Samarbeidspartnarar
NU verdset samarbeid som ein viktig del av arbeidet vårt. Vi har gleda av å samarbeide med ulike organisasjonar og institusjonar som bidrar til å berike og styrke aktivitetane våre, og som gir oss moglegheiter til å tilby endå meir til medlemmene våre. Her kan du bli kjend med kven vi samarbeider med.

Internasjonalt
Besøk nettsiden til UNESCO
FNs organ for kultur- og utdanningssamarbeid. Noregs Ungdomslag er akkreditert som ekspertorganisasjon innan UNESCOs konvensjon for vern av immateriell kulturarv.
Besøk nettsiden til ICH NGO Forum
Noregs Ungdomslag er del av det internasjonale nettverket ICHNGO-Forum. Det er eit nettverk for ikkje-statlege organisasjonar (NGO) som er akkreditert av UNESCO og som arbeidar for å ivareta immateriell kulturarv.
Besøk nettsiden til Forbundet Nordlek
Forbundet Nordlek er eit nordisk samarbeidsorgan som arbeider for å fremje den tradisjonelle nordiske folkekulturen. Forbundet har røtter i dei store nordiske folkedansstemna som har vore arrangert sidan 1920, og skipar i dag til NORDLEK og BARNLEK kvart tredje år i tillegg til mindre stemne som Havleikur, Isleik, Grønlek, Ålek, og Nordiske Folkekulturkongressar. NU har vore med heilt frå starten, og er einaste norske medlemsorganisasjon.
Besøk nettsiden til CIOFF – Internasjonalt råd for folkelore- og folkekunstorganisasjonar
CIOFF er ein internasjonal kulturell privat organisasjon (NGO) i formelle rådgivande kontakt med UNESCO. Organisasjonen har som føremål å ta vare på, marknadsføre og formidle tradisjonell kultur og folklore. NU administrerer Cioff Noreg, og formidlar informasjon til lag i NU og FolkOrg.
Besøk nettsiden til North-European Amateur Theatre Alliance
Nettverk for amatørteaterorganisasjonar i Nord-Europa.
Paraplyorganisasjonar
Besøk nettsiden til Frivillighet Norge
Frivillighet Norge er eit koordinerande organ for arbeidet frivillige organisasjonar gjer i forhold til offentlege utgreiingar og prosjekt. Organisasjonen har om lag 300 medlemsorganisasjonar, og NU er ein av desse.
Besøk nettsiden til Kulturalliansen
Kulturalliansen er ein paraplyorganisasjon for kulturfrivilligheita, og arbeider for å samle, auke og utvikle kunnskapen om det frivillige kulturlivet og formidle kunnskapen vidare. Noregs Ungdomslag var med å stifta Kulturalliansen i 2016.
Besøk nettsiden til LNU – Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar
LNU er ein paraplyorganisasjon for barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg. Noregs Ungdomslag stod i spissen for skipinga av forløparen til LNU på 50-talet, og har ved fleire høve hatt leiaren, eller vore med i styret. Noregs Ungdomslag er i dag observatørmedlem i LNU, og kan delta i alle fora.
Besøk nettsiden til Studieforbundet kultur og tradisjon
Studieforbundet kultur og tradisjon er eit studieforbund for frivillige organisasjonar som driv opplæring i folkeleg kultur som husflid, handverk, folkedans, teater, kystkultur og lokalhistorie, med meir. Noregs Ungdomslag var ein av stiftarane av studieforbundet.
Besøk nettsiden til VOFO – Vaksenopplæringsforbundet
VOFO er paraplyorganisasjonen for alle offentleg godkjente studieforbund i Noreg. VOFO arbeider for å fremje vaksnes læring og støtter studieforbundas arbeid gjennom politisk påverknad, nettverksbygging og kompetanseutvikling. Noregs Ungdomslag var ein sterk pådrivar for å etablere organisasjonen, og er i dag representert i VOFO gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon.
Dans og musikk
Besøk nettsiden til Norsk senter for folkemusikk og folkedans
Norsk senter for folkemusikk og folkedans er et ledende kompetansesenter for folkemusikk og folkedans, og vi arbeider for å fremme, verne, og videreføre norske folkemusikk- og folkedanstradisjoner. Tidlegare kjend som Rådet for folkemusikk og folkedans. Noregs Ungdomslag er med i representantskapet.
Besøk nettsiden til Riksscenen for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans
Riksscenen for nasjonal og internasjonal for folkemusik, joik og folkedans og blei stifta av Noregs Ungdomslag, Juoigiid Searvi, FolkOrg og Samspill International Music Network. Riksscenen held til på Schausplass i Oslo og har som føremål å vere ein nasjonal møteplass for aktørar innanfor sektoren og publikum.
Besøk nettsiden til Stiftinga Hilmar Alexandersen
Stiftinga Hilmar Alexandersen er ei ideell stifting som skal vere ein arena for å fremje tradisjonskultur og kultur som næring. Stiftinga har som formål å gjennomføre ein årleg folkemusikkfestival med konsertar, kurs og andre aktivitetar knytt til tradisjonsmusikk, -song og –dans. Noregs Ungdomslag er medstiftar.
Besøk nettsiden til Norsk Folkemusikklag
Norsk folkemusikklag (NFL) har som føremål å fremja forsking, dokumentasjon og formidling av kunnskap om folkedans og folkemusikk. Noregs Ungdomslag er medlem i Norsk Folkemusikklag.
Besøk nettsiden til FolkOrg
FolkOrg - Organisasjon for folkemusikk og folkedans har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrkje deira rolle og vilkår i samfunnet, og med det fremje både kulturarv og god folkehelse. NU og FolkOrg samarbeider på mange område for å styrke folkedansen og folkemusikken i Noreg.
Besøk nettsiden til JM Norway
JM Norway, tidlegare kjend som Musikk og Ungdom, er den norske seksjonen av Jeunesses Musicales International (JMI) – verdas største internasjonale nettverk for musikk og ungdom. Noregs Ungdomslag gjekk inn i ein samarbeidsavtale med JM Norway i 2007.
Teater
Besøk nettsiden til Den mangfaldige scenen
Den mangfaldige scenen (DMS) er eit barne og ungdomsteater der unge mellom 6 og 26 år får uttrykke seg, lære og skape teater. Teatret tar utgangspunkt i den store og varierte kulturelle rikdommen som unge har med seg, og gi kvar enkelt høve til å ta i bruk og utvikle sine skapande evner i samarbeid med kunstnarar. Vi får fram nye uttrykk i møte mellom dei unge sine interesser og kulturarvar. Teatret vil vere ein plattform for framtidige kunstnarar. DMS er eigd av Noregs Ungdomslag, BUL Oslo og Det Norske Teatret.
Besøk nettsiden til Det Norske Teatret
Det Norske Teatret er eit av Noregs største teatre, og speler på nynorsk. Noregs Ungdomslag er ein av dei største luteigarane, saman med ei lang rekke av lokallaga våre. Teatret har eit målpolitisk råd som skal gje råd om målbruken ved teatret og andre kulturpolitiske emne som rådet sjølv tek opp. Noregs Ungdomslag peikar ut éin av tre medlemmar i valnemnda for Det Norske Teatret.
Besøk nettsiden til Dramas
Dramas er ei teneste for amatørteatergrupper og skolar/kulturskolar i Noreg. Dei formidlar manus til lesing, behandlar søknadar om speleløyve og betaler ut royalties til dei som sit med rettane til manusa.
Besøk nettsiden til Frilynt Norge
Frilynt Norge er ein stor amatørteaterorganisasjon som er vokst ut av den delen av ungdomslagsrørsla på austlandet som ikkje gjekk inn i Noregs Ungdomslag, og har i dag både ungdomslag, teaterlag, skulerevyar m.m. som medlemmar. Frilynt og NU samarbeider godt på mange område, og særleg på teaterfeltet.
Besøk nettsiden til Norsk Amatørteaterforbund
Norsk Amatørteaterforbund (NATF) er ein samanslutning av amatørteatergrupper, foreiningar, lag og stiftingar med amatørteater som hovudverksemd. NU og NATF samarbeider godt på teaterfeltet.
Bunad og handverk
Besøk nettsiden til Norges Husflidslag
Norges Husflidslag er en medlemsorganisasjon med over 350 lokale husflidslag og 19 fylkeslag. I tillegg til over 20.000 enkeltmedlemmer, er også profesjonelle husflidhåndverkere og husflidsbutikker knyttet til organisasjonen.
Besøk nettsiden til Norsk Folkedraktforum
Norsk Folkedraktforum er ein landsdekkjande organisasjon som arbeider med bunader som er i samsvar med den folkelege draktskikken i Noreg.
Besøk nettsiden til Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) er eit nasjonalt kompetansesenter som arbeider med dokumentasjon, forsking og formidling av folkedrakt og bunad.
Nynorsk
Besøk nettsiden til Noregs Mållag
Noregs Mållag arbeider for å styrkja nynorsk som bruksspråk og å tryggja den reelle retten til å vera nynorskbrukar. Mållaget har lenge satsa mykje på skulemål og offentleg målbruk. Noregs Mållag vart skipa i 1906, og er ein nær samarbeidspartnar for Noregs Ungdomslag.
Besøk nettsiden til Nynorsk kultursentrum
Stiftinga Nynorsk kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet i Ørsta og Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Stiftinga gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt. Høgdepunktet er Dei nynorske festspela i Ivar Aasen-tunet i slutten av juni, ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen. Noregs Ungdomslag er ein av stiftarorganisasjonane.
Besøk nettsiden til Norsk Barneblad
Norsk Barneblad er eit blad for barn på nynorsk. Det vart skipa i 1887 og er blant dei eldste barneblada i verda som endå kjem ut. Bladet kjem ut 12 gonger i året og inneheld artiklar, teikneseriar og lesarstoff. Noregs Ungdomslag vel medlemmar til styret og rådet for bladet. Alle medlemmar i NU under 14 år får bladet tilsendt fire gonger i året.
Besøk nettsiden til Nynorsk pressekontor
Nynorsk Pressekontor (NPK) har sidan starten i 1969 levert stoff på nynorsk til aviser og andre medium landet rundt. Stiftinga Nynorsk Pressekontor inngjekk i 2007 eit tett samarbeid med Norsk Telegrambyrå (NTB), som i dag står for drifta av kontoret. Stiftinga har eit styre på sju medlemer, der NU oppnemner to av medlemmene
Besøk nettsiden til Stiftinga Vener av Dag og Tid
Saman med Noregs Mållag og Kringkastingsringen har Noregs Ungdomslag danna Stiftinga Vener av Dag og Tid. Stiftinga har som føremål å samle inn pengar til den nynorske vekeavisa Dag og Tid. NU oppnemner to styremedlemmar til stiftinga.
Besøk nettsiden til Det Norske Samlaget
Samlaget er eit stort nynorsk forlag og ein viktig kulturinstitusjon. Dei har mellom anna gjeve ut mange bøker som NU har for sal, særleg innan folkedans.
Besøk nettsiden til Nynorsk forum
Nynorsk forum er eit samarbeidsorgan for nynorske institusjonar, organisasjonar og bedrifter. Forumet drøftar viktige spørsmål om nynorsk i kulturlivet og samfunnet, og kjem med felles prioriteringar til statsbudsjettet kvart år. Generalsekretær og leiar i Noregs Ungdomslag deltek i forumet.
Samfunnsengasjement
Besøk nettsiden til Av-og-til
Av-og-til er ein alkovettorganisasjon som ønskjer å bidra til å redusere dei negative følgjene av alkoholbruk i samfunnet og gjere kvardagen tryggare for alle. Noregs Ungdomslag har vore med sidan starten.
Besøk nettsiden til Folkehøgskoleforbundet
Folkehøgskoleforbundet er ein idé-, interesse og fagorganisasjon for norsk folkehøgskule. Forbundet formar og formidlar idéane til den frilynte folkehøgskulen og skal arbeide for folkehøgskulen sin plass i det norske samfunnet. Samtidig arbeider Folkehøgskoleforbundet kontinuerleg overfor myndigheitene for å sikre så gode rammevilkår som mogleg.
Besøk nettsiden til Foreningen Norden
Foreningen Norden arbeider for å styrke og utvikle det folkelege, nordiske samarbeidet. Noregs Ungdomslag er medlem i Foreningen Norden.
Besøk nettsiden til FN-sambandet
FN-sambandet blei stifta i 1946, og er ein norsk organisasjon med føremål å informere om FN og FNs arbeid. Noregs Ungdomslag er medlemsorganisasjon i FN-sambandet.
Besøk nettsiden til Ole Vig-fondet
Ole Vig-prisen går til ein ungdom mellom 20 og 35 år som har gjort ein framifrå kulturell innsats i Ole Vigs ånd. Ein Ole Vig-prisvinnar må ha gjort ein meir enn vanleg god innsats innanfor folkeopplysningarbeid og/eller kunst eller kulturarbeid medrekna idrett. NU utpeikar ein styremedlem til fondsstyret.
Besøk nettsiden til Hovudorganisasjonen Virke
NU er medlem av denne arbeidsgjevarorganisasjonen. Organisasjonen har tariffavtale og nyttar nokre av Virke sine kurstilbod.

Vil du samarbeide med oss?
Vi er alltid på utkikk etter gode samarbeidspartnarar som deler våre ambisjonar om eit demokratisk og kulturrikt samfunn. Ta gjerne kontakt for å diskutere eit samarbeid.