Hopp til hovedinnhold

Sommarleiren 2026Påmeldingsfrist 15. maiLes meir og meld deg på her!

Årsrapport for lokallaga 2024

Under finn du alle spørsmåla som blir stilt i årsrapporten. Sjå gjerne over dei før du startar med å fylle ut, slik at du veit at du har all informasjon du treng før du skal starte. Du fyller ut årsrapporten i Hypersys.

Når årsrapporten er fylt ut skal den bli signert, anten av styreleiar eller to styremedlemmar.

Lukke til.

Før de skal fylle ut årsrapporten er det eit par ting som må vere gjort i Hypersys fyrst:

  • Legg inn alle medlemmar for 2024
  • Oppdatere til det nyaste styret

Har de spørsmål om årsrapportutfylling så er det berre å ta kontakt med NU-kontoret på +47 24 14 11 10 eller på post@ungdomslag.no. Vi er tilgjengelege på telefon i kontortid, men om det ikkje passar for deg så er det berre å sende ein e-post, så avtalar vi eit tidspunkt for ein telefonsamtale på kveldstid.

De kan laste ned hjelpedokument med alle spørsmåla til årsrapporten for lokallaga her.

Årsrapporten skal bli levert i Hypersys. Logg inn på www.ungdomslag.hypersys.no, og klikk deg inn på Årsrapport i menylinja.