Hopp til hovedinnhold

Sommarleiren 2026Påmeldingsfrist 15. maiLes meir og meld deg på her!

Klara Semb 140 år!

I 2024 er det 140 år sidan Klara Semb vart fødd. Klara er rekna som ein pioner innan både bunad- og folkedansfeltet i Noreg, og ho hadde eit livslangt engasjement for norsk kultur generelt. Dei initiativa Hulda Garborg sette i gang på byrjinga av 1900-talet innan folkedans- og bunadsarbeidet, var det Klara Semb som greidde å gi varig liv til. Ho var den første til å skrive ned norske dansar med tanke på vidareformidling, ho reiste land og strand rundt for å halde kurs, og la grunnlaget for den organiserte opplæringa innan norsk folkedans. Ho starta òg opp det som i seinare tid er kjend som Norsk institutt for bunad og folkedrakt.

«Det var eit uvanleg arbeid eg kom til å velja i livet. Det låg i grunnen utanom alle andre yrke, og det vart i grunnen ikkje rekna med, i alle fall ikkje i den tidi. Det gav meg heller ikkje dei trygge kåri som eit yrke bør gje, det gav meg ingen tittel, kanskje heller ingen posisjon, og det sikra meg ingen sorglaus alderdom. Men det gav mykje glede. Og for meg var det då heller ingen annan veg å gå, det var norskdomsaki som hadde vorte livssaki mi.» sitat Klara Semb

Klara Semb vart fødd 17.oktober 1884, og vaks opp på vestkanten i Oslo. På den tida var det lite som skulle tilseie at ho kom til å bli ein av dei store forkjemparane for norskdomsrørsla. Ho skal ha utala at ho heller ville døy enn å ta landsmålsord som «jenta», «stein» og «bein» i sin munn. Dette kom til å endre seg da ho var i slutten av tenåra. I 1902, da Klara var 18 år, starta ho i Bondeungdomslaget i Oslo, der ho vart kjend med Hulda Garborg. Her vart ho introdusert for songdansen. Allereie året etter, i 1903, vart ho med på ein danseferd til Stockholm, som skal ha gjort djupt inntrykk på den unge kvinna. I 25-årsskrifta for Noregs Ungdomslag skriv nemleg Hulda: «På turen til Stockholm var ei reint ung gjente med som synte sers givnad for dans og song. Det var Klara Semb, ho som sidan kom til å gjera so mykje godt arbeid for songdansen». I åra som følgde skipa Klara fleire leikarringar, samtidig som ho hadde ei deltidsstilling i avisa 17de Mai, var med i Det Norske Spellaget og var skodespelar ved Det Norske Teatret.

Klara Semb i Setesdalsbunad
Klara Semb/Norsk institutt for bunad og folkedrakt
tre mennesker i bunad som dansar
Klara Semb heldt dansekurs / Norsk senter for folkemusikk og folkedans

Folkedanspioneren

«Det er vel no ei 20 aar sidan fru Hulda Garborg kom i Bondeungdomslaget og lærde oss folkevisedans. Av henne høyrde eg der dei fyrste folkevisor. Det tok meg sterkt. Dei var eit bod fraa forfedredom, desse visone – eit band millom fyrr og no.»

- Klara Semb, Fyreord, Rettleiding um dansen, 1922

I 1911 fekk ho stipend for å reise til Færøyane for å studere songdans, som var og er ein levande dansetradisjon der. Da ho kom tilbake var ho så inspirert av alt ho hadde sett og lært, at ho sa opp alle dei andre jobbane sine, for å satse fullt og heilt på målsaka og norsk folkedans, og reise rundt omkring i heile Noreg for å halde kurs. Etter eit lengre opphald i Amerika gav ho i 1922 ut Norske Folkedansar I. Dansevisor, og året etter kom Norske Folkedansar II. Rettleiding um dansen, som innehaldt detaljerte skildringar av kvar dans, med tilhøyrande skjema og fotografiar. Mellom 1917 og 1958 gav ho ut i alt 4 rettleiingsbøker om norsk folkedans i 17 ulike utgåver. Arbeidet hennar står att som eit av dei viktigaste verka i folkedansarbeidet i Noregs Ungdomslag, og for norsk folkedans generelt. Frå 1920-talet og fram til sin død i 1970 var Klara Semb den store autoriteten innan norsk folkedans. Ho lærte opp om lag 400 000 ivrige dansarar, og la grunnlaget for folkedanspedagogikk og instruktøropplæringa.

Å kle seg til folkedans

Folkedansen er nært knytt til den tradisjonelle påkledninga. Tone Eidsvold skriv om forholdet mellom folkedans og bunad i Magasinet Bunad Nr. 1, mai 2020: «...stakkens lengde og vidde med skoning, ga en stødighet til dansen som vi ikke fikk gjennom vanlige klær». Hulda Garborg var også opptatt av dette, og når ho hadde med seg leikarringen sin rundt for å vise fram den norske folkedansen, stilte dei opp i bunad. Dei bunadene som da fyrst og fremst vart tatt i bruk var Hulda-drakta, som var den fyrste bunaden Hulda utforma. Dette var ein forenkla variant av bunaden frå Øvre-Hallingdal, med lågare og større liv, utan forkle og med mindre stoff i stakken.

For Hulda var det viktig å utforme ein drakttradisjon i Noreg som var praktisk, kvinnefrigjerande, kunne lagast av lekfolk, og som fremma norske materiale. Ho gjekk derfor bort frå liv sydd i importert, fransk silke, til fordel for livkjolar i ull, med lokalt forankra ullgarnsbroderi. Dei nye norske kleda måtte vere praktiske, og mogleg å lage sjølv, og ho gjekk ikkje av vegen for å «lempe ho til», der ho meinte den gamle draktskikken vart for upraktisk og utanlandsk. Klara Semb fortsette arbeidet som Hulda hadde lagt grunnlaget for, men var av ein annan oppfatning enn sin forgjengar. Mange av bunadene som blei laga i denne perioden var laga av folk utan inngåande kunnskap om handverkstradisjonen, og ein fekk mange moderniserte utgåver, i billegare materialar. Dei gamle bunadene var laga på ein slik måte at det ville bli for dyrt for ungdommane å lage. Klara såg dette på eit tidleg tidspunkt, og var rask med å rope varsku. Ho meinte Hulda sin metode viska bort gamle tradisjonar og særeigenskapar ved folkedrakttradisjonane, og var uroleg for utvatninga av bunadene.

Ein sirkel av ungdommar frå BUL Nidaros i bunad som dansar
BUL Nidaros på stemna 1954 Steinkjer / Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Tre kvinner i Hardamgerbunad og koneskaut, og Klara Semb som demonstrerar korleis ein setter det på
Klara Semb demonstrerar korleis ein setter på koneskaut / Norsk senter for folkemusikk og folkedans

Landsnemnda for bunadsspørsmål

Klara reiste rundt i bygder som leiklærar på ei tid da bunadstradisjonen framleis var i live, og brukte høve til å prate med dei som både brukte bunaden og hadde inngåande kunnskap om handverkstradisjonen. Gjennom denne prosessen fekk ho samtidig innblikk i den sosiale bakgrunnen for dei ulike bunadstradisjonane, og kvifor dei brukte eller hadde tilgang til materiale dei hadde. Denne arbeidsmetoden som Klara tok i bruk, utkrystalliserte seg til eit bunadsprogram som skilte seg betrakteleg frå Hulda Garborg. Ho foreslo fleire tiltak for å bøte på problemet, og oppretta Landsnemnda for bunadsspørsmål i 1947, først som eit internt organ i Noregs Ungdomslag, seinare som eit offentleg oppnemnt rettleiingsorgan. Dette blei seinare kjend som Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Hovudfokuset for nemnda var fyrst og fremst kvalitet, og Klara slo fast dette som grunnlaget for alt ansvarleg bunadsarbeid. Kravet om kvalitet var einstydande med respekt for Klara – det handla om å forstå kvifor bunadene var akkurat slik som dei var.

Denne djupe respekten Klara Semb hadde for bunadene, kom til uttrykk i dei strenge krava ho stilte til korrekt kopiering. Ho var heilt konsekvent i sitt standpunkt: Det dei gamle gjorde, det bør vi og kunne gjera. Ho var streng i alt som hadde med bunader å gjere; frå bruk, korleis den skulle bærast, heilskap og detaljar. Og du var heller ikkje rett kledd om du ikkje hadde rett hovudplagg. Tone Eidsvold minnast dette i artikkelen «Kledd for dansen» frå Magasinet BUNAD i mai 2020, der ho kunne fortelje at Klara stoppa eit opptak til eit fjernsynsprogram i samband med hennar 80-årsdag på 60-talet, for å vippe håret hennar. Ifølge Klara var det viktigare å vere riktig kledd enn å halde tidskjema, og TV-produksjonen måtte finne seg i å vente.

Ettermæle

verv. Ho var styremedlem i Noregs Ungdomslag frå 1927 til 1946, og var del av styret som gjekk i protest då Nasjonal Samling forsøkte å ta over Noregs Ungdomslag under okkupasjonen. Ho var leiande ekspert i Landsnemnda for bunadsspørsmål frå 1947 til 1965. I 1954 vart ho utnemnt som riddar av St. Olavs Orden for sitt omfattande arbeid for norsk folkedans og norsk bunadstradisjon. Same år vart ho utnemnd som heidersmedlem i Noregs Ungdomslag.

«Eit av dei store trea i norsk reisingsarbeid er borte. Men røtene vil gje kraft til dei mange som vil halde arven i ære.»

- Knut Fortun, Ervingen 1970

Bilete av Klara Semb
Klara Semb / Norsk senter for folkemusikk og folkedrakt

Kjelder:

Sælid, Kristoffer, Ho tok oss med : festskrift til Klara Semb på 80-årsdagen, Noregs Boklag, Oslo 1964

Hodna, Ørnulf, Mona Klippenberg, Jan Kløvstad, Knut Lauvrud, Kari Margrete Okstad og Nils Seland, Ungdomslaget : Noregs ungdomslag 1896-1996, Det Norske Samlaget, Oslo 1995

Ervingen: lagsblad for Bondeungdomslaget Ervingen. 1970 Vol. 5 Nr. 4

Klara Semb: Store Norske Leksikon

Klara Semb: Norsk biografisk leksikon

Magasinet BUNAD Nr.1, mai 2020

Bilete:

Norsk institutt for bunad og folkedrakt/Klara Semb-samlinga

Norsk senter for folkemusikk og folkedans/ Klara Semb-arkivet