Egil Bakka
Egil Bakka vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 2019.

Egil Bakka (1943) vart utnemnd som heidersmedlem i Noregs Ungdomslag under landsmøtet.
Bakka er den tiande heidersmedlemmen i Noregs Ungdomslag si 123-årige historie, så det er utnemning som hengt høgt.
Bakka har vore medlem i Noregs Ungdomslag i ei årrekkje og interessa hans for norsk folkedans hadde sin start i organisasjonen.
Egil Bakka er i dag professor i folkedans, og er med dette den i ungdomslagsrørsla som har den høgste akademiske tittelen innan aktivitetane våre. I nordisk folkedansmiljø er han rekna som den store teoretikaren og forskaren, med store kunnskapar også på det praktiske utøvande plan. Noregs Ungdomslag har hatt enorm nytte av Egil Bakka, ikkje minst gjennom ei mengde fagbøker han har forfatta om folkedans.

Fleire heidersmedlemer

Hulda Garborg
Hulda Garborg vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1921.
Grunngjevinga for utnemninga: «Ho har gjeve oss songdansen og gått i brodden for arbeidet med å ta uppatt norsk klædebunad.»

Elias Melvær
Elias Melvær vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1921.

Gunnar Rødal
Gunnar Rødal vart utnemnd som heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 2001.