Hopp til hovedinnhold

Bunadbruk

Saman med Norges Husflidslag, Norsk folkedraktforum, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, og Studieforbundet kultur og tradisjon, har Noregs Ungdomslag sidan 2017 arbeidd for å fremje den allmenne, norske bunadbruken gjennom prosjektet Bunadbruk.

Målet i første omgang har vore å spreie informasjon og skape større interesse for bunadbruken i Noreg og setje fokus på viktigheita av å ta vare på kunnskapen om dei tradisjonelle handverksteknikkane brukt i produksjon av bunadar og tilbehør.

Organisasjonane har samarbeidd om å skrive ein nominasjonssøknad til Unesco si Representative liste over menneskeheita si immaterielle kulturarv. Staten Noreg sendte denne søknaden våren 2023 og vi håpar på ei innskriving på lista i slutten av 2024.

Medan vi ventar på svar jobbar organisasjonane saman og kvar for seg for å setje fokus på bunadbruk og handverket.

Les meir om samarbeidet på www.bunadbruk.no.

Bunadskledde dansarar i ringBunadskledde dansarar i ring

Samarbeidspartnarar

  • Logo beståande av namn på organisasjon og åttebladsrose.

    Besøk nettsiden til Norges Husflidslag

    Norges Husflidslag er en medlemsorganisasjon med over 350 lokale husflidslag og 19 fylkeslag. I tillegg til over 20.000 enkeltmedlemmer, er også profesjonelle husflidhåndverkere og husflidsbutikker knyttet til organisasjonen.

  • Logo med namn på organisasjon og illustrasjon av bunadssølje. Logo med namn på organisasjon og illustrasjon av bunadssølje.

    Besøk nettsiden til Norsk Folkedraktforum

    Norsk Folkedraktforum er ein landsdekkjande organisasjon som arbeider med bunader som er i samsvar med den folkelege draktskikken i Noreg.

  • Logo beståande av namn på institutt samt illustrasjon av par ikledd bryllaupsklede i bunad. Logo beståande av namn på institutt samt illustrasjon av par ikledd bryllaupsklede i bunad.

    Besøk nettsiden til Norsk institutt for bunad og folkedrakt

    Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) er eit nasjonalt kompetansesenter som arbeider med dokumentasjon, forsking og formidling av folkedrakt og bunad.

  • Logo Studieforbundet kultur og tradisjonLogo Studieforbundet kultur og tradisjon

    Besøk nettsiden til Studieforbundet kultur og tradisjon

    Studieforbundet kultur og tradisjon er eit studieforbund for frivillige organisasjonar som driv opplæring i folkeleg kultur som husflid, handverk, folkedans, teater, kystkultur og lokalhistorie, med meir. Noregs Ungdomslag var ein av stiftarane av studieforbundet.