onsdagsdans på Nortun
Nordbygdveien 183, 4560 Vanse, Norway
- Medlem i ungdomslag kr 20,- / Ikke medlem kr 50,-.
Folkedanslaget Sølja
Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
Folkedanslaget Sølja
Grunnkurs i gammeldans og folkedans
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Voksne: 400 kr, Ungdom/student: 300 kr for hele kurset - 10 ganger (betales ved frammøte med Vipps eller kontant).