Hopp til hovedinnhold

Sommarleiren 2026Påmeldingsfrist 15. maiLes meir og meld deg på her!

Kladdebok med oppteikning om bunad og dans

Norsk senter for folkemusikk og folkedans samarbeider med Noregs Ungdomslag om å digitalisere og gjera tilgjengeleg samlinga etter Klara Semb. Kvar månad publiserast ein ny del av samlinga på Digitalarkivet.

KSa006 "Kladdebok med oppteikning om bunad og dans"

I dag deler vi ein skatt frå den fyrste delen av Klara Semb si samling som er tilgjengeleg på Digitalarkivet: KSa006 "Kladdebok med oppteikning om bunad og dans". Denne kladdeboka blei brukt som kjelde i den reviderte versjonen av "Norske Folkedansar, turdansar", publisert i 1991.

Denne reviderte utgåva av turdansane er eitt vidare arbeid av boka "Norske Folkedansar" av Klara Semb, publisert for første gang i 1922.

Denne siste reviderte utgåva frå 1991 blei omarbeidd og utvida av ei nemnd i Noregs Ungdomslag som bestod av Egil Bakka, Kåre Herdlevær, Liv Midttun, Tor Stallvik, Dag Vårdal, og Turid Mørk Øfstaas. I merknadene til dansen Ril frå Sandsvær, Buskerud kan me lesa følgande opplysningar (side 153):

"I ei av Klara Sembs handskrivne notatbøker (A6) finn me ei nedteikning av dansen som kan vera den fyrste, meir eller mindre direkte etter kjelda. Det kan likevel òg vera førearbeid til 1935-utgåva, for det er ein god del andre notat i boka som kan peika i den lei.»

Heile kladdeboka finn du her.

Hele bokstaven A på Digitalarkivet finnes her.

Biletet viser den første scanna sida av kladdeboka etter Klara Semb
Første sida av kladdeboka etter Klara Semb