Hopp til hovedinnhold

Sommarleiren 2026Påmeldingsfrist 15. maiLes meir og meld deg på her!

Trygg organisasjon

Noregs Ungdomslag er tufta på eit frilyndt grunnsyn der vi har ein inkluderande samværskultur med trygge og rusfrie møteplassar, der alle blir møtt med respekt uansett alder, bakgrunn, politisk ståstad og livspraktisering.

Ungdommar på sommarleir som sitt i ein sofa.

Verneombod

Det er oppretta verneombod for Noregs Ungdomslag som medlemmar kan melde inn saker til. Verneomboda skal vere ein nøytral kontaktperson og kan bistå medlemmar i kontakten med sitt lokallag der dei føler dette er vanskeleg.

Verneombod for Noregs Ungdomslag er:

Marit Kvamen, styremedlem
E-post: marit@ungdomslag.no
Tlf:90236420

Mona Husby, Organisasjonsrådgjevar
E-post: mona@ungdomslag.no
Tlf: 482 40 354

Du kan og ta kontakt med generalsekretær Magni Hjertenes Flyum
E-post: magni@ungdomslag.no
Tlf: 934 22 756

Varsling i Noregs Ungdomslag

I Noregs Ungdomslag tar vi varsling på alvor. Vi er forpliktet til å skape eit trygt og inkluderande miljø for alle medlemmar, frivillige og tilsette. Dersom du opplever eller observerer noko som strider mot Noregs Ungdomslag sine retningslinjer eller verdiar, oppfordrar vi deg til å varsle om det. Varsling bidrar til å sikre og oppretthalde eit trygt og respektfullt miljø for alle i Noregs Ungdomslag.

Eit par som dansar i bunad på landsmøtefesten til Noregs Ungdomslag
Mal

Trygg organisasjon

Etiske retningslinjer for lag

Mal til etiske retningslinjer for lokallag.