Årsrapport for lokallaga
Fristen for å levere årsrapport var 1. mars. Ta kontakt om de ikkje fekk levert innan fristen.
Under finn du alle spørsmåla som blir stilt i årsrapporten. Sjå gjerne over dei før du startar med å fylle ut, slik at du veit at du har all informasjon du treng før du skal starte. Du fyller ut årsrapporten i Hypersys.
Når årsrapporten er fylt ut skal den bli signert, anten av styreleiar eller to styremedlemmar.
Lukke til.

Før de skal fylle ut årsrapporten er det eit par ting som må vere gjort i Hypersys fyrst:
- Legg inn alle medlemmar for 2025
- Oppdatere til det nyaste styret
Har de spørsmål om årsrapportutfylling så er det berre å ta kontakt med NU-kontoret på +47 24 14 11 10 eller på post@ungdomslag.no. Vi er tilgjengelege på telefon i kontortid, men om det ikkje passar for deg så er det berre å sende ein e-post, så avtalar vi eit tidspunkt for ein telefonsamtale på kveldstid.
De kan laste ned hjelpedokument med alle spørsmåla til årsrapporten her:
Årsrapporten skal bli levert i Hypersys. Logg inn på www.ungdomslag.hypersys.no, og klikk deg inn på Årsrapport i menylinja.
Frist for å levere årsrapport er 1. mars for lokallag og 1. april for fylkeslag.
Tips og triks for medlemslista:

Kvifor levere årsrapport innan fristen?
- Grunnlaget for tilskot
Årsrapporten dokumenterer medlemstal og aktivitet, og ligg til grunn for statstilskot, Frifondmidlar og støtte til drift, kurs og tiltak i Noregs Ungdomslag. Mykje av desse midlane går direkte ut til lokallaga igjen, og styrkar sentralleddet i arbeidet med å vere ein ressurs for laga. - Krav for å søke midlar lokalt
Lag må ha levert årsrapport for å kunne søke blant anna Frifond og momskompensasjon. - Mindre tid på purring, meir tid på aktivitet
Når rapportar ikkje kjem inn i tide, må administrasjonen bruke mykje tid og ressursar på purring og oppfølging. Tidleg levering frigjer kapasitet til å støtte laga betre på andre ting. - Synleggjer aktiviteten i organisasjonen
Tala blir brukte til rapportar som viser breidda og verdien av det arbeidet laga gjer.
Takk for at de leverer årsrapporten innan fristen!