Hopp til hovedinnhold
Kurs
  • Folkedans

Eldsjelsamling i Trondheim (Dansespor)

Vil du vere ein av dei 25 som får gullbilletten til ei rå helg i Trondheim, med masse påfyll av kunnskap og inspirasjon?

  • Trondheim
  • Gratis!
dansere

Bli med på Eldsjelsamling med Dansespor i Trondheim 6.-7. desember 2025! Samlinga er i regi av Norsk senter for folkemusikk og folkedans, og vi i Noregs Ungdomslag vil sterkt anbefale samlinga til våre medlemmer med interesse for å skape meir danseaktivitet lokalt!

Denne helga skal vi dykke ned i korleis vi kan nå det breiare publikum, høyre meir om festivalar og folkedansklubbar, og korleis vi saman kan få til mykje av det komande Danseløftet i regi av Sparebankstiftelsen DNB. Vi skal bli inspirert til å bruke effektive arbeidsmetodar når vi vil ha med oss eige lokallag på gode idear! I tillegg vil vi sjå på ulike bygdedanstradisjonar frå flere stader i landet, jobbe særleg med musikk-dans forholdet i dei ulike tradisjonsområda, og sjå det i samanheng med eldre arkivmateriale. Her skal vi lytte med kroppen på dansegolvet, i lag med ein knallbra dansepedagog!

Vi tilbyr ulike inspirasjonsaktiviteter, som å jobbe med metodar for å formidle dansen, bli kjend med ulike bygdedanstradisjonar, og inspirasjon og hjelp med å starte eige prosjekt.

Dei ulike og parallelle Lab´ene du kan velge mellom på denne Ildsjelsamlinga er:

  • ProsjektLab: muligheten til å sette av tid og få inspirasjon og hjelp med tanker og metoder til prosjektplanlegging/aktivitet du DU ønsker å gjennomføre i ditt lokalmiljø!
  • DanseLab: temaet denne gangen er ulike bygdedanstradisjoner og deres kjennetegn. Vi skal også dykke ned i arkivet i denne økta!

Samme helg er det mye som foregår i byen, og vi har lagt samlingen på disse datoene av en grunn! Både fredag og lørdag kan du oppleve knallbra konserter – for da kommer nemlig Ævestaden, Pumpegris og den heftige Tuvas Blodklubb til Verkstedhallen!!

Les meir om samlinga her.

Fleire arrangement

Sjå alle
  • Levande kulturarv

Kven Veit? 2026

Kurs
  • Teater

Instruktørkurs: Barneteater

Cornerteateret, Kong Christian Frederiks plass 4, 5006 Bergen

  • 600 (+500 for ikkje-medlemmar)

Folkedanslaget Sølja

Søljas tjuendedagsball 2026

Husegutua 1, 2334 Romedal, Norway

  • 750 kr