Bli med på ungdomssamling under folkedansfestivalen DANSDANSDANS i Oslo i januar 2027!
Samlinga er for unge folkedansarar, og det blir både dansekurs og instruktørkurs på dagtid, og dansefest på kvelden!
Førebels program
Laurdag 30. januar
10:00 - Oppstart kurs
Vel dansekurs eller instruktørkurs, sistnemnde i samarbeid med FolkOrg)
12:30 - Lunsj
13:30 - Fortsetting kurs
16:30 - Kurs slutt
17:00 - Ungdomsdansefest på Riksscena m/ pizza
19:00 - Dansefest på Riksscena
Sundag 31. januar
10:00 - Kurs
12:30 - Lunsj
13:15 - Kurs
15:00 - Avslutning
Det vil bli kurs i både bygdedans, runddans og turdans med eit knippe ulike, unge instruktørar. Det er mogleg å velge instruktørkurs laurdagen, som vil gå parallelt med dansekurs. Begge kursa er samme staden og vil ha felles lunsj og pausar.
Med atterhald om endringar!
Målgruppe
Kurshelga er for ungdom frå 16 år og oppover, som ynskjer å danse mykje og møte andre som også likar å danse folkedans.
Stad
Kursa skjer i to salar på Subsdans, Trondheimsveien 2K, 0560 Oslo.
Dansefest skjer på Riksscena, berre eit steinkast frå kurslokalet.
Pris
Kursavgift: Pris kjem.
Kursavgifta inkluderer kurs i to dagar, lunsj begge dagar, middag (laur) samt dansefest laurdag.
Reise og overnatting dekker og ordner du sjølv. Søk gjerne lokal- eller fylkeslag om støtte.
Påmelding
Informasjon kjem.
Påmeldingsfrist: torsdag 14. januar kl. 23:59.
Spørsmål?
Kontakt solveig@ungdomslag.no / 473 98 764.
Fleire arrangement
Sjå alleFolkedanslaget Sølja
Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus høsten 2026
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Kvar måndag
- Medlemskontingent. Åpent for nye dansere.
Folkedanslaget Sølja
Grunnkurs i gammeldans og folkedans høsten 2026
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Kvar måndag
- Voksne: 400 kr, Ungdom/student: 300 kr for hele kurset - 10 ganger (betales ved frammøte med Vipps eller kontant).
